Kort forklart: Mysteriet Hvaldimir

Spionasje, restar frå kald krig og dyrevelferd pregar historia om den mest berømte kvalen i Noreg.

Åshild Slåen
Publisert

31. august 2024: Samstundes som journalistar låg på lur i fjellsida i Geiranger for å få eit glimt av prinsessebryllaupet, kom det ein tragisk beskjed for alle norske dyreelskarar. Eit lite augneblikk slo overskrifta «Kjendiskvalen Hvaldimir er død» alle andre nyheiter ut.

Kven var Hvaldimir? Var han like elska som kvalrossen Freya? Og døydde han av same grunn som ymse russiske politikarar som tilfeldigvis dett ut av lukka vindauge?

Spionen Hvaldimir

Svaret på det aller siste spørsmålet er nei, russisk etterretning har nok ikkje gått inn for eit attentat på ein kvitkval. Men historia til Hvaldimir er noko som kunne passe fint inn i ein thriller om den kalde krigen.

April 2019: Den kjente kvitkvalen dukka fyrst opp for fem år sidan. Det var nokre fiskarar ved Ingøy i finnmarkskommunen Måsøy som først oppdaga han.

Ein ting vekte spesielt merksemd: Kvalen hadde ein stram sele rundt kroppen.

Kvitkvalar

Kvitkvalen er ein tannkval som lever rundt om i heile Arktis, men er i Noreg sterkt truga.

Sjølv om dei ikkje er vanlege å sjå langs norskekysten, hender det at kvalar frå Barentshavet sym sørover om sommaren.

Dei kan bli opp til 1,5 tonn tunge og 3,5 til 5,5 meter lange.

Dei kan truleg bli opp til 80 år gamle.

Kvalane kan ete både fisk, reker, blekksprut og andre botndyr i havet.

Kjelde: SNL

I tillegg var han nærgåande, sumde rett opp til båtar, og fiskarane var sikre på at han hadde hatt mykje kontakt med menneske før.

Både Havforskingsinstituttet og Noregs arktiske universitet i Tromsø (UiT) hadde ein teori om kvar kvalen kom frå: Dei meinte han var ein rømling frå russisk fangenskap.

Då dei fekk av selen viste han seg å vere frå eit russisk selskap. Forskarar spekulerte i om ein kunne feste kamera eller anna utstyr på selen.

Avhopparen Hvaldimir

Kallenamnet Hvaldimir kom raskt, ein referanse til den russiske presidenten Vladimir Putin. Spiondagane til den kjære kvalen var derimot over, og han slo seg ned i Hammerfest i ein periode.

Der starta forskarar frå Norwegian Orca Study å trene han opp og laga ein plan for kor mykje han skulle bli mata, med mål om at han skulle klare seg sjølv.

Dette er eit av dei meir vellykka integreringsprogramma i norsk innvandring, for Hvaldimir var allereie i 2019 komfortabel med fleire turar vekk frå Hammerfest.

Kjendisen Hvaldimir

Hvaldimir vart raskt svært kjær hjå mange nordmenn.

Mai 2023: Han fekk stor internasjonal merksemd i 2023, då han først dukka opp i Oslofjorden i mai, og seinare i svenske Fjällbacka i slutten av juni.

Nokre av stadene Hvaldimir var innom. | Illustrasjon av Framtida via Canva.

Med andre ord, Hvaldimir dukka opp i beste agurktid, og media har alltid plass til eit uvanleg dyr blant sommarnyheitene sine. Som med andre sånne dyr, enda dette dessverre også i tragedie.

I godt selskap

Uansett om han faktisk var ein spion eller ikkje: Laurdag 31. august 2024 blir det klart at Hvaldimir kjem i same kategori som albinoelgen Albin og kvalrossen Freya.

Han blir funnen død i Risavika i Sola kommune i Rogaland.

Forskarar trur han vart mellom 15 og 20 år.

Kva han døydde av er framleis uklart, men han skal obduserast i dag. Organisasjonen One Whale meiner dødsfallet ikkje kan ha naturlege årsaker, sidan han vart observert med fin form berre eit par timar før han vart funnen død.

Så får vi sjå om det viser seg å vere ei naturleg årsak, ei tragisk båtulukke eller eit russisk attentat.