Yvonne Haagensen bestemte seg som 55-åring for å byte karriere. No er ho viral på TikTok.

– Du kan ikkje vere asosial, du må vere ho som likar å jobbe med sørvis og levere litt meir enn forventa, og gjerne kunne sjå behovet før gjesten ber om det.
Det seier Yvonne Haagensen på telefon til Framtida.no.
Ho arbeider på Thon Hotel Ålesund, der ho har jobbtittelen «søtpotet». I kvardagen gjer ho alt frå å handtere konferansar, leggje ut innhald på sosiale medium, og bidra til at gjestane på hotellet får ei god oppleving.
Du har kanskje sett ho på TikTok, der ho i ein video med over 6 millionar visningar, presenterer Thon Hotel Ålesund.
Yvonne Haagensen
Alder: 58 år
Frå: Ålesund
Yrke: Konferansevertinne, sosiale medium-ansvarleg og «søtpotet» ved Thon Hotel Ålesund
Utdanning: Tre år med studium i marknadsføring og salspsykologi, seinare kurs i marknadsføring og sosiale medium.
@thonhotels Yvonne er tilbake, og denne gangen på engelsk! #thonhotels #ålesund🇳🇴 #norway #tiktoknorge #traveltiktok ♬ original sound – Thon Hotels
Omskulerte seg under pandemien
Det var ikkje sjølvsagt at 58-åringen skulle hoppe i havet for å vise fram turistmoglegheitene i Ålesund som ein del av jobben sin. Ho er utdanna innan sal- og marknadsføring og har arbeidd med sal i 35 år, innan både lokal-TV og med å selje artiklar og klede. Då pandemien kom, bestemte ho seg for å byte jobb.
– Då ville eg gjerne ha den same kundekontakten, men ta vekk salsbiten, difor var hotell noko eg kunne tenkt meg, og som eg fekk tilrådd. Eg gjekk eit kurs og hadde ein yrkesrettleiar som såg på alle dei sterke og svake sidene mine.
Saman fann dei ut at erfaringa og kompetansen hennar kunne overførast til hotellbransjen, og Haagensen tok så direkte kontakt med sjefen for Thon Hotel Ålesund for å høyre om dei hadde ei opning.
Det hadde dei, og Haagensen brukte den første tida i jobben på å bli kjend med heile hotellet.
– Eg var kanskje tre-fire månader på alle avdelingane, bortsett frå reingjering, og lærte meg yrket frå botnen av. Då fann eg veldig fort ut av kva yrke på hotellet eg trivst best med, og kvar hotellet hadde mest igjen å ha meg, som var på sosiale medium og konferanse.
Det gir ein veldig variert arbeidsdag, med forskjellige oppgåver.
– Det er difor vi kallar oss «søtpotet», fordi jobbane er veldig forskjellig og då er det litt artig å ha yrkestittel som søtpotet, ler ho.
Variert arbeidsdag
Dagane ho fokuserer på sosiale medium går det mykje tid til å sjekke innboksen, svare på meldingar, legge ut innhald og tenke ut idear som kan gå godt.
Når det er konferansar må ho derimot vere i full sving for å sørgje for at gjestane har det dei skal, enten det er å sjekke møterom, ha kontroll på allergiar, og gjere sitt beste for å møte behov som kjem i løpet av arrangementet.
– Eg hadde store forventningar til yrket, at eg fekk bruke dei beste eigenskapane mine og det som eg hadde erfaring i, og at det skulle vere ein veldig bra match. Det viste det seg veldig fort å vere, så eg stortreivst frå dag éin.
– Førebudde utdanninga og kursinga deg på yrket?
– Ja det synest eg absolutt, du blir jo tryggare i jobben.
@thonhotels Yvonne went fishing and caught a big one #traveltiktok #norway #yvonne #lofoten #thonhotels #lofotenislands ♬ original sound – Thon Hotels
Ho synest det er viktig å ikkje sjå seg blind på alder eller utdanning når ein ser etter det ein vil arbeide med.
– Eg omskulerte meg i ein alder av 55 år, og eg stortrivst og har blomstra og fått mykje merksemd med desse nye filmane.
Ho vektlegg det å vere seg sjølv, og det å vere ærleg med seg sjølv som noko av nøkkelen til at ho har hamna i denne rolla, uavhengig av bakgrunn.
– Det er aldri for seint å ombestemme seg.
Får råd frå den yngre generasjonen
Haagensen synest noko av det beste med jobben er den fridomen ho har til å bestemme meir over eigen arbeidsdag.
– Det er det å få vere med folk, få lov til å vere kreativ og få lov til å teste ut idear som fungerer på sosiale medium. På konferansesida så er det det å vere sørvisinnstilt. Det kjekkaste eg veit er å ha fornøgde konferansegjestar som gjerne vil kome attende til hotellet.
Jobben kan også føre med seg utfordringar.
– Det er ei utfordring å skulle vere ein late bloomer, som eg er, og følgje med i tida og følgje med på trendane som er på TikTok og Instagram spesielt.
Difor får ho stadig råd frå ungane og nevøane sine, for kva ho skal sjå etter.
Får mykje att i sørvisyrke
– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med?
– Folk tenker at vi i sørvisbransjen gir meir enn vi får. At det er eit veldig strevsamt og arbeidsamt yrke som krev veldig mykje energi av deg sjølv.
Sjølv om dei ikkje er på lønstoppen, meiner Haagensen ein får mykje tilbake i yrket.
– Det har gode vilkår og tilbakemeldingane ein får frå fornøgde gjestar er så verdifulle.
Ho vedkjenner at det kan vere ei utfordring å vere i sørvismodus heile arbeidsdagen.
– Men du får tilbake av kollegaar og gjestar av å jobbe på ein slik plass, og det veg opp for alt.
Det hjelp også at ein kan få nokre utrulege opplevingar i yrket. Etter videoane hennar blåste opp, har Haagensen fått mykje merksemd, og det har opna seg opp fleire moglegheiter, med blant anna tur opp til Lofoten for å filme for hotellet der.
@thonhotels This is Yvonne in Lofoten Islands 🐟 #lofoten #lofotenislands #norway #thonhotels #travel #tiktoknorge #fyp ♬ original sound – Thon Hotels
Haagensen synest det er artig å bli sett av fleire millionar rundt om i verda, men ho har også utmerka seg på andre måtar. Nyleg fekk ho vite at ho var nominert til KIN Awards, arrangert av Kvinner i næringslivet Ålesund.
– Det er dei to mest utrulege tinga som har skjedd som eit resultat av jobben eg har gjort.
– Kva draumar har du for framtida?
– Dette er noko du spør 20-åringar om! Nei, eg vil jo gjerne jobbe og streve etter å nå same resultata eg har fått no. Vere den herlege og ærlege søtpoteten eg er på hotellet og fortsette med det eg held på med.