Kjærlighet: – Ingen annan regissør har bidratt så mykje til det norske filmåret 2024
Kjærlighet avsluttar Dag Johan Haugerud sin filmtrilogi på verdig vis, ifølgje meldar Jenny Lund.
Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.
Trass i veninna sine gode intensjonar og forsøk på å skaffe henne ein partnar, er eigentleg ikkje legen Marianne (Andrea Bræin Hovig) så oppteken av å ha kjærast.
Eit lys vert tent då kollegaen hennar, sjukepleiaren Tor (Tayo Cittadella Jacobsen), fortel ho om sitt eige forhold til, vel, nettopp forhold. Han er homofil og finn stadig andre menn som han har uforpliktande sex med, noko som appellerer til Marianne.
Spørsmålet er om andre vil vere like opne for det.
Kjærlighet
Noregspremiere: 25.12.2024
Regissør: Dag Johan Haugerud
Aldersgrense: 9 år
Sjanger: Drama
Speletid: 1t 59m
Produktiv som få
Regissør Dag Johan Haugerud har hatt ikkje mindre enn tre filmar på kino i år, i trilogien Sex, Drømmer, Kjærlighet. Prosjektet har teke for seg lengsel og kjærleik blant ulike menneske i Oslo og formene desse kjenslene tek. Som namnet tilseier, er dette den siste filmen i serien.
Det er litt vemodig, fordi eg har sett fram til kvar av dei.
Handlinga beveger seg lett mellom eit knippe karakterar, i dette tilfellet Marianne og Tor, og menneska dei omgir seg med. Medan Marianne vurderer å gå inn i eit forhald med geologen Ole Harald (Thomas Gullestad), knyt Tor eit band til psykologen Bjørn (Lars Jacob Holm), som vert pasient på sjukehuset der han jobbar.
Kjærlighet held på dei same kvalitetane som gjorde at eg forelska meg i både Sex og Drømmer: Godt skodespel, vakkert foto, men aller mest, eit manus med ein merkbar kjærleik for heilt kvardagslege folk og deira liv. Alt er så underfundig og vanleg på ein og same tid.
Og eg må jo vere ærleg: Det er litt ekstra gøy sidan eg for tida bur i Oslo. Eg har vore på desse plassane, og sjølv om dei ikkje er så transcendent vakre som fotograf Cecilie Semec får dei til å sjå ut, er det eit aldri så lite rush å kjenne noko igjen.
For å bringe det heile saman er Peder Capjon Kjellsby, som også gjorde lydsporet for Sex, tilbake med silkemjuk musikk som eg klør i øyra etter å høyre igjen. Musikken frå Sex og Drømmer har allereie gått sin sigersgang på Spotify-kontoen min, så nå smørjer eg meg berre med tolmod.
Skeiv film
Sjølv om heile trilogien har handla om menneske som har opplevd tiltrekking til same kjønn, utan å nødvendigvis la det definere dei, kjennest Kjærlighet ut som den som klarast tar for seg skeiv identitet og kultur.
Handlinga spring ut frå eit møte mellom ei heteroseksuell kvinne og cruising, ein sexkultur hovudsakleg forbunde med homofile menn. Det møtet er ikkje uproblematisk, som ein får sjå då ein elles fin kveld får ein uventa slutt med då Marianne vart meir kjent med mannen ho låg med.
Likevel får ein aldri kjensla av at filmen i seg sjølv dømer ho for å oppsøkje eit liv med tilfeldig sex. Friksjonen kjem heller frå korleis andre karakterar oppfattar dette valet, og kor krunglete det kan vere å setje seg inn i mønster som er atypiske for eige kjønn og legning.
På den andre sida er Tor og Bjørn, homofile menn frå ulike generasjonar. Forhaldet deira startar litt ambivalent, men vert etter kvart noko av det finaste i filmen.
Eg kan verkeleg ikkje prise Haugerud nok for korleis han skriv dialog til filmane sine, og scenane der dei to berre pratar har ei rå tiltrekkingskraft, med ein historisk dimensjon likeså ein personleg ein.
Verdig slutt
I notata eg tok under pressvisninga står det ganske tidleg den enkle setninga «eg koser meg».
Det synest eg eigentleg dekkjer det ganske bra. Kjærlighet er ein film eg vert glad av å sjå. Handlinga i seg sjølv er ikkje utelukkande gledeleg – sjukdom, familieoppløysing og møter som endar surare enn dei startar høyrer alle til her. Likevel er det heile gjort med ei slags verdigheit for karakterane som verkeleg løftar det heile. Kommunetilsette som elskar kunst, geologar som elskar stein, og mødrer som ikkje får sove har alle plass her.
Med Kjærlighet har Haugerud sin filmtrilogi nådd sin verdige slutt, og eg føler meg ganske trygg i mi sak når eg seier at ingen anna enkeltregissør har bidratt så mykje, og så godt, til det norske filmåret 2024.
No kjem den vonde tilpassingsperioda der eg må bli vant til å ikkje ha ein ny film ventande frå han kvar fjerde månad.
Ein veit verkeleg ikkje kor godt ein har det, før det er over.
Terningkast: 5