Noreg vil forby reptil som kjæledyr
I dag har du lov til å ha 19 ulike typar slangar, øgler og skjelpadder. Det kan det bli slutt på.
Denne saka var først publisert i systeravisa vår Framtida Junior.
For sju år sidan vart det lov for privatpersonar å ha utvalde reptil heime, men no vil regjeringa at det ikkje skal vera lov lenger.
Landbruksminister Geir Pollestad (Senterpartiet) forklarar at grunnen er dei er uroa for om reptila har det bra.
– For det første er det vanskeleg å sikra at dei har god dyrevelferd fordi dei har lite kjensler, og gjev lite uttrykk for korleis dei har det, seier han til avisa VG.
– For det andre har dei ingen glede av menneskeleg kontakt.
Han peikar òg på at reptil òg har salmonellabakteriar.
Eit fleirtal av politikarane på Stortinget må stemma ja, for at det skal bli reptilforbod i Noreg.
Om du blir redd for at du må kvitta deg med slangen, øgla eller skjelpadda di, kan du pusta letta ut. Du får nemleg lov å behalde dei reptila du allereie har.