Arina (19) og Christian (71) er kanskje Noregs mest usannsynlege podkastduo
Ein av Noregs rikaste menn var ikkje vanskeleg å be då Høgre-talentet Arina Aamir (19) kom med ideen om å lage podkast saman.

– Vi kom så godt overeins. Eg tenkte at her har vi det Noreg treng i podkastverda.
Høgre-politikar Arina Aamir Sheikh hadde lenge hatt lyst til å lage podkast, men syntest det var vanskeleg å kome opp med eit konsept som ville skilje seg ut i podkastjungelen. Så møtte ho næringslivstoppen Christian Ringnes (71).
Framtida.no møter 19-åringen frå Groruddalen på takterrassen på Grand Hotel saman med ein av Noregs rikaste menn eit par timar før dei skal ha lanseringsfest for podkasten sin Rett på.
Framand tanke
Ringnes innrømmer at han ikkje hadde tenkt tanken om å starte podkast.
– Eg har enorm glede av å gjere ting eg ikkje kan, og i dette tilfellet er det å lage podkast, seier finansmannen, som ofte har sete på den andre sida av mikrofonen.
Aamir er Oslos yngste bystyrerepresentant for Høgre. 19-åringen fortel at det uvanlege samarbeidet skjedde veldig spontant.
Ho tok kontakt med næringslivstoppen for å diskutere korleis dei kunne gjere Oslo til ein meir attraktiv by for turistar og tilreisande. Ringnes avslutta samtalen med å spørje om det var noko han kunne gjere for ho.
– Då vart det taust i ca. 15 sekund, og så seier ho: Eg kunne ha god lyst til å lage ein podkast saman med deg, humrar Ringnes.
Rake motsetningar
Ho er frå Oslo aust, han frå Oslo vest. Ringnes har heile karrieren vore i næringslivet, Aamir i politikken. Aamir synest motsetningane i kjønn, alder og etnisk bakgrunn er interessante.
– Det er mange motsetningar, men så kjem vi likevel fram til dei same løysingane, seier Aamir.
Det har vore lite usemje mellom podkastmakkerane. Dei trur det handlar om målet deira med podkasten. Duoen ønskjer å dempe polariseringa og heller byggje bruer.
– Vi har lyst til å opplyse gjennom podkasten. Temaa vi snakkar om er ofte tema i alle fall min generasjon lærer veldig mykje om gjennom sosiale medium gjennom kortast mogleg klipp på 10–15 sekund. Anten det er Gaza-krigen eller Trump eller kva enn det skal vere. Så vi har med oss ekspertar på kvart sitt felt som kan fortelje oss litt meir om desse problemstillingane, forklarar Aamir.
I podkasten koplar Aamir ofte på personlege opplevingar, medan Ringnes set ting i historisk kontekst. Sjølv om dei snakkar om alvorlege tema med gjestane, er det ofte mykje latter og morosame historier.
– Blir det noko temperatur i episodane?
– Temperatur blir det, men vi held likevel ein fin tone. Vi har ein ganske fin tone i norsk politikk generelt, opplever Høgre-politikaren.
– Vi prøver å halde på grunntanken om at det skal vere interessant og det skal vere engasjerande, men det er jo ikkje temperatur i den forstand at vi blir uhøflege og avbryt kvarandre og seier stygge ting, skyt Ringnes inn.
Politisk prat
Når Framtida.no møter podkastduoen, har dei nettopp lagt ut sin første episode – ein samtale med NRK-korrespondent Yama Wolasmal.
– Allereie i dag har eg fått meldingar om at mange har lært mykje nytt om Midtausten, og ting dei ikkje visste om i det heile. Og då har vi jo oppnådd noko, seier Arina.
Ringnes avslører at det er Aamir som har stått for det meste av planlegginga, både av lanseringa og sjølve podkasten. Det var ho som kom opp med eit utval gjester, og så vart dei saman samde om kven dei ville snakke med.
På lista står politikarar som Kjell-Magne Bondevik (KrF), Sylvi Listhaug (Frp) og Abid Raja (V), men òg utanrikskorrespondentane Yama Wolasmal og Espen Aas.
Gjesten som står lengst unna dei to, som begge føler seg heime på høgresida i politikken, er Marthe Gerhardsen. Ho er statssekretær for Arbeidarpartiet i Forsvarsdepartementet.
– Men likevel, der fann vi mykje vi var samde om. Det er ganske brei tverrpolitisk semje om at Forsvaret er noko vi skal prioritere no, at vi skal ruste opp. Og det er interessant å høyre korleis ho og regjeringa gjer dei prioriteringane, seier Aamir.
Ringnes opplever at heile Noreg er ganske sosialdemokratisk, og stort sett vil dei same tinga.
– Veldig levande
Blant temaa dei tar opp i episodane er Midtausten, EU, forsvar og ungdomskriminalitet.
Ringnes synest intervjuobjekta er på sitt beste når dei fortel personlege historier om ting dei har opplevd.
– Det blir veldig levande når nokon fortel førstehands frå reportasje frå eit terrorangrep, når nokon fortel om bomber som fell. Eller når nokon fortel om personlege ubehag som dei har hatt i politikken. Det blir veldig sterkt.
Aamir sat fleire gonger med tårer i augo under innspelinga.
– Men noko eg synest er litt morosamt, er at gjestane våre har møtt veldig mange av dei største leiarane i verda. Vi får høyre korleis Putin var som leiar då han først kom til makta og korleis Erdoğan var. Det er menneske som er så fjerne for oss. Ja, vi ser dei i media og ser kva dei gjer av krigføring eller kjem med av utspel, men vi kjenner jo ikkje mennesket. At gjestane våre har sete rundt eit bord med dei, hatt møte med dei, ete middag med dei og kjent dei over lengre tid, er veldig interessant for oss å høyre.
Tankevekkar
Ringnes vart overraska over at han og Aamir var så like.
– Du ventar jo at ein 19-åring som har pakistansk bakgrunn, vil vere veldig ulik frå ein som stort sett har vakse opp, kva er det du plar å kalle det, Arina? Blenda-kvitt, heile livet sitt. Men så ser vi at som menneske og i verdisettet, så er vi ganske like.
Aamir er samd, og synest det er ein tankevekkar.
– Vi er så vande til i desse dagar at ein skal setjast i bås. Men når ein først set seg ned og snakkar saman, så kjem ein jo eigentleg fram til ganske mange av dei same løysingane, og vil eigentleg det same for samfunnet ein lever i, og for seg sjølv.
Ringnes poengterer at det nok òg handlar litt om personlegdomane deira.
– Eg trur Arina vart vaksen veldig tidleg, og eg trur, heldigvis eller dessverre, at eg aldri klarte å bli gammal, seier 71-åringen lurt, og Aamir bryt ut i latter.