Vekas viktigaste: Ukraina-forhandling, IA-avtale og søksmål mot Noreg
Kollasj av Framtida. | Foto: AP Photo/Alex Babenko, Den kongelege thailandske hæren via AP og AP Photo/Moises Castillo
Her er nokre av dei viktigaste sakene frå veka som gjekk.
Åshild Slåen
Publisert
Trump skal ha diskutert Ukraina med Putin
USAs president Donald Trump har kunngjort at han har blitt einig med Russland om å starte forhandlingar for å få slutt på krigen i Ukraina. Trump annonserte det etter det som skal ha vore ein lengre telefonsamtale med Vladimir Putin.
Trump hadde også ein samtale seinare med den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj, som understrekar at Ukraina ønsker fred. Zelenskyj har også sagt at han ikkje vil akseptere avtaler mellom Russland og USA utan at Ukraina deltek.
Europeiske Nato-land har vore tydelege på at dei må vere ein del av forhandlingane. Fleire internasjonale leiarar kjem med åtvaringar mot å la avtaler med Russland gå ut over Ukraina.
Donald Trump vil ha fredsforhandlingar rundt krigen i Ukraina, men det er ikkje semje om kven som skal vere involvert. Her med Volodymyr Zelenskyj som pratar til pressa 13. februar. | Foto: AP Photo/Alex Babenko
Amnesty saksøker Noreg
Amnesty Norge saksøker staten for diskriminerande praksis hjå politiet, skriv NRK. Dei saksøker saman med Awon Amidu frå Trondheim som ifølgje organisasjonen har blitt diskriminert og trakassert i fleire år av politiet i Trøndelag.
Amidu har klaga og politimeldt politiet for å ha følgt etter han og gjennomført fleire kontrollar enn naudsynt. Diskrimineringsnemnda slår fast at politidistriktet har diskriminert mot Amidu på grunn av etnisitet, men ikkje at dei har trakassert han.
Amnesty og Amidu meiner politiet ikkje har følgt opp saka godt nok, og det er difor dei går til sak mot justisdepartementet.
Amnesty går til søksmål mot staten Noreg. | Foto: Amnesty International
Bil køyrde inn i folkemengd i München
Ein mann i Tyskland køyrde ein bil inn i ein demonstrasjon i München torsdag. Per torsdag kveld var det 30 skadde personar, nokre av dei alvorleg, ifølgje VG. Blant dei skadde er det også barn.
Mange av dei råka er med i fagforeininga Verdi, som arrangerte demonstrasjonen. Styresmaktene går ut frå at påkøyringa var eit åtak, og ikkje eit uhell.
Politiet pågreip bilføraren, som er ein 24 år gammal mann. Ifølgje Süddeutsche Zeitung er han ein afghansk statsborgar som fekk avslag på asylsøknaden sin i 2020. Ordføraren i München stadfestar til avisa at mannen hadde mellombels opphaldsløyve i Tyskland.
Folk tenner lys på staden der ein bil køyrde inn i ei folkemengde i München. | Foto: AP Photo/Ebrahim Noroozi
Ny IA-avtale på plass
Onsdag vart LO og NHO samde om ein ny inkluderande arbeidslivsavtale (IA-avtale), skriv VG. Dei har forhandla over avtalen i fleire månader.
Avtalen skal vare i fire år, og hovudkonflikten har vore om sjukelønnsordninga for arbeidstakarar skulle vernast fullstendig for dei fire neste åra, slik LO vil.
IA-avtalen vart innført i 2001 med mål om å få ned sjukefråværet og opp sysselsetjinga. Sidan då har han blitt forhandla på nytt fleire gongar, men sjukelønnsordninga har vore skjerma.
Ifølgje den nye avtalen skal dei bruke i år og neste år på å samle inn informasjon. I 2027 og 2028 skal dei bruke denne informasjonen for å setje i gang tiltak som skal få ned sjukefråværet.
Leiar i Akademikerne Lise Lyngsnes Randeberg (frå venstre), YS-leiar Hans-Erik Skjæggerud, direktør for arbeidsliv i KS Tor Arne Gangsø, Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna, LO-nestleiar Steinar Krogstad, direktør for arbeidsliv i NHO Nina Melsom og leiar i Unio Steffen Handal under pressekonferansen om forhandlingane om ny avtale om inkluderande arbeidsliv (IA-avtale). | Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Bussulukke i Guatemala
Minst 55 personar døydde i eit busskrasj i Guatemala måndag, ifølgje AP. Bussen falt 35 meter ned i ei kløft frå ein veg utanfor hovudstaden Guatemala City.
Den guatemalske presidenten Bernardo Arévalo kunngjorde tre sørgedagar på grunn av tragedien, skriv BBC.
Politiet etterforskar no kva som kan ha ført til ulukka.
Brannvesenet jobbar ved bussen som krasja i Guatemala på måndag. | Foto: AP Photo/Moises Castillo
Lyspunkt: Framandarbeidarar frigjort i Myanmar
Over 250 personar frå 20 forskjellige land har blitt sleppt fri i delstaten Kayin i Myanmar, skriv BBC. Personane arbeidde i ulovlege telefonsenter som tente pengar på svindlar.
Det er fleire slike telefonsenter langs grensa til Thailand, og sjølv om nokre arbeidarar er der frivillig, blir mange halde som gissel til familien deira kan betale løysepengar. Arbeidarane er frå forskjellige asiatiske og afrikanske land, dei fleste frå Etiopia.
Dei er frakta til Thailand, som undersøker om personane er offer for menneskehandel. Myanmarske styresmakter har lite kontroll over Kayin-regionen, og det var den uavhengige væpna gruppa DKBA som overførte arbeidarane til den thailandske hæren.
Framandarbeidarane som blir frakta over grensa til Thailand. | Foto: Den kongelege thailandske hæren, frå ein talsperson frå forsvaret via AP
Vil du få Vekas Viktigaste rett i innboksen?
Nyheitsbrevet kjem fredag morgon. Dersom du vil at vi skal fjerne deg frå lista er det berre å klikke på avabonner nedst i e-posten.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.