Konrad (21) vart lam etter ei stupeulykke – kryssa Noreg på tvers

Konrad Åsnes har kryssa Noreg på ski og er på både Ekstremsportveko og Vinjerock. Han brenn for eit friluftsliv som er tilgjengeleg for alle.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Livet hadde vore ekstremt keisamt om eg ikkje hadde kunna gjera det eg gjorde før.

Konrad Åsnes (21) har alltid vore glad i aktivitet. Han sat sjeldan i ro. Det var handballtrening kvar dag og helgene gjekk stort sett til turar.

– Det er dritkeisamt å sitja i ro, men no må eg jo gjera alt i sitjande posisjon, smiler Åsnes.

På Vinjerock i Eidsbugarden er Konrad Åsnes til stades for å fortelja om ulukka og livet etterpå. Han brenn for at friluftsliv skal vera tilgjengeleg for alle.

Livet etter stupet

I 2020 var 17 år gamle Konrad Åsnes på eit DNT-arrangement i Godalen i Stavanger med grilling og bading. Konrad stupte og knakk nakken då han trefte botnen.

– Eg hugsar alt. Då vart eg lam i alt med ein gong. Det var spinalsjokk og slike ting. Då låg eg med hovudet ned og tenkte eg skulle drukna, men dei var ganske kjappe med å få meg opp.

Etter dette følgde eit halvt år med sjukehus, operasjonar og rehabilitering. Ryggmergsskaden gjorde han lam frå brystet og ned, men Konrad har eit intenst ønske om å ein dag kunna gå igjen.

– Eg skjønte eg var lam, men eg visste ikkje langtidskonsekvensane av det. Før eg skulle på rehab hugsar eg at eg sa eg skulle gå i morgon fordi eg skulle på ein hengekøyetur som eg hadde planlagt.

På rehab møtte han mange som hadde liknande skadar og erfaringar.

Konrad måtte endra framtidsplanen sin, som var å bli tømrar. Han bytta linje frå bygg- og anlegg til idrett, som gav han høve til å trena i skuletida og han har fått halda fram med mange av fritidsinteressene sine på litt andre premissar.

Konrad Åsnes hadde både ski og jul på ekspedisjonen. | Foto: Privat
Konrad Åsnes hadde med seg ein god gjeng med gode vener på tur. | Foto: Privat
Ekspedisjonen hadde stort sett bra vêr under Noreg på tvers. | Foto: Privat
Glade ekspedisjonsdeltakarar kryssar Noreg på tvers.

Nye eventyr

Då to kameratar spurde om han ville vera med og kryssa Noreg, var han ikkje vond å be, trass i at turen er langt frå rullestolvenleg.

I februar 2023 la ein gjeng med vener og assistentar ut på tur frå Stjørdal ved Trondheimsfjorden til svenskegrensa ved Sylsjøen. Over sju dagar la dei bak seg 120 kilometer på ski.

På førehand hadde dei laga ein spesielt tilpassa sitski av rullestol og fjellski. Her staka Konrad seg fram, medan han fekk draghjelp frå pulk og gode spor å gå i.

– Eg prøver å staka så mykje som mogleg, men openbert går ikkje det over alt, så dei vert sterke dei som er med meg på tur.

Ny turrekord

Med på turen var òg Tilde Hoel Thorkildsen, som òg var til stades då Konrad skada seg.

– Det er mange som tenkjer alt må tilretteleggjast, men eg må heller leggja meg sjølv til rette etter deira liv. Eg treng ikkje gå nokre meir keisame turar sjølv om eg er lam.

Før han la ut på Noreg på tvers i rullestol, var ein firedagars tur det lengste han hadde vore på, men det var før ulukka.

Han var førebudd på hinder og velt, men friluftsentusiasten synest dei var heldige med både føre og vêr – bortsett frå ei natt då dei måtte søkja tilflukt i ei hytte og klatra ut vindauga for å koma seg ut att.

– Me har eigentleg halde fram med same type turar. Det er berre at det er vanskelegare, men me får det jo alltid til, smiler han.

Konrad Åsnes testar stadig nye tilrettelagde sportar. | Foto: Privat
Konrad Åsnes fekk god hjelp til å sjå utsikta over Vinjerock 2024. | Foto: Privat
Konrad Åsnes var i Paris under OL sommaren 2024. | Foto: Privat

Aktivt liv

Trass i at han ikkje kan gå og har nedsett rørsleevne i armane, har 21-åringen halde fram med eit aktivt liv, som mellom anna inneber sitski og terrengsykkel.

– Eg får prøvd mykje adaptiv sport. Det er veldig gøy det òg. Downhill dreiv eg ikkje med før, men det har eg byrja med no og det er dritkjekt.

På festivalområdet får Åsnes mykje merksemd og mange kompliment for køyretøyet sitt. Han har ein firehjulstrekt doning som heiter Exoquad. Stolen er laga av ein norsk rullestolbrukar i samarbeid med ein flymekanikar og kostar den nette sum av 219 000 kroner.

– Eg kjøpte han sjølv, men no er det moglegheit å søka via NAV òg. Det er mogleg, men det er vanskeleg, forklarar Åsnes.

Gjennom Sunnaasstiftelsen har han vore med på Camp Spinal, der leiarane sjølv sit i rullestol. I år har han sjølv meldt seg på mentorprogrammet, for å kunna leia samlingar.

I sommar har han vore på Ekstremsportveko og ein tur i Paris, og Konrad har allereie lause planar om ein vintertur, kanskje til Rondane.

– Det er så sjukt mykje enklare å bevega seg på vinterstid, for då vert alt jamna ut. Det er mykje lettare på ski enn med hjul, forklarar Konrad.

Verdifull assistanse

Konrad har eit vedtak frå kommunen om BPA (brukarstyrt personleg assistent) 90 timar i veka, som han kan disponera fritt.

Med på festivalen er Karen Brattebø (20) som jobbar som BPA ved sida av lærarstudia. Ho er ikkje i tvil om at ho har verdas beste jobb.

– Det er berre luksus. Eg føler ikkje eg er på jobb. Det er heilt fantastisk, smiler ho.

Ho er oppteken av at sjølv om ein har ei funksjonshemming, så skal ein få lov å gjera det ein har lyst til.

– Livet stoppar ikkje, sjølv om det tek ei anna vending, seier Karen, som tek ein rask sjekk med sjefen.

– Konrad, får eg lov å seia at du er eit eksempel?

– Jajaja, smiler han.

– Konrad sitt liv er eit døme på at ein ikkje sluttar å leva. Han har jo levd meir enn veldig, veldig mange andre. Slik er livet. Det er skjørt, difor må ein gjera det ein vil når ein kan og har høve. Ein veit ikkje kva som kjem i morgon, avsluttar Karen Brattebø.