Hiwar (29) ville vinne eit gåvekort – no er hobbyen jobben hans
I 2020 deltok Hiwar Nheli i ein mangakonkurranse for å vinne eit gåvekort på 1000 kroner. Han enda opp med langt meir.

Denne saka er ein utvida versjon av eit intervju som først vart publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.
Eigentleg var Hiwar Nheli berre gira på å få eit gåvekort på 1000 kroner frå Outland då han deltok i teiknekonkurransen deira. I staden ville Outland at han skulle teikne meir for dei. No står boka Mantikorens Kongerike i butikken, og han er ein mangaka – ein skapar av manga.
Lærte tysk gjennom anime
Hiwar vart fødd i Nord-Irak og budde der til han var seks år. På TV-en såg han anime på kurdisk. Då han kom til Noreg, var ikkje teiknestilen eller underhaldninga den same, så han enda opp med å ikkje sjå på barne-TV på norske kanalar.
– Du har barne-TV frå NRK, som er bra. Men så har du Dragon Ball, som er episke kampar med romvesen, superstyrke, energistråle. Det var så mykje meir fengslande, forklarer Hiwar.
I Irak var det krig, og den påverka òg Nord-Irak. Foreldra til Hiwar ville følgje med på krigen, men det var ikkje så god mediedekning på norske kanalar. Derfor fekk dei på plass ei antenne som henta inn kanalar frå kurdisk TV.
Men for ein sjuåring, var ikkje krigen det Hiwar ville følgje med på. Ein dag etter skulen bladde han og søskena mellom kanalar, og snubla over ein tysk kanal. Det tyske språket var ukjend, men teiknestilen til serien var ikkje til å ta feil av: det var japansk anime. Dette vart programmet han såg på då han kom heim frå skulen.
– Vi lærte oss tysk før vi kunne engelsk. Det var eit sjokk for alle lærarane då eg byrja på ungdomsskulen, seier Hiwar lattermildt.
«Japan-nerd»
No er Hiwar lærar på ein folkehøgskule, der han underviser i korleis å teikne i den japanske teiknestilen manga. I tillegg reiser han til skular og held kurs.
– Når eg reiser rundt og spør kor mange det er i klassen som les manga, så kan eg få fem-seks stykk som rekk opp handa, seier han.
Det er ei stor endring frå då han var ung.
– Om eg hadde fått det spørsmålet då eg gjekk på skulen, så ville eg nøla veldig med å løfte handa mi, seier han.
Hiwar opplevde å bli mobba fordi han likte manga og anime. Han fortel at då han var yngre, var det rart å lese manga. «Er du sånn sær Japan-nerd?» var eit spørsmål han fekk for interessa si.
– Det var nokre fæle opplevingar. Til den dag i dag skjønar eg ikkje kvifor mi interesse skapte så mykje vondsinn, fortel han.
Men no seier han at dette er snudd heilt på hovudet.
– Fleire av dei som før såg på meg som om eg var rar, dei likar mangaar no, forklarer han.
Verda er ikkje svart-kvit
Hiwar opplevde at noko mangla i fantasilitteraturens verd. Det er ofte godt mot vondt som er den store kampen i forteljinga. Det ville ikkje Hiwar at skulle vere hans forteljing.
– Eg tykkjer det er mykje meir spanande når du har ein skurk, som ikkje berre er vond. Plutseleg gjer skurken noko som er venleg, eller helten gjer noko som ikkje var så hyggeleg, seier han.
Dette meiner Hiwar er viktig, for det gjer heltane og skurkane meir realistiske.
I tillegg var det greitt å gå vekk frå dragar, som ofte er det store, slemme monsteret. I staden henta han fram mantikoren, som kan sporast tilbake til persiariket.
Nordmenn og kurdisk mat
Det er blandinga av kurdisk mytologi, japansk teikneseriestil og norske karakterar som gjer Mantikorens Kongerike litt ekstra spesiell, tykkjer Hiwar.
– Menneska som er med i mangaen er basert på det norske folk, men med mykje kurdisk kultur, som mat. Eg syns det er veldig gøy å teikne nordmenn som et kurdisk mat, ler han.
Sidan familien flytta til Noreg, har Hiwar budd fleire stadar i Noreg, mellom anna Fredrikstad, Steinkjer og Oslo.
– Vi flytta fem-seks gongar i kvar stad vi budde i. Og det som er gøy med å ha sett så mykje av Noreg, er at eg kan bruke det i forteljingane mine, seier han.
Mellom anna er skogen i serien ein norsk skog.
– Det er den type skog eg er glad i. Eg har brukt mykje av det eg syns er vakkert med Noreg, og fått det inn i forteljinga.