Elevorganisasjonen vil ikkje fjerna haustferien: – Ein pause for elevane er bra

Senterpartipolitikar føreslår å fjerna haustferien. Utdanningsforbundet og Elevorganisasjonen er kritiske.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Stortingsrepresentant for Senterpartiet Anja Ninasdotter Abusland har vore ute i Dagbladet og føreslått å avvikla haustferien.

– Haustferien er utdatert og kjem frå ei tid me ikkje er i. Tanken bak ferien var å hausta poteter, men slik er ikkje kvardagen i dag. Barn har ikkje lenger behov for denne ferien for å reisa heim og jobba, seier ho til VG.

Potetferie

Haustferien vart tidlegare kalla potetferie, og var lagt til då potetene skulle haustast.

No er det fylkeskommunane som bestemmer tidspunkt for haustferien. Halvparten av landets fylke har i år ferie i veke 40 og resten i veke 41.

På Svalbard og i Troms og Finnmark har elevane haustferie i over ei veke.

Abusland meiner det er mykje press på å rekkja alt skulearbeid før haustferien, og at mange foreldre har problem med at dei har for få fridagar til å ta ferie.

Elevorganisasjonen: – Ein pause for elevane er bra

Utdanningsforbundet er kritiske til å gje elevane mindre ferie.

Òg Elevorganisasjonen meiner at dagens ferieordning fungerer bra, og ser ikkje noko behov for endring.

– Ein pause for elevane på hausten er bra, og gjev ei moglegheit til å henta seg inn att etter skulestart. Om haustferien fjernast vil det vera veldig langt mellomrom mellom sommarferie og juleferie, seier leiar Madelen Kloster til VG.