Wirkola om «Spermageddon»: – Vil sende ein stor takk til alle dei surmaga, sinte og lettkrenkte

«Spermageddon» fekk gjennomgå før premieren – mellom anna i form av ein underskriftsaksjon mot animasjonsfilmens «grove, seksualiserte språkbruk».

NPK-NTB
Publisert

I premierehelga vart han likevel Noregs mest sette film, og vart sett av 18 689 kinogjengarar. Totalt er «Spermageddon» no sett av nær 25 000 nordmenn.

Tommy Wirkola, som saman med Rasmus Sivertsen hadde regi, takkar kritikarane for deira bidrag i marknadsføringa.

– Eg vil sende ein stor, stor takk til alle dei surmaga, sinte og lettkrenkte menneska der ute som på ein eller annan måte har klart å bli fornærma over denne filmens eksistens, sa Wirkola i ei videohelsing frå Los Angeles på festpremieren fredag.

FOR GROV?: Lisa (Nasrin Khusrawi) og Jens (Christian Mikkelsen) mistar jomfrudommen til kvarandre. Ikkje alle er så begeistra for det. Illustrasjon: Qvisten Animation

Det er særleg aldersgrensa som har opphissa folk, når det gjeld historiene om sædcellene Simen (Aksel Hennie) og Cumilla (Mathilde Storm), som lever i pungen til den nerdete «Star Wars»-entusiasten Jens (Christian Mikkelsen). Medietilsynet vurderte filmen til 12-årsgrense.

Det førte til at over 3000 nordmenn signerte eit opprop om å auke aldersgrensa frå 12 til 15 år, ut frå ei grunngiving om grov, seksualisert språkbruk og innhald.

Det same talet har til no skrive under på eit tilsvarande opprop i Sverige, i regi av ein skulekurator og tidlegare diakon som meiner det er «ein pornofilm» som ikkje burde visast, ifølgje SVT.

Svenskane har gitt «Spermageddon» ei aldersgrense på 11 år, eller 7 år i selskap med ein vaksen, og kinokjeda Filmstaden valde å leggje til ein varselplakat før visninga som lyder «OBS, dette er ikkje ein barnefilm».

CELLEKAMERATAR: Cumilla (Mathilde Storm) og Simen (Aksel Hennie) er gode vennar.