Ungdomskriminalitet:

Alma (15) og Sigrun (16) vil senke den kriminelle lågalderen

Dei ønskjer ein kriminell lågalder på 13 år for å stoppe auken i ungdomskriminaliteten, men Justisdepartementet fryktar det kan ha motsett effekt.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Det finst ikkje eit magisk tiltak som gjer at vi blir kvitt all ungdomskriminalitet. Men, eg tenker det er viktig at ein ser både på korleis ein kan førebyggje at fleire blir rekruttert inn i kriminelle miljø, og korleis ein kan unngå at dei som allereie er i desse miljøa held fram med kriminalitet.

Det seier Alma Tokle. Framtida.no møter 15-åringen saman med Sigrun Refsnes (16) på ein benk utanfor Oslo fengsel på Grønland. Dei er begge aktive i Oslo Unge Høgre, og har diskutert mykje kva som kan gjerast med ungdomskriminaliteten i byen, eit tema dei er svært engasjerte i.

Dei to ungdomspolitikarane tar til orde for strengare straff for unge lovbrytarar.

– Det tiltaket vi ser på som mest effektivt for å unngå at folk gjennomfører kriminelle handlingar, er å senke den kriminelle lågalderen, seier Tokle og utdjupar:

– I dag kan i prinsippet ein 14-åring utføre grov kriminalitet utan at det har nokon konsekvensar, fordi ein ikkje kan straffast. Eg meiner at viss du er kapabel til å gjennomføre ei slik handling, så burde du kunne stå inne for konsekvensane av den handlinga også.

 

Kriminell lågalder i Noreg

  • Kriminell lågalder er alderen ein person må ha nådd for å kunne bli dømt til straff om ein gjer noko ulovleg.
  • Den kriminelle lågalderen er forskjellig frå land til land.
  • I Noreg er denne grensa 15 år.
  • Fram til straffelova vart endra i 1987, var den kriminelle lågalderen i Noreg 14 år.
  • På 1800-talet var den kriminelle lågalderen 10 år. I 1896 vart den heva til 14 år.
  • Straffbare handlingar kan likevel få konsekvensar for personar under 15 år. Dei kan til dømes bli kalla inn til bekymringssamtale saman med foreldre og saka kan bli overført til barnevernet. Dersom ein person under 15 år er svært rusa, kan politiet ta med seg personen.
  • Det er spesielle straffer for personar mellom 15 og 18 år, kalla ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. Målet er å hjelpe ungdom vekk frå kriminalitet.

Kjelde: Store Norske Leksikon, Barneombodet og Wikipedia

 

Tokle og Refsnes ønskjer å senke den kriminelle lågalderen til 13 år.

– Kjennest veldig utrygt

Alma Tokle har vakse opp på Frogner i Oslo, medan Sigrun Refsnes har vakse opp på Holmlia på austkanten. Ho bur i dag på Hauketo på Søndre Nordstrand. Begge har lagt merke til ei utvikling i ungdomskriminaliteten i byen. Refsnes har ikkje vore redd tidlegare, då kriminaliteten i stor grad har gått ut over personar som sjølv er i kriminelle miljø.

– Men no, etter desse Vipps-rana, har det nesten blitt ein trend å gå på heilt tilfeldige personar på gata. Det er det som gjer at det kjennest veldig utrygt.

Tokle, som bur på vestkanten, skyt inn at ungdomskriminalitet tradisjonelt har blitt sett på som eit austkantproblem, men at det no har spreidd seg til heile byen.

Dei synest det er skummelt å sitje aleine på trikken eller gå ute aleine om kvelden, og tør ikkje ha på hovudtelefonar på t-bana, fordi dei må følgje med på omgjevnadane.

– Ein høyrer jo historier om folk i ungdomskrinsen sin som opplever å bli overfalne, rana og banka på open gate, og då blir det ganske skummelt, seier Tokle. Refsnes synest òg det er skremmande å sjå eigne klassekameratar hamne i kriminelle miljø.

Rekrutterer ungdommar

Oslo-jentene er opptekne av at ulovlege handlingar ein gjer skal få konsekvensar, også for folk på deira eigen alder.

– Du ranar jo ikkje Det kvite hus, fordi du veit at det er så høg risiko for at du blir tatt. Det er litt sånn vi må sjå på det her i Oslo også. Det betyr ikkje at vi ønskjer å straffe 14-åringar eller folk som er våre eigne klassekameratar, men ein må ta ansvar for det ein har gjort og det vil også verke førebyggande.

Dei to jentene trur mangel på fellesskap kan lokke unge inn i dei kriminelle miljøa. Dei har òg lagt merke til at det kan gi litt status og bli sett på som kult i somme krinsar.

– Dei vaksne kriminelle kjenner lova godt. Dei veit at dei kan rekruttere dei som er under den kriminelle lågalderen til å gjere ting for dei. Då kjem du inn i dette og blir løpegut, og så kjem du deg ikkje ut av det igjen, seier Sigrun Refsnes.

Ho har trua på dobbel straff for gjengkriminalitet, for å gjere det mindre attraktivt å vere med i ein gjeng.

– Men viss ein senkar den kriminelle lågalderen slik de føreslår, vil dei ikkje berre rekruttere endå yngre ungdommar?

– Det er jo ikkje noko vi veit. Uansett kor du set grensa, kjem det spørsmålet opp. Det er ikkje noko vi har ein fasit på, svarar Refsnes.

– Då hjelper det ikkje å ha grensa på 15 år. Viss vi set ho på 13, veit vi ikkje om 11- og 12-åringane kjem til å byrje, men det må vi nesten berre sjå. Akkurat no er det viktig å senke den, legg ho til.

Meir synleg politi og hurtigdomstol for unge er andre tiltak dei trekker fram.

Jobb og rollemodellar

Eit anna førebyggjande tiltak Unge Høgre-politikarane meiner er viktig, er å gi ungdommane moglegheit til å finne fellesskap utanom gjengane, til dømes ved at fleire kan få seg ein jobb.

– Du får tillit, tenar pengar på ærleg og reieleg vis og ein får profesjonelle kontaktar og relasjonar. Plutseleg kan sjefen vere eit førebilete i staden for gjengleiaren, seier Refsnes.

Tokle understrekar at når ein ungdom hamnar i eit kriminelt miljø, påverkar det ikkje berre livet til denne ungdommen.

– Vi blir redde for å gå ute på gata, og det påverkar oss i stor grad at det skjer så mykje kriminalitet som rammar oss som ikkje er involvert i desse miljøa frå før. Noko må gjerast og vi ser ikkje at det blir gjennomført nokon tiltak no som har tilstrekkeleg effekt.

Desse tiltaka etterlyser dei:

Strakstiltak:
  • Senke den kriminelle lågalderen til 13 år
  • Synleg politi i gatene
  • Dobbel straff for gjengkriminalitet
  • Avkriminalisere cannabis og setje i gang ei rusreform
  • Gjere exit-programmet for gjengmedlemmar meir attraktivt med døme strafferabatt
  • Vidareutvikle og setje i gang ein hurtigdomstol for unge kriminelle
Førebyggande tiltak:
  • Få unge ut i jobb
  • Meir pengar til idretten
  • Sørge for at fleire fullfører vidaregåande skule
  • Miljøteam på alle ungdoms- og vidaregåande skular, spesielt i ekstra utsette miljø
  • Jobbe for å få folk ut av fattigdom

Politiet er uroa over utviklinga

Oslo politidistrikt opplyser til Framtida.no at dei i 2023 hadde ein stor auke i den registrerte kriminaliteten gjort av barn og unge i Oslo, Bærum og Asker. For den yngste aldersgruppa (10-14 år) auka talet på politimeldingar også samanlikna med pandemiåret 2019, då barne- og ungdomskriminaliteten generelt sokk.

Men, så langt i 2024 har den registrerte kriminaliteten gått noko ned.

– Nedgangen skuldast i hovudsak ein nedgang i butikktjuveri. Vi er framleis uroa over ein auke av ran med unge mistenkte, og vi er også uroa for at vald med unge mistenkte stabiliserer seg på eit høgt nivå. Den enorme veksten vi såg i fjor har førebels avtatt, noko som dempar bekymringa for eit særleg høgt kriminalitetsnivå i 2024, uttalar leiar for Felles førebyggande eining Jane Bechmann Dahl i ein e-post.

Ho fortel at dei etterforskar alle saker med alvorleg kriminalitet, også dei sakene der gjerningspersonane er under den kriminelle lågalderen. Dei samarbeider med skule, barnevern, miljøarbeidarar og andre ressursar i lokalmiljøa.

– Vi har svært få verkemiddel for dei som er under strafferettsleg lågalder, men vi har eit ansvar i å fortelje om utviklinga vi ser og bekymringane vi har.

Jane Bechmann Dahl er leiar for Felles førebyggjande eining i Politiet. | Foto: Oslo politidistrikt

Gjengangarar

Ifølgje Dahl er det eit fåtal barn og unge som gjer seg skuldig i alvorleg og gjentatt kriminalitet mot andre barn og unge. Dette er i stor grad gutar i alderen 15–18 år. Somme er også under 15 år.

– Politiet er spesielt bekymra for auken i talet på valdshendingar og trugslar, og at mange unge under 15 år gjer seg skuldig i kriminalitet. Dei utøver også anna alvorleg kriminalitet, som til dømes ran, som vi har sett fleire tilfelle av i år. Politiet er også bekymra for barn og unge som er i risikosona for å bli rekruttert til kriminelle ungdomsmiljø og nettverk.

Framtida.no har fortalt politiet at Alma Tokle og Sigrun Refsnes opplever å vere redde i byen i dag. Dahl forklarar at områda der det skjer mykje kriminalitet som kan gjere folk utrygge, er definert som prioriterte område, og dei har dei sett inn ekstra innsats her. Det vil seie at det er meir synleg politi og at dei arbeider meir førebyggjande.

– Politiet ser med stort alvor på alle dei som blir utsette for denne alvorlege kriminaliteten, og vår erfaring er at slike opplevingar kan innskrenke barn og unges grunnleggjande rett til å føle seg trygge i det offentlege rom.

Vil ikkje senke lågalderen

Framtida.no har spurt Justisdepartementet kva dei synest om Refsnes og Tokle sitt forslag om å senke den kriminelle lågalderen til 13 år. Statssekretær i Justisdepartementet John-Erik Vika (Sp) svarar i ein e-post at den kriminelle lågalderen i Noreg er den same som i dei andre nordiske landa, altså 15 år.

– Danmark senka han til 14 år i 2010, men reverserte endringa etter mindre enn to år. I ettertid har ein studie vist at det å senke den kriminelle lågalderen blant anna medførte raskare og auka tilbakefall til kriminalitet. I tillegg førte det til dårlegare skuleresultat og auka skulefråfall. Regjeringa ser difor på andre tiltak når det gjeld å førebygge og stanse barn som gjer lovbrot, svarar statssekretæren.

Nye tiltak

Etter at Framtida.no møtte dei to ungdomspolitikarane, har nye tiltak som skal gi raskare reaksjonar mot ungdomskriminalitet tredd i kraft, og Vika fortel at enda fleire tiltak kjem.

Ifølgje statssekretæren har regjeringa styrkt politibudsjettet for at politiet skal kunne vere meir til stades lokalt og jobbe førebyggjande. Dei har òg sett ned ei ekspertgruppe som ser på tiltak overfor barn og unge som utøver gjentatt alvorleg kriminalitet.

I statsbudsjettet for neste år føreslår regjeringa å setje av til saman 2,8 milliardar til ulike tiltak mot kriminalitet. Av desse skal 400 millionar gå til førebygging av barne- og ungdomskriminalitet.

Statssekretær i Justisdepartementet John-Erik Vika (Sp). | Foto: Rune Kongsro/Justis- og beredskapsdepartementet

– Gift i samfunnet

Ifølgje Justisdepartementet har det dei siste to åra vore ein auke i mindreårige i fengsel. Barn under 18 år skal i hovudsak vere i eigne ungdomseiningar. Regjeringa vil difor at 145 millionar skal få til ulike tiltak som skal betre kapasiteten for mindreårige i kriminalomsorga. I dag er det seks plassar i ungdomseininga i Romerike fengsel på Eidsvoll og fire plassar i Bjørgvin fengsel i Bergen. Regjeringa føreslår fire nye plassar i Ungdomsenhet Øst på Eidsvoll og elleve mellombelse plassar andre stadar i landet.

Regjeringa føreslår òg at 40 millionar går til å finansiere at fleire kan gjennomføre varetekt med fotlenke, som vil frigjere plass i ungdomseiningane.

– Gjengkriminalitet er gift i samfunnet, og drar med seg vald, skyting, narkotika og svindel. Difor skal vi knuse gjengane, slår Vika fast.