«Slett gjelda» vart nekta å annonsere for podkasten sin av Meta
Kan få konsekvens for debattmangfaldet, seier statsvitar.

– Organisasjonar som er etablerte, bør få lov til å kome med informasjon.
Det seier Julie Rødje på telefon til Framtida.no. Ho er leiar i organisasjonen SLUG, nettverk for rettferdig gjeldspolitikk, også kjent som Slett gjelda.
Måndag førre veke fekk ho beskjed om at eit innlegg ho ville annonsere på Facebook, vart nekta av Meta. Posten var eit klipp frå podkasten deira, Gjeldsbrevet, der dei prata om kva Donald Trump kjem til å gjere med den statlege gjelda til USA, og kva som kjem til å skje om gjelda blir misleghalden.
Det vart for mykje for Meta. «Avvist» var beskjeden, med ei knapp grunngjeving om at annonsen braut med retningslinjene deira innan «samfunnsspørsmål, val eller politikk».
– Det står at eg kan gjere endringar, men eg ser ikkje heilt kva det skulle vere? Dette er jo meir spørsmål og fakta om at USA har ei stor gjeld, seier ho.
Avgrensingar på politisk innhald
Meta har nedprioritert politisk innhald dei siste åra. I fjor vart det klart at Instagram avgrensa politisk innhald, med mindre ein justerte på innstillingane sine.
Ifølgje Meta sitt hjelpesenter er det også avgrensa kven som kan ha annonsar innan samfunnsspørsmål, val eller politikk. Med mindre aktøren er eit nyheitsmedium, må dei gjennom ein godkjenningsprosess.
Rødje fortel at dei har fått den godkjenninga, og at organisasjonen har hatt annonsar om politisk innhald før, inkludert innlegg om FN og Verdsbanken. Ifølgje henne har dei aldri har fått denne tilbakemeldinga før. Ho spekulerer i at det har blitt strengare med ny amerikansk administrasjon og nye konservative styremedlemar hjå Meta, som Dana White, ein kjend person i sfæren til Trump.
Linn Sandberg, statsvitar ved Universitetet i Bergen, fortel at det har vore ei tydeleg utvikling dei siste åra at plattformer som Meta har stramma inn på politisk annonsering.
– Det skuldast både auka regulering og eit ønske om å avgrense spreiing av desinformasjon og manipulerande innhald, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.
Slike avgrensingar kan få større konsekvensar.
– Nokre organisasjonar opplever at terskelen for godkjenning av politiske annonsar har blitt høgare, og at det kan vere vanskeleg å føresjå kva innlegg som blir avvist.
Ho presiserer at det er vanskeleg å peike på ein spesifikk grunn til endringar hjå Meta.
– At Meta får nye styremedlemar med konservativ bakgrunn kan potensielt påverke selskapet sine retningslinjer på sikt, men det er vanskeleg å seie kor direkte samanhengen er i denne konkrete saka.
Det ho er meir sikker på, er at det kan få konsekvensar for mangfaldet i debatten dersom det blir vanskelegare for mindre organisasjonar å nå ut.
– Sosiale medium har vore ein viktig kanal for frivillige organisasjonar for å mobilisere støtte, setje dagsorden og drive kampanjar med relativt låge kostnadar. Dersom det blir vanskelegare å nå ut, kan det føre til at større og meir ressurssterke aktørar får ein endå sterkare posisjon i offentlegheita.
Fanga i eit dilemma
Rødje i SLUG har sjølv eit ambivalent forhold til å bruke desse plattformene, og seier ho kjenner fleire i andre organisasjonar som er i same posisjon.
– Særleg å støtte dei økonomisk ved å sponse innlegg, seier ho.
Likevel synest ho det er viktig at dei er til stades for å spreie informasjon og sørgje for meiningsmangfald. Og så er det ein ganske konkret grunn til at dei ikkje kjem seg unna Meta:
– Det handlar også om at ein har tal ein må rapportere på for å få støtte, og då er kor mange ein når ut til på sosiale medium ein faktor. Då må ein nesten bruke dei plattformene der ein har opparbeidd ein base med følgjarar.
Framtida.no har forsøkt å nå Meta med e-post til presseavdelinga, men har ikkje fått noko svar.