Forfattaren hadde høgtlesing av Harry Potter som barn.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg var ein skikkeleg lesehest i oppveksten, men har altfor lenge nedprioritert skjønnlitteratur framfor pensum og eiga skriving (ironisk nok). Men i samband med eiga lansering har eg gjenoppdaga lesinga. Det er så mykje bra som ventar!

Det skriv Ingvild Skølt i ein e-post til Framtida.no. Skølt er fastlege, og debuterer i desse dagar som forfattar med boka Du vil kjenne eit lite stikk. Ho har teke med seg erfaringane frå legekontoret i skrivinga si.

Ingvild Skølt

Alder: 33 år

Frå: Hemsedal, men bur no i Honningsvåg i Finnmark.

Utdanning: Legestudie

Yrke: Fastlege (og no forfattar!)

 

I romanen møter vi Hanne som prøver hardt å vere flink lege, medan ho manøvrerer mellom trøytte bakvakter, rasande pårørande og ei overhengande frykt for å gjere feil. Så skjer det som ikkje skal skje og Hanne si verd ramlar saman.

Vi har kika i bokhylla til forfattar Ingvild Skølt:

Ingvild Skølt synest «Tung tids tale» av Olaug Nilsen er ei enormt sterk skildring av ei mor, maktesløyse og system som ikkje fungerer. Bokomslag: Kagge, Aschehoug, Samlaget og Vigmostad & Bjørke

Harry Potter med stor innleving

– Eg har foreldre som sørgde for at det alltid var bøker omkring oss. Det sterkaste minnet er då eg, mamma og veslesøster las dei tre fyrste Harry Potter-bøkene ilag. Veslesøster åt kvelds, mamma vaska opp og eg las med stor innleving og karikert stemme.

I tenåra var det mange bøker som gjorde inntrykk på Skølt, på kvar sine vis.

– Alt frå Bokhandleren i Kabul til Twilight og Berlinerpoplene, minnest ho.

I dag går det mykje i nyare norske romanar, gjerne samtidsskildringar. Skølt les aldri på senga, men heller i sofaen, ved kjøkenbordet eller på reise. Boka som ligg i aviskorga hennar for tida, er Jeg er egentlig ikke sånn av Marie Aubert.

Den er hittil knallgod.

Voksne mennesker og Halvbroren

Ingvild Skølt meiner ei bok er god når ein tek seg i å tenkje på karakterane fleire år etter å ha lese boka.

– Då har ein klart å gjere inntrykk!

Ei slik bok som har gjort inntrykk, er Voksne mennesker av Marie Aubert.

Bokomslag: Forlaget Oktober

– Nydeleg treffsikkert, gøy og sårt, skriv Skølt om boka, som ho meiner er undervurdert.

Boka legen og forfattaren skulle ønske ho hadde skrive er Halvbroren av Lars Saabye Christensen.

– Ein murstein av godt språk, sterke karakterar og samanfletta forteljingar med mange lag, er skildringa hennar av den norske klassikaren.

Bacalao med Vesaas, Christensen og Mytting

Om Skølt kunne invitere ein valfri forfattar, daud eller levande, på middag, hadde fleire kjende namn fått plass ved middagsbordet.

– Det skulle helst ha vore ein heil gjeng, samla rundt ei gryte bacalao. Halldis Moren Vesaas, Lars Saabye Christensen og Lars Mytting, kanskje?

Bokomslag: Aschehoug

Det Norske Teatret-skodespelar i hovudrolla

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Det er umogeleg å velje, det er jo nett mangfaldet som er så spennande. Eg treng å lese noko alvor, noko for innsikt og noko berre for gøy.

– Boka di blir filmatisert – kven spelar hovudrolla?

– Kjersti Dalseide. Ho ville gjort seg godt som Hanne, og dessutan er ho halling!