Finansministeren om Trump: – Noreg kjem til å vera eit trygt land

Finansministeren trur det vil bli mykje medieoppslag, men er trygg på at Noreg vil samarbeida mykje med USA.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Denne saka vart fyrst publisert av systeravisa vår, Framtida Junior

 Kva kjem til å skje med Noreg, no når Trump er valt til president i USA på ny?

– Noreg kjem til å vera eit trygt land for det. Det er viktig å hugsa på. Så brukar me mykje meir pengar på forsvar i Noreg no, fordi Russland har den fæle krigen mot Ukraina. Det gjer me for at me ikkje vil at det skal bli krig i Noreg nokon gong, seier Trygve.

Han peikar på at det gjekk fint med samarbeidet mellom Noreg og USA sist gong Trump var president.

– Det kjem nok til å bli mange medieoppslag og mykje uro. Trump er jo ein fyr som ikkje er så grei når han uttalar seg. Han er veldig hard. Men at Noreg kjem til å samarbeida mykje med USA òg framover, det føler me oss ganske trygge på.

Sjå meir frå Framtida Junior sitt intervju med Trygve Slagsvold Vedum: