Les deg opp på sakene som har prega nyheitsbiletet den siste veka.

Les deg opp på sakene som har prega nyheitsbiletet den siste veka.
Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Tysdag møttest Russland og USA i Saudi-Arabia for samtalar om Ukraina, utan at Ukraina var til stades. Heller ikkje representantar frå Europa var invitert til møtet.
President Donald Trump har denne veka antyda at det var Ukraina som starta krigen med Russland og kritisert den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj, skriv VG. I ein post på sitt eige sosiale medium Truth Social kallar Trump Zelenskyj ein «diktator utan val» og skuldar han for å ha gjort ein elendig jobb.
– Påstanden om at Ukraina starta denne krigen, er historisk feil. Det er viktig at vi ikkje let det bli ståande som ei slags falsk sanning, seier Noregs statsminister Jonas Gahr Støre, ifølgje NRK.
Zelenskyj seier at han ikkje vart invitert til samtalane i Saudi-Arabia. Trump har svart at han kunne ha kome om han hadde hatt lyst.
Zelenskyj møtte Donald Trumps utsending Keith Kellogg torsdag. I ei videomelding seier den ukrainske presidenten at samtalen gir håp om å oppnå ein avtale med USA.
Torsdag starta G20-møtet i Sør-Afrika. G20 er eit internasjonalt samarbeidsforum for dei landa som har definert seg som dei viktigaste økonomiane i verda. Også EU og Den afrikanske unionen er med.
Noreg er i år med som gjesteland, og utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) er til stades i Johannesburg. Torsdag var den geopolitiske situasjonen i verda tema for utanriksministermøtet. Til E24 kritiserer Eide Trumps utsegner om Ukraina og åtvarar om den auka innflytelsen til Kina.
Russlands utanriksminister Sergej Lavrov skal vere med på møtet, men USAs utanriksminister Marco Rubio skal ikkje delta.
Brasils tidlegare president Jair Bolsonaro er sikta for kuppforsøk for å behalde makta etter presidentvalet i 2022, då han tapte mot president Luiz Inácio Lula da Silva. Nyheitsbyrået AP skriv at riksadvokat Paulo Gonet sikta Bolsonaro tysdag.
Ifølgje siktinga skal Bolsonaro ha kjent til og vore samd i ein plan om å forgifte Lula da Silva og drepe høgsterettsdommar Alexandre de Moraes, skriv nyheitsbyrået. Bolsonaro og 33 andre personar skal ifølgje riksadvokaten ha vore med på plottet. Ifølgje ein 884 sider lang rapport frå politiet innebar planen òg å så tvil om valsystemet blant befolkninga og oppelde til opptøyar. Bolsonaro-tilhengjarar storma nasjonalforsamlinga få dagar etter innsettinga av Lula som president.
Bolsonaro nektar for å ha gjort noko gale og uttala tysdag at han ikkje var uroa over skuldingane mot han, skriv AP.
Høgsterett skal no avgjere om Bolsonaro må møte i retten.
Byrådet i Oslo planlegg tettare oppfølging av unge kriminelle. Til sommaren kan kommunen starte med éin-til-éin-oppfølging av unge kriminelle, skriv NRK. Politiet har utarbeidd ei liste med 40–50 aktuelle kandidatar som dei meiner treng særleg oppfølging.
Onsdag møttest byrådsleiar Eirik Lae Solberg (H) og Noregs ferske justisminister Astri Aas-Hansen (Ap).
Byrådet har sett av 25 millionar kroner til oppfølging av unge kriminelle, og ber om at staten bidreg med same sum.
Det vil vere frivillig å vere med på programmet for ungdommane. Bydelane skal ha ansvar for å følgje dei opp.
Minst 48 personar er døde etter at ei gullgruve kollapsa i Kayes-regionen i Mali laurdag, skriv nyheitsbyrået AFP.
Gruva var tidlegare eigd av eit kinesisk selskap, men har sidan vore driven ulovleg. Gruva skal ha kollapsa som følgje av eit jordskred.
Reuters skriv at dei fleste døde er kvinner.
Det er den andre dødelege gruveulukka i landet på tre veker, melder BBC. I slutten av januar mista minst ti menneske livet i ei gullgruve i Koulikoro-området.
Mali er ein av dei største gullprodusentane i Afrika. Mange gruver blir drivne illegalt og har dårleg sikkerheit.
Grava til oldtidskongen Thutmosis II er funnen i Egypt, opplyser landets styresmakter. Det er over hundre år sidan sist ein fann grava til ein konge. Tutankhamons grav vart oppdaga i 1922.
Grava til Thutmosis II er oppdaga i Kongedalen i Luxor sør i Egypt. Han er ein av forfedrane til Tutankhamon og styrte frå 1493 til 1479 før vår tidsrekning. Thutmosis II var gift med Hatshepsut, ein av dei mest framgangsrike kvinnelege faraoane. Grava inneheldt ingen mumie eller skattar slik Tutankhamons grav gjorde. Studiar tydar på at innhaldet vart fjerna i antikken.
Egyptiske styresmakter kallar likevel funnet eit av dei viktigaste arkeologiske gjennombrota dei siste åra, skriv The Guardian.