«Kjem kritikken mot Det ender med oss av fordommar mot filmar og seriar meint for kvinner?»

Filmmeldar Rakeb Berhanu Erana meiner meldarane ikkje tek Det ender med oss seriøst som filmkunst.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

I det norske meldarmiljøet, kor majoriteten er menn, har mannlege meldarar tendensar til å vera hardhendte mot filmar og seriar meint for kvinner.

Det ender med oss blir slakta av norske meldarar, og er eit aktuelt døme på dette fenomenet. Er kritikken mot Det ender med oss frå desse meldarane rettkommen eller kjem den av ubevisste fordommar mot filmar og seriar meint for kvinner?

Bestseljarbok

Colleen Hoover sin 2016-bestseljar Det ender med oss har polarisert rykte – anten elskar ein boka, eller så hatar ein ho. Av bokmeldarar, har boka blitt referert som kiosklitteratur, ei nedlatande skildring ofte gitt til bøker meint for kvinner utan omsyn til kvaliteten på verket. No er Det ender med oss filmatisert med Blake Lively i hovudrolla saman med Justin Baldoni, som også er regissøren bak filmen.

Det ender med oss følgjer Lily Blossom Bloom (Blake Lively) mens ho opnar ein blomsterbutikk. Etter å ha vakse opp med vald, har Lily blitt ei sterk og sjølvstendig kvinne. Når ho forelskar seg i nevrokirurgen Ryle Kincaid (Justin Baldoni), ender ho opp i eit forhold som minner om det foreldra hennar hadde.

Kiosklitteratur og jentelus

Når ein les meldingane om Det ender med oss, kan det verke som ei åtvaring om å unngå ein klisjéfylt, overflatisk jentefilm. Men i røynda er filmen langt betre enn han blir framstilt som.

Orda kiosklitteratur, chick-flick og jentelus går igjen i filmmeldingane (seriøst). Mykje av kritikken rettar seg mot at han brukar kvinneleg narrativ og appellerer til kvinner, noko som fører til slike nedlatande omgrep i omtalen. Meldingane trekkjer fram at Det ender med oss har lite verdt å ta seriøst– det er lite kunstnarisk eller samfunnskritisk tyding ein kan få ut av han.

Sidan meldarane fokuserer på å poengtera alle jentete element i filmen, har dei oversett viktige delar av han. Ingen nemner valet om å gjere hovudkarakterane eldre, å vise handlinga gjennom Lilys auge, eller kuttinga av problematiske delar frå boka, noko Hoover støttar.

Viktige tema

Filmen handterer partnarvald med varsemd og tek opp viktige, ofte oversette aspekt som kjærleiksbombing og psykologisk manipulering.

Dei svake sidene ved Det ender med oss vert lite tatt opp. Når den einaste kritikken er om filmen liknar ein såpeopera eller ikkje, blir viktig kritikk oversett. Filmen bruker tid på unødvendige scener i staden for å utdjupe karakterane, og marknadsføringa som romantisk komedie er djupt problematisk. Denne framstillinga reduserer både alvoret og innverknaden av filmen, og fremjar feilaktige idear om at filmmarknaden for kvinner berre består av romantiske komediar.

Garderobar, starbucks og baris

Meldarane tek ikkje Det ender med oss seriøst som filmkunst, og utelet tekniske vurderingar.

Dårleg klipping, statiske senar og svak scenografi blir ikkje nemnd, og dei kreative scenane som speglar Lily sitt sinn blir heilt oversett.

Det verkar som meldarane trur filmar med kvinner som målgruppe, eller som dei kallar chick-flicks, berre handlar om ekstravagante garderobar, Starbucks og topplause gutar, ikkje om kvaliteten på filmskapinga.

 

Denne typen kritikk fremjar eit unyansert meldarmiljø med lite fokus på konstruktiv kritikk retta mot filmar for kvinner som Det ender med oss. Ytterlegare promoterer meldingane kvinnefiendtlege haldningar innan film- og seriebransjen og hjå publikum. Sidan mannlege meldarar dominerer, blir det skapt ekkokammer der problematiske meiningar om filmar- og seriar for kvinner held fram.

Mangel på mangfald

Det norske meldarmiljøet må gjera ein innsats for å inkludera fleire kvinnelege meldarar frå ulike bakgrunnar. Slik motverkar me ekkokammeret, og fremjar nyanserike, konstruktive meldingar med føremål å framheva kvinnelege stemmer. I tillegg, er det viktig å la kvinner sjølv melda og kritisera film- og seriar meint for oss, og insistera på viktigheita av å løfta fram kvinneperspektivet i film- og seriebransjen.

Det er synd at mannlege meldarar heller vel å bagatellisera Det ender med oss enn å skriva informerte, konstruktive meldingar.

Mangel på mangfald har påverka kritikken av film- og seriar for kvinner negativt. Difor er det viktig å fortsette å kjempa for fleire kvinnelege meldarar som kan gje publikum meldingar meint for å oppfostra konstruktiv dialog rundt film- og seriar for kvinner.