Nikon Comedy Wildlife 2024 har kåra eit ekorn med overkroppen i eit tre til årets morosamaste dyrebilete.
Hovudvinnaren og vinnarbiletet i kategorien «Pattedyr» er teke av italienske Milko Marchetti. Han fotograferte det fastlåste ekornet i ein park i Ravenna i Italia i 2022, og har vist det fram i diverse føredrag.
– Publikum bryt alltid ut i energisk latter når eg viser dette biletet, forklarar han til Nikon Comedy Wildlife 2024.
I år er tiande gongen konkurransen vert arrangert. 9000 bidrag vart vurdert, og av desse vart 45 finalistar plukka ut.
Hovudpremien er eit trofé, ein fotobag og ein safaritur til Masai Mara i Kenya.
«Mantis Flamenca» – Jose Miguel Gallego Molina
Spanske Jose Miguel Gallego Molina fotograferte denne knelaren i grøftekanten i heimbyen sin.
«Frosk i ein ballong» – Eberhard Ehmke
Denne frosken ser ut til å ha fått seg ein dykkarhjelm, eller ballong.
«Kvitkinnsvartterne krasjlandar» – Damyan Petkov
Fotografen var meir heldig med dette biletet, enn fuglen var med landinga.
«Uventa rollebyte» – Przemyslaw Jakubczyk
Oftast er det den ørna som jaktar fisken, her har fotografen fanga eit uvanleg syn.
«Kyssande ugler» – Sarthak Ranganadhan
Den unge fotografen Sarthak Ranganadhan syntest det var morosamt å sjå to tempelugler tilsynelatande kysse, medan avkommet deira sit ved sidan.
– Foreldra våre finn alltid på måtar å gjera oss flaue, eg går ut ifrå at det òg er tilfelle for tempeluglene, seier fotografen til Nikon Comedy Wildlife.
«Klein smilande frosk» – Kingston Tam
Kingston Tam har fotografert sidan han var 10 år gamal. I 2022 flytta han frå Hongkong til Australia for å studera natur, der han vart introdusert for eit miljø som leita etter reptilar og amfibium.
– Målet mitt med bileta er å setja fokus på våre skjeldekte eller blaute vener, visa at ikkje berre mjuke dyr kan vera søte og vakre, seier Tam.
«Shake ruffle rattle and roll» – Tapani Linnanmäki
Denne ørna viste seg fram for fotografen.
«Ekorn» – Flynn Thaitanunde-Lobb
10 år gamle Flynn Thaitanunde-Lobb frå England har fotografert sidan han var fem år gamal, og er den yngste kategorivinnaren i konkurransen nokosinne.
Han har sendt inn denne biletserien av eit leikent ekorn.