Eg har berre levd i 24 år, men eg trur aldri eg har sett verda drite seg meir ut enn i år, skriv Linn Isabel Eielsen.
Det er alltid spennande å starte eit nytt år, og 2024 var ikkje noko unntak. Skulle vi fortsette bølgja med Barbie og Eras tour, eller skulle vi gje oss hen til fascismen? Svaret er vel at vi hamna ein stad i midten, men litt lenger mot vikepliktssida enn kva dei fleste burde føretrekkje.
Eg har berre levd i 24 år, men eg trur aldri eg har sett verda drite seg meir ut enn i år. Heldigvis hadde vi tidenes lydspor å danse gjennom brannen i.
Lat meg ta deg gjennom året alle dreit seg ut, med båe trendar og katastrofar.
Januar
Jo Koy (eg måtte google namnet hans fordi eg ikkje hugsa det og no gler eg meg til å gløyme det igjen) var vert for Golden Globes. Her prøver han å drite ut Taylor Swift og Barbie, men klarer eigentleg berre å drite seg sjølv tilbake til livet som ein kven-er-han-sa-du-?. Swift sin reaksjon blir ein viral GIF.
FN sin internasjonale domstol gir beskjed til Israel om at dei er nøydde til å gjere alt dei kan for å forhindre folkemordhandlingar i Gaza.
Donald Trump blir dømd til å betale 83,3 millionar dollar til tidlegare journalist E. Jean Carroll på grunn av ærekrenking. I 2023 blei han erklært skyldig av ein jury for å ha seksuelt misbrukt ho. Grunnlaget for saka var at Trump kalla ho gal og heldt fram å nekte for at det hadde skjedd.
Calvin Klein går viralt for reklamekampanjen med The Bear-skodespelaren Jeremy Allen White, og verda får sin white boy of the month å vere forelska i.
Februar
Israelske soldatar angrip sivile i Gaza by og dreper meir enn ein hundre menneske, noko som gjer at antal drepne i løpet av eitt år er meir enn 30 000.
Tradwife-trenden går viralt på TikTok. Tradwife er ein neologisme kor orda traditional og wife blir sett saman. Ei tradwife er eit bilete på den tradisjonelt ideelle kvinna, som mødrer og heimeverande. Modellen Nara Smith vert ein av dei mest profilerte, og postar videoar av at ho lagar all mat frå botnen. Eit lite steg tilbake for eit individ, eit stort steg tilbake for kvinneheita.
@naraazizasmith who is ready for christmas?!🤍 #easyrecipe #homecooking #fypシ #momtok #toddlersoftiktok #dessert #hotchocolate
Eit arrangement basert på Charlie og sjokoladefabrikken går viralt. Ikkje fordi det er tiltalande og bra, men fordi dei hadde brukt kunstig intelligens til å lage misvisande reklameplakatar. Å dra på sjølve arrangementet skal ha vore som å gå inn i eit galehus.
Taylor Swift blir historisk då ho får Grammyen for årets album for fjerde gong.
Simen Velle meiner at Noreg har fått ein tinderifisert sexkultur, kor nokre menn får «tilgang» på alle kvinner, medan resten ikkje får nokon kvinner. Han sa heldigvis i ettertid sagt at han ikkje meinte noko av det han sa, og modifisert bodskapen omtrent like mykje som gartnarar modifiserer utanlandske jordbær.
Mars
Ariana Grande gjev ut albumet Eternal Sunshine!
Sverige får medlemskap i NATO.
FN estimerer at minst 56 prosent av dei sivile som har blitt drepne i Israel-Hamas krigen er kvinner og barn.
April
Taylor Swift gjev ut albumet The Tortured Poets Department.
Ingvild Kjerkol og Sandra Borch frå Arbeidarpartiet blir tatt for å ha fuska på masteroppgåvene sine. Eg er sjukt lite interessert i å lese dei nye masteroppgåvene dei eventuelt skriv, og synest heller at dei skulle bli tvungne til å levere 120 sider med sjølvransaking.
To av årets største songar blir utgjevne, nemleg Espresso av Sabrina Carpenter og Good Luck Babe! av Chappell Roan.
Chappell Roan varmar opp for Olivia Rodrigo (dessverre ikkje i Noreg) og syng hjartet sitt ut på Coachella og Tiny Desk Concert. Ei stjerne er født!
Mai
Billie Eilish gjev ut albumet Hit me hard and soft.
Donald Trump blir funne skyldig i 32 av tiltalepunkta i den såkalla «Hush money»-saka, kor han har bestukke folk til å halde tilbake eller unngå å dele informasjon.
Noreg anerkjenner Palestina som stat og seier i juni at dei skal ta i mot inntil 20 skadde palestinarar. Dei gjer det ikkje før i desember.
Noreg gjev beskjed til folket at vi burde auke beredskapen vår, for å vere klare for «uventa» situasjonar. Som for eksempel ekstremvêr. Men dei har ikkje tenkt å gjere så mykje med grunnane til ekstremvêret, så vi får alle berre kjøpe stormkjøken og hamstre vatn i boda.
Juni
Charli XCX gjev ut albumet Brat, og internett blir får ein spesifikk grønfarge dei neste månadane. Sumaren blir døypt til brat Summer.
Det blir populært å kalle gutar med eit viss utsjåande for «hot rodents» og trenden rat Summer spreier seg saman med brat Summer.
Internett-memen Hawk Tuah spreier seg som ildt i tørt gras, og den 21 år gamlet tilfeldige skaparen Haliey Welch prøvar seg på ein kryptovaluta som ender med å koste båe ho sjølv og alle andre mykje pengar i tap.
Juli
Biden trekker seg, Kamala Harris annonserer at ho skal stille til presidentval. Charlie XCX deklarerer at Kamala Harris er brat.
OL blir arrangert i Paris, og den norske symjaren Henrik Christiansen går viralt for å ete muffins.
Katy Perry gjev ut songen Woman’s World som skal handle om kor sterke og kompetente kvinner er, medan det einaste ho gjer i musikkvideoen er å putte ei bensinpumpe i rumpa for å gje seg sjølv energi eller noko. Røpealarm: Korkje songen eller videoen blei særleg godt mottatt.
Dvergflodhesten Moo Deng blir født den 10. juli og tek internett og verda med storm.
August
Chappell Roan set grenser ved å be fans om å roe seg ned og ikkje stalke ho. Mange reagerer med å kalle ho bortskjemd.
Sabrina Carpenter gjev ut albumet Short and Sweet.
Oasis annonserer at dei skal tilbake på turné saman etter ein mange år lang feide.
It ends with us (Det ender med oss) har norsk kinopremiere, og heile verda bestemmer seg synkront for å hate hovedrolleinhavaren Blake Lively.
Det endar ikkje her. Før jul skal Blake Lively saksøke motspelar Justin Baldoni for seksuell trakassering og fiendtleg arbeidsmiljø på settet til filmen.
Kan det hende at hatinga av Blake Lively heng saman med ein anna trend denne månaden, nemleg videoen demure? Etter eit morosamt TikTok-klipp av Jools Lebron skulle alle plutseleg vere audmjuke og sjenerte. Videoen gjorde det mogleg for Lebron å få kjønnskorrigerande helsehjelp, og vi klappar for det!
Alle lagar agurksalat.
Simen Velle får 6000 kronar i månaden for å vere folkevald i Asker, men har 100 prosent fråvær. Han trekker seg når det blir avslørt i avisa.
September
Under den eine debatten med Kamala Harris, spreier Trump eit rykte om at haitiske immigrantar eter kattane og hundane til amerikanare. Ein enormt skadeleg ting å seie, men det kom ein veldig fengande remix ut av saka.
Hundefløyta «stem frp» spreier seg i kommentarfelta på TikTok, ofte på videoar med kvinner, minioritetar og folk med anna hudfarge.
Oktober
Folk kler seg ut i ultraspesifikke Halloween-kostyme, som for eksempel tennisballen frå filmen Challengers og parkostymet Chappell Roan og passasjersetet.
Kraftig regnvêr fører til ein stor flaum i Spania kor over 200 menneske mistar livet. Befolkninga kastar gjørme på kongefamilien når dei kjem på besøk i ruinane.
November
Donald Trump blir president igjen.
Frp blir Noregs største parti på ei måling.
Wicked har premiere på kino, eg går og ser filmen med forventning om Mamma Mia stemning og går sjokkert ut frå salen etter å ha innsett at han handlar om fascisme. Ein passande tematikk for 2024!
Gracie Abrams sin bonussong That’s my life spreier seg på TikTok og hoppar i siste liten inn i rekka blant dei andre kvinnene i eit fantastisk år for popmusikk.
Den internasjonale straffedomstolen sender ut ein arrestordre på Israel sin statsminister Benjamin Netanyahu og Hamas sin militære ledar Mohammed Deif.
Andrew Garfield drar endeleg på ein kylling-date med Amelia Dimoldenberg, etter over eit år med trygling frå alle (meg inkludert).
Desember
Luigi Mangione blir tiltalt for å skyte og drepe Brian Thompson, leiaren i det amerikanske helseforsikringsselskapet UnitedHealthcare. Kula har orda «deny, defend, depose» på seg, eit nikk til forsikringsselskapenes utspekulerte måte å nekte folk dekning som dei eigentleg har krav på. Media er sjokkert over mangelen på landesorg, og det blir lagd ein rekke memes om at amerikanarar er nærme å oppnå klassemedvit.
Taylor Swift held den siste Eras Tour konserten i Vancouver, Canada. Turnéen slår rekordar og blir turnéen med høgast inntening nokosinne, med over 2 milliardar dollar.
Artisten Sol Heilo får ei tilhengar med spesiallaga musikkutstyr stjåle: Hengaren hadde innhald med verdiar på over ein million kronar, og eit julemirakel (eller redsel for offentleg uthenging) kom hengaren til rette 16. desember!
Det er altså håp for menneska, men utdritningsfaktoren har vore høg frå alle kantar i år. Lat oss håpe at 2025 blir mindre innhaldsrikt og at det vert ei viss balanse att.
Sjåast i 2025!