Ny teikneseriebok om ein av Noregs mest berykta tjuvar
Gjest Baardsen levde på 1800-talet og har i etterkant blitt omtala både som ein meistertjuv og ein folkehelt. Dette fascinerte Trond J. Stavås i så stor grad han berre måtte lage ein teikneseriebok om forbrytaren.

Denne saka vart først publisert hjå systeravisa vår, Framtida Junior.
Gjest Baardsen levde frå 1791 til 1849. Han kom frå Sogndal, men brukte store delar av livet sitt på rømmen.
– Gjest reiste rundt i heile Noreg og var ein tjuv. Han vart gjerne fengsla for lovbrota sine, for så å rømme frå fengselet – gong på gong, fortel teikneserieskapar Trond J. Stavås.
Trond var ikkje i tvil om at han måtte gi ut ei bok om Gjest Baardsen – tjuven som skildra seg sjølv som «meistertjuv», «pikenes jens» og «folkehelt».
Ein snill tjuv
– Gjest såg på seg sjølv som ein snill tjuv – ein tjuv som tok frå dei rike og gav tilbake til dei fattige. Og trass i om vi ikkje veit kva som er sant og ikkje av dette, er det slik Gjest Baardsen er framstilt i boka mi, fortel Trond.
I boka til Trond les vi om at Gjest er på jakt etter Noregs største skatt – Den gylne fjørpenn. Pennen, laga av ekte gull, blei brukt til å skrive Grunnlova på Eidsvoll med i 1814. Gjest må stele denne skatten for å redde barna på ein barneheim.
– Det meste som skjer i boka, er fantasi frå mitt eige hovud, men nokre hendingar har faktisk skjedd, seier Trond.
Rundlurer lensmannen
I boka får lesaren til dømes lese om då Gjest forsøkte å rømme frå fengsel ved å kle seg naken, smørje seg inn med såpe og forsøke å presse seg gjennom eit trongt hol – men han endar med å sette seg fast. Dette skjedde faktisk.
– I boka får ein òg sjå og lese at Gjest lurer lensmannen inn i handjern, for så å springe av garde med nøklane, ler Trond og fortel at også dette er ei ekte hending.
Spennande og morosam
I boka Mestertyven Gjest Baardsen, som er meint for barn mellom 9 og 12 år, får lesaren altså innblikk i det innhaldsrike livet til ein kriminell på 1800-talet. Framfor alt håpar Trond at den i utgangspunktet seriøse tematikken, skapar spenning og glede hos lesarane.
– Eg trur barn og unge synest det er spennande med tjuvar og kriminelle, fordi ein får eit innblikk i eit veldig annleis liv. Sidan det er fiksjon så ser ein det utanfrå, og lesaren veit at det tjuven gjer er gale, seier Trond.
– Gjer det som gir deg glede
Trond trur og håpar at boka ikkje inspirer lesarane til stele og vere kriminelle. Men kanskje kan dei lære noko av Gjest likevel.
– Gjest valte livet som kriminell fordi han likte å vere ein tjuv – ikkje fordi han skulle få lovord og rikdom, men fordi han rett og slett likte å stele. Så kanskje også lesarane kan bli meir medvitne om kva som gir dei glede og gjere meir av nettopp den tingen. Men helst at den tingen ikkje er å stele, ler Trond.