Rekordmange fekk «kjønnsròte» i fjor

I 2024 vart det registrert rekordmange tilfelle av gonoré i Noreg.

NPK/Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Dei siste åra har det vore ei auke i kjønnssjukdommen gonoré i Noreg.

Studentsamskipnaden i Oslo er blant aktørane som har løfta problematikken. Då dei utfordra folk til å kome på nye namn på sjukdommen, var det nyordet kjønnsròte som stakk av med sigeren. Ordet er kanskje ikkje i allmenn bruk, men fekk heiderleg omtale då Språkrådet kåra årets nyord.

Fagpersonar er uroa

I 2024 vart det registrert rekordmange tilfelle av gonoré i Noreg, med 3127 rapporterte tilfelle.

Dette er ein auke frå 2023, då 2985 tilfelle vart registrert, skriv NITO – Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon – i ei pressemelding.

Kaja Marienborg, leiar av NITO Bioingeniørfaglig institutts fagstyre, uttrykkjer bekymring for den aukande smitten av gonoré og risikoen for antibiotikaresistens her i landet.

– Når smittetala berre aukar, tyder det på at smittesituasjonen ikkje blir teken på alvor, seier ho i meldinga.

Størst auke blant menn

Ifølgje Marienborg er den største auken blant menn, medan det er ein nedgang blant kvinner. Marienborg understrekar viktigheita av testing, spesielt ved bytte av partnarar, for å hindre vidare smittespreiing.

Ei Norstat-undersøking utført for NITO Bioingeniørfaglig institutt viser at seks av ti unngår å teste seg etter ubeskytta sex.

Dette skjer trass i at over 90 prosent av dei spurte ser på kjønnssjukdommar som potensielt alvorleg.

Marienborg påpeiker at mange har asymptomatisk sjukdom, noko som gjer regelmessig testing viktig. Ho oppfordrar til bruk av kondom og testing for å redusere smitte og komplikasjonar.

Det er også bekymring for antibiotikaresistens ved gonoré. Sjølv om sjukdommen kan behandlast med antibiotika i Noreg, har fleire europeiske land allereie opplevd resistensproblem.