Les deg opp på sakene som har prega nyheitsbiletet i det siste!

Les deg opp på sakene som har prega nyheitsbiletet i det siste!
Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Pave Frans døydde måndag, andre påskedag. Overhovudet for den katolske kyrkja vart 88 år gamal. Paven døydde av hjerneslag og hjartesvikt, opplyser Vatikanet. Han har den siste tida hatt dårleg helse.
Dagen før han gjekk bort møtte pave Frans folket på Petersplassen i samband med påskemessa, og han hadde eit møte med USAs visepresident J.D. Vance.
Pave Frans heitte opphavleg Jorge Mario Bergoglio, og vart vald til pave i 2013. Argentinaren var den første latinamerikanske paven, og var kjent for å ha liberale standpunkt.
No skal kardinalane velje ein etterfølgjar.
Paven blir gravlagd laurdag 26. april.
Skjærtorsdag blei Metkel Betew funnen skoten og drepen i eit skogholt på Oppsal i Oslo. Han er ein av dei som vart dømt for Nokas-ranet i Stavanger i 2004, noregshistorias største ran. I 2024 vart Betew lauslaten, etter nesten 20 år i fengsel.
Politiet skildrar drapet som svært brutalt og målretta. Søndag vart Stig Millehaugen pågripen og sikta for drapet, skriv VG. Han er varetektsfengsla i fire veker.
Stig Millehaugen er tidlegare dømt for to drap og har blitt omtala som ein av Noregs farlegaste menn. Han var på permisjon frå fengselet då drapet skjedde. Millehaugen nektar for å ha noko med drapet å gjere.
Ifølgje politiadvokat Christian Hatlo er det ikkje er utenkeleg med fleire arrestasjonar etter drapet.
Minst 26 personar vart drepne i eit åtak på turistar i Kashmir, skriv nyheitsbyrået AP.
India og Pakistan er i konflikt over Kashmir-regionen. Åtaket skjedde i den indiskkontrollerte delen av området.
Åtaket er det største retta mot sivile dei siste åra, seier regionens øvste folkevalde Omar Abdullah, ifølgje AP.
Ifølgje politiet er to av dei tre som er mistenkt for åtaket pakistanske statsborgarar, skriv NTB. Pakistan avviser tilknyting til åtaket. Ei militant gruppe, Kashmirs motstandsrørsle, har tatt på seg ansvaret.
I ein tale torsdag skulda Indias statsminister Narendra Modi Pakistan for å støtte terrorisme over grensa, melder NRK. India har suspendert visum for alle pakistanarar og ber dei forlate landet innan 29. april. Dei set òg ein vassavtale på vent.
Pakistanske styresmakter svarar med å suspendere visum for alle indiske statsborgarar. Dei stansar òg all handel med India og stenger luftrommet mellombels for indiske flygingar.
EU-kommisjonen gir dei to teknologiselskapa bøter på til saman 700 millionar euro, noko som svarar til om lag 8,3 milliardar norske kroner, skriv E24.
EU-kommisjonen meiner Apple og Meta har brote EUs lovverk om digitale marknader (Digital Markets Act (DMA)).
Apple får ei bot på 500 millionar euro. EU meiner Apple bryt reglane for digital konkurranse gjennom App Store.
Meta må betale 200 millionar euro. Bota er knytt til ordninga dei introduserte i 2023 der brukarane anten kunne godta personalisert reklame eller betale for ein versjon av Facebook og Instagram utan reklame. Modellen blei endra i 2024.
Meta svarar med å skulde EU for å forsøke å hindre vellukka amerikanske verksemder samstundes som dei tillèt kinesiske og europeiske selskap å operere under andre vilkår. Apple meiner bota er urettferdig målretta og at dei blir tvinga til å gi frå seg teknologien gratis, melder BBC.
Natt til torsdag sende Russland om lag 70 missil og 150 dronar mot Ukraina, ifølgje den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj.
Åtaka mot hovudstaden Kyiv er dei største og mest dødelege på fleire månader, skriv NRK. Minst ni personar er drepne og over 80 såra ifølgje kanalen.
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) kallar åtaket eit «alvorleg brot på krigens folkerett».
– Igjen er det vanlege folk som er råka av russiske åtak medan dei søv eller søker tilflukt. Å angripe sivile i heimen deira på denne måten er terrorisering av befolkninga, uttalar Eide til NRK.
Tre tenåringar i India har utvikla ein berbar frysar som blir driven av salt, og ikkje treng straum eller batteri.
Business Insider skriv at gutane hadde sett kor vanskeleg det var å frakte koronavaksinar til landsbygder under pandemien.
Dhruv Chaudhary, Mithran Ladhania og Mridul Jain har fått prisen Earth Prize for Asia for frysaren som dei kallar Thermavault.
Dei planlegg å lage 200 frysarar som skal sendast til 120 sjukehus for testing. Gutane på 16 og 17 år håpar frysaren kan bidra til å frakte vaksinar, andre medisinar og utstyr og til og med organ for transplantasjonar.