Har du fått med deg nyheitene i veka som gjekk? Test deg i vår nyheitsquiz!

Quiz: Nyheitsquiz veke 44
- Spørsmål 1 av 11
1.
Kven vann Gullballen for herrar?
Si! Spanske Rodri vann Gullballen på herresida.
Manchester City-spelaren vart i sommar kåra til beste spelar i EM, der han tok Spania heilt til topps. Han vann òg Premier League med City førre sesong.
Men det vart drama i samband med utdelinga av Gullballen. Real Madrid, som vann «Årets låg, boikotta utdelinga etter det på førehand vart lekt at Rodri ville vinne over Vinicius Jr. Ingen møtte opp frå dei for å ta imot prisane for «årets lag» og «årets trenar» (Ancelotti).
Teamet rundt Vinícius skal hevde at det er spelarens kamp mot rasisme som robba han for prisen, skriv VG. Vinícius kom på 2. plass.
– Eg vil gjere det ti gonger, om nødvendig. Dei er ikkje klare, har spelaren lagt ut på X etter utdelinga i Paris.
Erling Braut Haaland vart nummer fem og Martin Ødegaard nummer 19 i kåringa.
Ikkje overraskande var det Rodris spanske lagkamerat, stjerneskotet Lamine Yamal, som vart kåra årets unge spelar.
Les meir om Yamal her: Yamal (16) er tidenes yngste EM-spelar
No! Spanske Rodri vann Gullballen på herresida.

- Spørsmål 2 av 11
2.
Kor mykje er Google dømt til å betale i bot av russisk domstol?
Riktig! Ein russisk domstol har dømt morselskapet til Google, Alphabet, til å betala 2,2 kvintillionar kroner, melder The Moscow Times.
Den svimlande summen er langt meir enn klotens samla brutto nasjonalprodukt, og neppe ein sum Google må ut med, ifølgje Tek.no. Selskapet fekk bot fordi russiske medium og YouTube-kanalar vart sanksjonert som følgje den russiske invasjonen av Ukraina.
Feil! Ein russisk domstol har dømt morselskapet til Google, Alphabet, til å betala 2,2 kvintillionar kroner, melder The Moscow Times.
Den svimlande summen er langt meir enn klotens samla brutto nasjonalprodukt, og neppe ein sum Google må ut med, ifølgje Tek.no. Selskapet fekk bot fordi russiske medium og YouTube-kanalar vart sanksjonert som følgje den russiske invasjonen av Ukraina.
- Spørsmål 3 av 11
3.
Kva land forbyr tobakksfri snus?
Oui!
Franske ungdommar har rett og slett blitt nikotinforgifta av ein ny type tobakksfri snus.
Snus med tobakk har vore ulovleg å selja i EU sidan 1992. Den nye snustypen inneheld ikkje tobakk, men er likevel rekna som eit nytt tobakksprodukt, og difor ikkje lov å ta med frå opphavslandet Sverige til Noreg, melder VG.
No!
Franske ungdommar har rett og slett blitt nikotinforgifta av ein ny type tobakksfri snus. Snus med tobakk har vore ulovleg å selja i EU sidan 1992. Den nye snustypen inneheld ikkje tobakk, men er likevel rekna som eit nytt tobakksprodukt, og difor ikkje lov å ta med frå opphavslandet Sverige til Noreg, melder VG.
- Spørsmål 4 av 11
4.
Kva kjendis møtte opp på sin eigen dobbeltgjengar-konkurranse?
Riktig! Ungpikeyndlingen Timothée Chalamet (28) dukka søndag opp og tok bilete med deltakarane i ein dobbeltgjengarkonkurranse, melder VG.
Vinnar Miles Mitchell (21) frå Staten Island hadde kledd seg ut som Chalamet i filmen Willy Wonka og trakk det lengste strået. Han fekk ein gigantisk sjekk på heile 50 dollar, og kan skryte av å vera dobbeltgjengaren til Chalamet!
Feil! Ungpikeyndlingen Timothée Chalamet (28) dukka søndag opp og tok bilete med deltakarane i ein dobbeltgjengarkonkurranse, melder VG.
Vinnar Miles Mitchell (21) frå Staten Island hadde kledd seg ut som Chalamet i filmen Willy Wonka og trakk det lengste strået. Han fekk ein gigantisk sjekk på heile 50 dollar, og kan skryte av å vera dobbeltgjengaren til Chalamet!
- Spørsmål 5 av 11
5.
Kva var Halloweenkostymet til Heidi Klum i år?
Rett!
Supermodellen er kjend for sine ikoniske kostyme på Halloweenfesten sin, og i år var ho romvesenet ET.
OBS: Dette er frå filmen, men til forveklsling klin likt.
Feil!
Supermodellen er kjend for sine ikoniske kostyme på Halloweenfesten sin, og i år var ho romvesenet ET.
OBS: Dette er frå filmen, men til forveklsling klin likt.
- Spørsmål 6 av 11
6.
Kva plass kom Caroline Graham Hansen på i kåringa av verdas beste kvinnelege fotballspelar?
Riktig! Ho vart nummer to.
Gullballen gjekk til Aitana Bonmatí som speler på Barcelona saman med Graham Hansen. Det er andre år på rad at Bonmatí blir kåra verdas beste spelar.
Feil! Ho vart nummer to.
Gullballen gjekk til Aitana Bonmatí som speler på Barcelona saman med Graham Hansen. Det er andre år på rad at Bonmatí blir kåra verdas beste spelar.
- Spørsmål 7 av 11
7.
Kven er den nye leiaren i Unge Venstre?
Rett! Omar Svendsen-Yagci (20) vann ei kampvoteringa på Unge Venstre sitt landsmøte førre helg, og tek over vervet etter Ane Breivik. Les meir på Framtida.no.
Feil! Omar Svendsen-Yagci (20) vann ei kampvoteringa på Unge Venstre sitt landsmøte førre helg, og tek over vervet etter Ane Breivik. Les meir på Framtida.no.
- Spørsmål 8 av 11
8.
Kva stilte Donald Trump opp i denne veka?
Riktig! Donald Trump stilte opp for pressa i ein søppelbil med kampanjelogoen sin på. Kritikken har rast etter at ein komikar kalla Puerto Rico ein «flytande haug med søppel» på eit valkamparrangement for Trump. Då president Joe Biden svara at det var tilhengjarane til Trump som var søppel, såg den republikanske kandidaten sitt snitt til å snu saka.
Feil! Donald Trump stilte opp for pressa i ein søppelbil med kampanjelogoen sin på. Kritikken har rast etter at ein komikar kalla Puerto Rico ein «flytande haug med søppel» på eit valkamparrangement for Trump. Då president Joe Biden svara at det var tilhengjarane til Trump som var søppel, såg den republikanske kandidaten sitt snitt til å snu saka.
- Spørsmål 9 av 11
9.
Kva heiter partiet som vart utpeikt som vinnar av valet i Georgia?
Riktig! Georgisk Draum er eit Russland-venleg parti som vart utropt som vinnar med eit reint fleirtal på 54 prosent.
Både opposisjonen og internasjonale observatørar fryktar at valet ikkje vart gjennomført riktig, og melder om veljarpress, vald, skadeverk og ujamne kår for kandidatane. Den sitjande presidenten Salomé Zourabichvili skriv på X at ho ikkje kan anerkjenna valresultatet.
– Det ville legitimera Russlands overtaking av Georgia. Våre forfedrar har mått halde ut for mykje til at me skal gje opp vår europeiske framtid, skriv ho.
Feil! Georgisk Draum er eit Russland-venleg parti som vart utropt som vinnar med eit reint fleirtal på 54 prosent.
Både opposisjonen og internasjonale observatørar fryktar at valet ikkje vart gjennomført riktig, og melder om veljarpress, vald, skadeverk og ujamne kår for kandidatane. Den sitjande presidenten Salomé Zourabichvili skriv på X at ho ikkje kan anerkjenna valresultatet. – Det ville legitimera Russlands overtaking av Georgia. Våre forfedrar har mått halde ut for mykje til at me skal gje opp vår europeiske framtid, skriv ho.
- Spørsmål 10 av 11
10.
Kva heiter det amerikanske hangarskipet som er i Noreg?
Riktig! Krigsskipet «Harry S. Truman» har vore på Nato-øving i Noreg og stikk innom Oslo i helga, melder VG.
Det er innført flyforbod over Oslofjorden og dei som kjem for nært skipet kan venta seg saftige bøter.
Feil! Krigsskipet «Harry S. Truman» har vore på Nato-øving i Noreg og stikk innom Oslo i helga, melder VG.
Det er innført flyforbod over Oslofjorden og dei som kjem for nært skipet kan venta seg saftige bøter.
- Spørsmål 11 av 11
11.
Kva heiter stormen som har rasa over Vestlandet denne veka?
Riktig! Stormen «Jakob» har fløymd over kjellarar, teke med seg vegar og ei bru i Odda. Heldigvis er Jakob rask, og er forbi like brått som han kom.
Feil! Stormen «Jakob» har fløymd over kjellarar, teke med seg vegar og ei bru i Odda. Heldigvis er Jakob rask, og er forbi like brått som han kom.