Forfattaren kjenner seg ofte att i Disney-skurkar.

Andrea Rygg Nøttveit, Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg les ikkje på senga, så eg har inga bok der. Men boka eg nett har begynt på no er Villdyr av Håkon Marcus. Ho likar eg godt!

Det skriv forfattar Therese Garshol Syversen i ein e-post til Framtida.no.

36-åringen frå Fredrikstad jobbar til dagleg som førsteamanuensis i nordisk ved Universitetet i Innlandet.

 

Therese Garshol Syversen

Alder: 36

Frå: Fredrikstad

Utdanning: Doktorgrad (phd) i litteratur og litteraturdidaktikk

Yrke: Førsteamanuensis

Sidan ho underviser i og forskar på litteratur, er det vanskeleg for Syversen å slå fast kor mange bøker ho les i året.

– Viss eg tippar: Ein stad mellom 30 og 40, kanskje? Som manuskonsulent les eg også uferdige bøker som manuskonsulent, men då med eit anna blikk.

Vi har kika i bokhylla til forfattaren:

Mørk litteratur

– Eg les ofte litteratur som er relativt mørk, trur eg. Eg vaks opp med mange krimbøker i heimen, så det har nok påverka meg. Det blir ein del innanfor spenning/thriller-spekteret. Elles les eg både lyrikk, bildebøker, romanar … Av lyrikk held eg på med diktsamlinga Ø av Thor Magnus Tangerås, ho er utruleg fin. Teikneseriar og grafiske romanar har eg lese ganske lite av, så det vil eg gjerne lese meir av i framtida.

Når Therese Garshol Syversen les, kan du finne ho i sofaen, i ein lenestol eller på golvet.

I barndomen las mora mykje for ho. Det gjekk i alt frå realistiske kvardagsforteljingar om Emma og Thomas til klassikarar som Brødrene Løvehjerte. Boka Søskenkjærlighet av Katarina von Bredow gjorde inntrykk då forfattaren var tenåring.

– Ho råka meg veldig sterkt, hugsar eg.

Therese Garshol Syversen er aktuell med ungdomsroman «Eg skal rive deg i filler». Ho fekk debutantprisen Trollkrittet i 2022 for debutromanen «Sting». | Bokomslag: Samlaget

Vil løfte fram Elen Betanzo

Syversen meiner intensitet, driv og eit godt språk er avgjerande for om ei bok er god. Om det er snakk om ei barne- eller ungdomsbok, må også barne-/ungdomsperspektivet vere overtydande.

– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive? 

Størst av alt av Malin Persson Giolito.

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Tja, undervurdert høyrest så negativt ut, men eg vil gjerne løfte fram ungdomsboka Og hjertet mitt bare av Elen Betanzo, som eg synest har eit veldig vakkert språk.

Bokomslag: Gyldendal

Disney-skurk

Syversen kjenner seg ofte att i ganske kjipe karakterar.

– Skurken i Disney, liksom. Henrik i mi eiga bok Eg skal rive deg i filler er eit godt eksempel, han likar jo litteratur og alt!

Om Trollkrittet-vinnaren kunne invitere ein valfri forfattar på middag, hadde draumegjesten vore Gro Dahle.

– Bildeboka hennar Sinna mann har gjort veldig inntrykk på meg og fått betydning for mine eigne prosjekt. Ho er veldig kunnskapsrik og engasjerande som skrivelærar, så eg kunne ha nytta høvet til å lære masse!

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Nei takk, er min umiddelbare tanke. Men kanskje Erlend Loe? Han har jo eit veldig variert forfattarskap, der han skriv for unge, ungdom og vaksne – så då får eg litt forskjellig likevel. Ungdomsboka hans Muleum er blant mine favorittar, så eg kunne sikkert ha funne meg nokre fleire favorittar.

– Kva for ei av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – kven speler hovudrolla?

– Eg har SÅ lyst til at Eg skal rive deg i filler blir filmatisert, det er min store draum – fordi eg elskar filmmediet. Det hadde vore stas om Mathilde Storm, som har lese inn boka på lydbok, hadde fått hovudrolla. Med ein hovudperson som er nitten år, må det skje no snart!

Mathilde Storm er kjent frå mellom anna «Rådebank», og er no aktuell i TV 2-programmet «Boksen». | Foto: Matti Bernitz/TV 2