Nyheitsquiz: Gullbarbie, historisk bragd og «ny» app
Kva har du fått med deg av nyheiter frå den siste veka?

Quiz: Nyheitsquiz veke 3
- Spørsmål 1 av 10
1.
Denne veka kom nominasjonane til årets Gullbarbie. I tillegg til Dagbladet og TikTok, er eit influensarselskap nominert. Kva heiter selskapet?
Riktig!
Kvart år deler Press – Redd Barna Ungdom ut Gullbarbien til den aktøren dei meiner er best på å få ungdom til å føle seg verst. I år er det Dagbladet, TikTok og Gutta Sprut AS som er nominerte.
Selskapet Gutta Sprut AS er eigd av mellom anna påverkarane Oskar Westerlin og Sebastian Brevik, kjent som «Barisbrevik».
Nominasjonen har ført til debatt hos Framtida.no. Les meiningsinnlegget «På sin plass at «Gutta» får Gullbarbie» av AUF-ar Julie Trengereid Gruer (18) og motsvaret «Viss du ikkje likar det, la vere å sjå på det» av Mathias Heian Ræmisch (17) i FpU.
Feil!
Kvart år deler Press – Redd Barna Ungdom ut prisen Gullbarbie til den aktøren dei meiner er best på å få ungdom til å føle seg verst. I år er det Dagbladet, TikTok og Gutta Sprut AS som er nominerte.
Selskapet Gutta Sprut AS er eigd av mellom anna påverkarane Oskar Westerlin og Sebastian Brevik, kjent som «Barisbrevik».
Nominasjonen har ført til debatt hos Framtida.no. Les meiningsinnlegget «På sin plass at «Gutta» får Gullbarbie» av AUF-ar Julie Trengereid Gruer (18) og motsvaret «Viss du ikkje likar det, la vere å sjå på det» av Mathias Heian Ræmisch (17) i FpU.
- Spørsmål 2 av 10
2.
Timothée Chalamet vekte oppsikt på raud løpar. Kvifor?
Stemmer!
Det var mange pent kledde kjendisar som dukka opp på London-premieren til filmen «A complete unknown» 14. januar, men ingen hadde sprita opp stilen sin som Timothée Chalamet. Skodespelaren dukka opp med ein elektrisk Lime-sykkel, ifølgje Vogue. Kvifor han gjekk for det, og ikkje ein klassisk limousine, klarte ikkje magasinet å finne ut av.
Les meir: Timothée Chalamet dukka opp med Lime-sykkel på premiere

- Spørsmål 3 av 10
3.
Kva heiter appen mange amerikanske TikTok-brukarar har oppretta konto på som følgje av at TikTok kan bli forbode i USA?
Rett svar!
I protest mot at TikTok kan bli forbode i USA har fleire TikTok-brukarar byrja å bruke den kinesiske videoappen Xiaohongshu, eller «den vesle raude boka», ofte kalla RedNote på engelsk. Det var den mest lasta ned appen frå amerikanske App Store på tysdag, ifølgje CNN.
Les meir: USA kan få TikTok-forbod – brukarar flyktar til ny kinesisk app
Feil svar!

- Spørsmål 4 av 10
4.
21 år gamle Karen Kyllesø vart denne veka historisk. Kva var bragda?
Korrekt!
Måndag kveld, etter 54 dagar på ski, kunne Karen Kyllesø endeleg plante flagget på Sørpolen. Med det er 21-åringen den yngste nokosinne som når Sørpolen heilt aleine.

Les meir: Karen (21) er tidenes yngste til Sørpolen
- Spørsmål 5 av 10
5.
Kva land er det Petter Northug vil konkurrere i langrenn for?
Stemmer!
Trønderen seier han vurderer å byte statsborgarskap for å kunne konkurrere for Austerrike. Onsdag tok Petter Northug (39), som eigentleg la opp i 2018, ein 8.-plass på 10-kilometeren i NM.
Det er framleis ein veg å gå før veteranen får plass på det norske landslaget, men kanskje vil vi få sjå skilegenda konkurrere med det austerrikske flagget på lua i framtida. Ski Austria stadfestar i alle fall til VG at dei har fått ein førespurnad frå Northug om å konkurrere for dei.

- Spørsmål 6 av 10
6.
Ole Gunnar Solskjær har fått ny jobb. Kven skal han trene?
Rett svar!
Fredag stadfesta den tyrkiske klubben Besiktas at Ole Gunnar Solskjær blir deira nye hovudtrenar. Storklubben frå Istanbul har tidlegare vunne den tyrkiske ligaen 16 gonger, men ligg no på ein 6. plass, skriv VG. Solskjær har ikkje hatt trenarjobb sidan han vart sparka av Manchester United i 2021.
Du bommar!

- Spørsmål 7 av 10
7.
NRK har opplevd ein «klagestorm» denne veka. Kva program har hissa på seg sjåarar?
Riktig!
Det har kome om lag 70 klagar på episoden av «Helt Ramme sporter» der Nicolay Ramm og Emilie Nereng deltek i vinmaraton i Frankrike. Under det 42 kilometer lange løpet drikk dei to 24 glas vin. Dei blir ikkje overraskande noko fulle, og Nereng knekker to tenner i eit møte med asfalten. NRK understrekar at deltakinga har skjedd innanfor kontrollerte rammer. Om lag 900 000 hadde etter to dagar sett episoden, opplyser kanalen.

- Spørsmål 8 av 10
8.
Kor mykje vil regjeringa at bota for å snakke i mobiltelefon medan ein køyrer skal vere på?
Rett svar!
Regjeringa føreslår å auke bota for å snakke med mobiltelefon i handa, taste og surfe under køyring til 10 450 kroner. I 2022 fekk ein eit forenkla førelegg på 7450 kroner for det same. Politidirektoratet er imot forslaget. Dei meiner satsane er høge nok, og peikar på at andre tiltak har betre effekt.

- Spørsmål 9 av 10
9.
Filmregissøren David Lynch døydde denne veka. Kva serie er han mest kjent for å stå bak?
Rett svar.
Regissøren og manusforfattaren vart 78 år gamal. Han er kanskje mest kjent for tv-serien «Twin Peaks» som gjekk i to sesongar på 90-talet. Serien fekk ein ny sesong igjen i 2017.
Feil svar.

- Spørsmål 10 av 10
10.
Kven skal spele Putin i ein ny film?
Riktig!
Jude Law skal spele Russlands president Vladimir Putin i ein ny film med tittelen «The Wizard of the Kremlin».
I filmen har den britiske skodelspelaren ei birolle som Putin i hans første tid ved makta, skriv NTB.

Resultat:
Vurdering:
Gjekk du glipp av desse sakene frå den siste veka?