Vekas viktigaste: Våpenkvile, gruvetragedie og mobbetal
Foto: Yoon Dong-jin/Yonhap via AP, AP Photo/Themba Hadebe og AP Photo/Jehad Alshrafi
Få med deg nokre av dei viktigaste nyheitene frå veka som gjekk.
Åshild Slåen
Publisert
Går mot våpenkvile på Gaza
Det kan bli våpenkvile på Gaza.
Onsdag vart det lagt fram ein avtale som Egypt, Qatar og USA har spelt ei sentral rolle i å forme. Torsdag vart det derimot klart at det var noko usemje mellom Israel og Hamas rundt kva gissel som skulle sleppast fri.
Fredag morgon fortalde israels statsminister at partane var einige om ein avtale, som skal behandlast av det israelske sikkerheitskabinettet.
Israels sikkerheitsminister Itamar Ben-Gvir er uttalt motstandarar av avtalen, ifølgje CNN.
Avtalen er delt inn i tre fasar. I fyrste fase skal Hamas sleppe 33 israelske gissel fri, inkludert kvinner barn og menn over 55 år, mot at Israel slepper mellom 990 og 1650 palestinske fangar fri.
Gaza skal også få inn 600 lastebilar med humanitær hjelp kvar dag. Israelske styrkar skal gradvis trekke seg tilbake frå byane på Gazastripa og frå grenseområdet mot Egypt.
I dei neste fasane skal samtalar om fangeutveksling halda fram og israelske styrkar trekkja seg heilt ut.
Palestinarar følgjer med på TV i Khan Younis på Gaza Stripa, før nyheita om våpenkvileavtale . | Foto: AP Photo/Jehad Alshrafi
Minst 78 døde i gullgruve i Sør-Afrika
Fleire hundre arbeidarar har vore innestengde i ei ulovleg gullgruve i Sør-Afrika i fleire månader. Gruva ligg ved byen Stilfontein, 150 kilometer sørvest for Johannesburg. Torsdag seier styresmaktene i landet at det ikkje lenger skal vere nokon att i gruva, etter at minst 78 døde og over 200 overlevande har blitt henta ut.
Sidan november har sørafrikansk politi forsøkt å tvinge arbeidarane ut som ein del av ein aksjon mot ulovleg gruvedrift. Lokale styresmakter blokkerte vatn og mat til gruva. Ifølgje politiet nekta arbeidarane å forlate gruva i frykt for å bli arresterte, medan ein talsperson for gruvearbeidarane fortel til AP at politiet fjerna tauet arbeidarane brukte for å koma seg ut og inn av gruva.
Førre veke vedtok domstolen i landet at styresmaktene måtte sette i gang med ein redningsaksjon, som var starta måndag.
I Sør-Afrika er det mange gruver som er forlatne av større kommersielle aktørar, då dei ikkje lenger blir rekna som lønsame. Fleire av desse gruvene har blitt tekne over av kriminelle gjengar.
Redningsarbeidarar ved gullgruva ved Stilfontein i Sør-Afrika. | Foto: AP Photo/Themba Hadebe
32 nye tiltak mot samehets
Tysdag lanserte regjeringa 32 nye tiltak for å motverke samehets. Det er ein del av handlingsplanen mot hets og diskriminering av samar for 2025–2030.
Fleire av tiltaka i handlingsplanen dreier seg om å hente inn kunnskap om truslar og trakassering mot samar, samiske debattantar og politikarar. Ifølgje Amnesty var det ein auke i negative kommentarar på 10 prosent etter Fosen-saka, og ein av fire kommentarar på Facebook om samar er negative.
Målet er også å auke merksemda og kompetansen i politiet om hatkriminalitet mot samar. I tillegg skal Likestillings- og diskrimineringsombodet skal også opprette ein filial med særleg kompetanse på det samiske.
Regjeringa vil blant anna:
etablere samarbeidsforum mot hets og diskriminering av samar
samarbeide med Sametinget og Samisk elevforum for å sikre medverknad
styrke tilskotsordninga mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar
auke støtta til Stopp hatprat
Fosen-aksjonistar samla seg sommaren 2023 for å markera 600 dagar sidan Høgsterett slo fast at vindkraftanlegga på Fosen er eit pågåande menneskerettsbrot. Aksjonane vert sett i samanheng med auka samehets. | Illustrasjonsfoto: Javad Parsa / NTB
Den suspenderte presidenten i Sør-Korea er arrestert
Yoon Suk-yeol, presidenten i Sør-Korea, vart arrestert onsdag. Han blir etterforska etter at han 3. desember forsøkte å innføre militær unnatakstilstand og sette til side nasjonalforsamlinga.
Yoon blir også etterforska i samband med ei korrupsjonssak blant høgstståande styresmaktpersonar i Sør-Korea.
Politiet måtte bryte seg inn i residensen til presidenten for å pågripe han. Det var mange tilhengjarar av Yoon utanfor bygget, og 3000 politifolk vart sett inn for å kome seg fram. Advokatane til Yoon seier at han vart med politiet frivillig, og at arrestordren er ugyldig.
3000 politifolk vart sett til å kome seg inn i bustaden til Yoon Suk Yeol i Sør-Kora. | Foto: Yoon Dong-jin/Yonhap via AP
Høge mobbetal i elevundersøkinga
12 prosent av elevar på 7. trinn oppgir at dei har vore utsette for mobbing. På 10. trinn er talet 11 prosent, og i fyrste klasse på vidaregåande er talet 6 prosent. Det kjem fram i Elevundersøkinga som vart lagt fram måndag.
Dei siste åra har det vore ein auke i mobbetala, men årets tal er på linje med fjoråret.
– Det er bra at andelen elevar som opplever mobbing ikkje aukar, men vi kan ikkje slå oss til ro med desse tala. Regjeringa har sett i gang ei rekke tiltak for betre skulemiljø, og i år styrkjer vi dette arbeidet ytterlegare, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun i ei pressemelding.
Samstundes seier 9 av 10 elevar i første klasse på vidaregåande, og i overkant av 8 av 10 elevar på 7. og 10. trinn, at dei trivst på skulen.
Elevundersøkinga vart gjennomført i november 2024. Rundt 442 000 elevar deltok i undersøkinga.
Mobbetala går ikkje ned i den nye elevundersøkinga. | Foto: Gorm Kallestad / NTB
Lyspunkt: Norske Karen (21) er yngste som har nådd Sørpolen åleine
Karen Kyllesø (21) planta måndag kveld flagget sitt på Sørpolen. Med det er 21-åringen den yngste personen nokosinne som har nådd Sørpolen åleine.
Kyllesø la ut på ekspedisjonen i november, og gjekk i 54 dagar på ski.
– Eg har late meg styre veldig lite av kjensler, men no byrjar eg å kjenne meir på kjensler rundt det å kome fram. Eg gler meg til det. Det blir ein veldig stor dag i morgon, sa 21-åringen i ei talemelding dagen før bragda.
Karen Kyllesø (21) er historisk. | Foto: Privat via Samlaget
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.