Nedst i sekken til Einar ligg smarttelefonen hans. Han bruker den så lite som mogleg og kallar det ei distraksjonsmaskin som han gjerne skulle vore utan.
– Mobilen er ein utruleg liten ting som kan øydeleggje så utruleg mykje, seier Einar Guttu Ekeberg (22).
Den er ein roleg ettermiddag på Universitetet i Oslo. På Frederikke Spiseri sit Einar og nyt ein cortado etter ein lang dag på fakultetet. I dag lever han eit balansert liv, han er motivert for studiet, har ei aktiv fritid og er mykje sosial. Slik har det ikkje alltid vore.
Pandemikrise
Då pandemien braut ut og landet vart stengd ned, opplevde Einar det han beskriv som ei psykisk krise.
– Eg har aldri keia meg så mykje i heile mitt liv, fortel han, og tar ein slurk av kaffien.
I perioden før den norske koronanedstenginga byrja han å lese eksistensiell litteratur og blei samstundes meir nysgjerrig på desse gamle telefonane som ein brukte før. Etter kvart skaffa han seg ein Nokia knappetelefon, eller ein «dumtelefon», som den også blir kalla.
– Dei månadene fekk eg mykje tid til å tenkje. Eg gjekk mykje i skogen, seier han.
Det var då det blei klart for han kor dårleg kvalitet det er på alt som skjer på skjerm.
Understimulert
– I ei tid som blei prega av videosamtalar og nyhende på nett, skjønte eg kor negativ påverknad skjermane hadde på meg, fortel Einar.
– Sidan alle sosiale aktivitetar vart avlyste, var det me sat igjen med det som er digitalt. Det var då eg innsåg kor elendig det er, seier Einar, som kjende seg understimulert.
Då samfunnet opna igjen gjekk Einar tilbake til smarttelefon for å få med seg kva som skjedde. For han vog det positive ved å kunne vere med på festar og sosiale lag igjen, opp for dei negative sidene ved mobilen.
Einars tips til eit meir skjermfritt liv:
- Les: Stolen Focus, The Anxious Generation, Stand Out of Our Light.
- Ven deg til å vere mindre på mobil. Skru av lyden og legg den i sekken.
- Les ei bok i ein time og bruk ein time på mobil. Samanlikn korleis du kjenner deg.
- Finn andre ting som gir deg glede.
- Fysisk distansering frå mobilen er eit viktig verktøy.
Eit år på eventyr
Kaffikoppen er tom og Einar kler på seg for å gå ut i haustvêret. Han held fram med å fortelje.
– Pandemien var eit helvete og eg trengde å oppleve noko nytt.
Einar tok seg difor eit jobb- og reiseår.
Det året gjorde han mykje utanom det vanlege. Han drog mellom anna til Stavanger, der han budde i hengekøye samstundes som han jobba i ein bar.
– Det er den tida i livet det har fungert best med dumtelefon, fortel han med eit smil.
Før det reiste han til Colombia etter å ha høyrt om eit britisk-colombiansk par som hadde levd eit travelt liv i London, og flykta frå storsamfunnet til regnskogen.
– Eg ville prøve å leve i eit samfunn utan teknologi, fortel Einar.
Einar opplevde det som ein retur til steinalderen. I regnskogen fekk han leve tett på naturen og det kjentest riktig.
Betre hugs
– Me har steinalderinstinkta i oss, men dei blir ikkje vekka før me kjem litt vekk frå samfunnet, seier Einar.
I løpet av vekene i Colombia opplevde han å få betre hugs og klarare tankar. I tillegg merka han at samtalane vart betre. På grunn av færre distraksjonar var det lett å gå djupare når dei samtalte.
Etter vekene i regnskogen skulle han logge seg inn på mobilen igjen og sjekke mail.
– Det var veldig intenst, seier han.
– Tal og prosentar blinka mot meg. Det var utropsteikn og sterke utsegn frå alle reklamemailane. Alt dette er veldige inntrykk som me ikkje tenkjer over til dagleg, fordi me blir heilt nomen av det, men etter ei god stund i naturen var det nesten brutalt for hovudet mitt, seier han.
Einar går over plassen på UiO. Blada på trea har skifta farge og varslar ei ny årstid. Einar meiner at det er unaturleg for menneske å få sanseinntrykk frå skjermen. Medan den fysiske verda er føreseieleg, samanhengande og følgjer naturlovene, meiner Einar at den digitale verda er uføreseieleg. Når ein er på skjerm er det ikkje alltid samsvar mellom det ein ser, høyrer, og der ein er.
– Me må ikkje undervurdere kroppen sitt behov for å vere i seg sjølv. Når eg er på skjerm blir kroppen framandgjort og uroleg, seier Einar.
– Sanseinntrykka frå til dømes TikTok er jo heilt ville, seier han litt opprørt.
Samfunnet gjer oss avhengige
Etter reiseåret byrja han på skrivelinja på ein folkehøgskole i København, men byta etter eit halvår til Nansenskulen i Lillehammer. Så byrja han på informatikk på UiO, der han går no.
I dag bruker han smarttelefon, mot sin eigen vilje. Han meiner det er eit val som samfunnet har tatt for han. Viss det hadde vore enklare å leve utan, hadde han halde fram med det.
Vipps og bussbillett er noko av det han treng mobilen til. Han har også Instagram på mobilen og går innom appen cirka kvar andre dag.
– Då går det ikkje lenger enn ti sekund før eg hugsar at det berre er søppel der inne. Eg blir både matt og apatisk av å vere på Instagram. Så før det har gått 15 sekund, er eg ute av appen igjen.
Sjølv om Einar har smarttelefon meiner han at den gjer han apatisk, og brukar den difor minst mogleg. Når han er heime legg han den ofte i eit anna rom. Og ein sjeldan gong bytar han til dumtelefonen igjen. Det er noko av det beste han gjer.
Berre søppel og distraksjonar
– Det er så deilig og så enkelt. 90 prosent av det me fyller oss med på skjerm er berre søppel. Så ein går ikkje glipp av så mykje. Når eg ikkje har smarttelefon klarer eg lettare å roe meg ned og merksemda mi blir skarpare, seier Einar.
Einar står på T-banestasjonen og ventar på banen. På perrongen står mange og ser ned i mobilen sin. Når Einar tar banen plar han å lese ei bok eller ei avis. Det gir han mykje meir enn om han skulle sett på reels. Det gjer han aldri.
– Mobilen kan vere veldig distraherande og tar oss vekk frå der me eigentleg er, seier Einar.
Måler ikkje skjermtid
«Linje fem til Sognsvann,» seier høgtalarane på Forskningsparken T-banestasjon. Einar går på.
– Kor mange timar brukar du på mobilen kvar dag?
– Eg måler ikkje, seier Einar.
– Måling av skjermtid gir berre dårleg samvit, og det hjelper ikkje. Det blir som å gi nokon narkotika og forvente at dei skal måle kor mykje dei tek, for at dei skal skamme seg over det, meier Einar.
Han meiner at me ikkje skal ha dårleg samvit for noko som ikkje er vår feil.
– Skjermavhengnad er eit samfunnsproblem, ikkje eit individproblem, seier han.
Difor meiner Einar at me treng løysingar på samfunnsnivå og statlege reguleringar for å løyse skjermavhengnadsproblemet.
Røykelov for skjerm
Han meiner staten burde vurdere å forby dei avhengnadsskapande mekanismane innanfor kommersiell reklamedriven teknologi.
– Det har aldri vore eit behov for reels. Ingen på 1800-talet sakna reels og det er ikkje sikkert folk hadde sakna det om det blei fjerna
Han håpar på ein røykelov for skjermane. Med det meiner han at alle kjem til å hate det i byrjinga, men at det kjem til å redde mange og vere til det betre for heile samfunnet. Han føler at samfunnet har tatt valet for han, i og med at det ikkje er mogleg å leve utan skjerm.
– Kva skal til for at du går tilbake til dumtelefon for alltid?
– Fyrst må politikarane innsjå kor negativt det er, og så må dei leggje til rette for at det er like lett å leve utan smarttelefon som med. Det må gå an å skaffe seg billettar og slike ting, seier Einar.
Mobilfrie stunder med vener
For Einar er det viktig å legge vekk mobilen i sosiale samanhengar. Noko av det beste han veit er stunder med vener utan mobil. Han opplever at alle er meir til stades, mykje gladare og til og med meir morosame. Han har heldigvis mange vener som er einige med han på dette punktet, som også set pris på sosiale treff der mobilen ikkje er til stades.
– Internett lar oss følgje med på hendingar me ikkje er med på sjølve, og når folk gjer det kan ein få inntrykk av at dei skulle ynskje at det var ein annan stad. Då må me konkurrere om merksemda deira. Eg ynskjer ikkje å konkurrere med ein dings når eg samtalar med ein ven.
– Når den andre tek opp telefonen føler du deg åleine sjølv om den er der. I sosiale samanhengar der mobilar er til stades er eg redd for at folk ikkje tør å vere sårbare og at dei snakkar mindre om viktige ting, seier Einar.
– I kontakt med meg sjølv
Han går ut av banen på Sognsvann stasjon og går ned mot vatnet. Einar har alltid vore glad i å vere i naturen. Etter opphaldet i regnskogen merka han kor godt det gjorde. Noko av det beste han veit er heile dagar i skogen, utan mobil, gjerne med vener og helst med overnatting i telt.
I naturen opplever han at han kan tenkje djupare, lengre og friare tankar. Han trur noko av det viktigaste, om ein ynskjer å bruke mindre tid på mobil, er å ha noko anna å bruke tida på. Sjølv får han god tid til aktivitetar som ski, klatring og trening.
– Det er mykje som kjemper om merksemda mi. Men eg må velje kva eg vil bruke den på. I byen er det mykje kaos, mange skjermar og eit jækla køyr. Det skadar merksemda og eg har vanskeleg for å vite kva eg vil, når eg er i byen. I naturen kjem eg i kontakt med meg sjølv og merksemda blir reparert, seier Einar, og ser ut over vatnet.
Stunder som varar
Han tenkjer tilbake på eit sommarminne:
Einar og ein kompis drog opp til Songsvann. Mobilen låg heilt nedst i sekken. Ingen sjekka Instagram, ingen sende meldingar eller ringde i telefonen. Ingen skulle dokumentere på Snapchat eller BeReal. Dei samtalte om dei viktige tinga i livet, før dei kasta T-skjortene og hoppa i vatnet. Kald vatn mot bar hud og luftbobler som bobla mot overflata. Einar sumde bakover på rygg og såg opp mot skyene. Ei måke flaug bekymringslaust over himmelen. Tilbake på land låg Einar og kompisen og tørka i sola. Dei delte idear, tankar og lo høgt samen.
Einar kjenner mange som skulle ynskje dei hadde det same forholdet til mobilen som det han har sjølv og opplever at det er blitt norm å klage over eigen skjermbruk.
– Det tyder på at samfunnet ikkje er heilt slik folk skulle ynskje, konkluderer Einar.