For Nord-Korea er OL ei unik moglegheit til å vise seg fram for verda og eigne innbyggjarar.

Edvard Storm Simonsen
Publisert

Nord-Korea, eller «Den demokratiske folkerepublikken Korea» som dei insisterer på å verte kalla, er verdas mest isolerte diktatur.

Innbyggjarane vert hjernevaska til å tru at dei bur i verdas beste land, og at resten av verda har det mykje verre enn dei. Det er strengt forbode å rømme frå landet og forsøk på det gir knallharde konsekvensar. Likevel sender dei utøvarar for å delta i OL. Kvifor gjer dei det? Og kvifor får dei lov til å delta, når Russland, til dømes, ikkje gjer det?

Nord-Korea

Innbyggjarar: 26 millionar

Areal: 120 410 km²

Leiar: Kim Jong-un

Statsform: Republikk (grunnlovsfesta eittpartistat)

Medaljar i Paris-OL: 6 (4 sølv, 2 bronse)

Kilde: SNL

Kvifor deltar Nord-Korea i OL?

Dei olympiske leikane er ein av få arenaar der Nord-Korea har kontakt med resten av verda. Dei deltek for å prøve å gi omverda eit betre inntrykk av landet. Deltakinga gir Nord-Korea moglegheit til å vise seg fram internasjonalt og forsøke å styrke sitt eige omdømme.

Å vere ein del av den olympiske familien gir også landet nokre sårt trengde inntekter. Landet får omtrent ikkje bistand frå nokon, og vert kraftig sanksjonert, mellom anna på grunn av sitt atomvåpenprogram. Det bryr Den internasjonale olympiske komité, IOC, seg ikkje om, og gir Nord-Korea støtte for å utvikle sport i landet.

Kvifor får Nord-Korea delta i OL?

Prinsippet om at OL skal vere ikkje-politisk, ligg i kjernen av den olympiske rørsla. IOC legg stor vekt på å halde sport fri frå politiske konfliktar, for å fremje global samhald og respekt. Dette er ein av dei grunnleggjande ideane bak OL. Nord-Korea får delta trass sin politiske situasjon, med dette som bakgrunn.

Kvifor får ikkje Russland delta?

Russland er utestengt frå OL i 2024 på grunn av invasjonen av Ukraina, som har ført til omfattande internasjonale fordømmingar og sanksjonar. Dette viser at internasjonale lover og menneskerettar vert tatt seriøst, og sender eit klart signal om at militær aggresjon ikkje vert akseptert. Russiske utøvarar kan framleis få delta, men ikkje under det russiske flagget.

Kan det skape problem for Nord-Korea å delta i OL?

Deltakinga kan på sikt skape diplomatiske problem for Nord-Korea. Russland, som er utestengd frå OLannonserte i fjor at dei planlegg å arrangere sitt eige alternativ: «World Friendship Games», eller Verdas vennskapsleikar, i 2025.

Då forventar dei at deira venner i aust, Nord-Korea, sender sine utøvarar for å delta.

Problemet er at IOC sannsynlegvis vil straffe alle utøvarar som deltek i Russlands leikar på ei eller anna måte, til dømes å stenge dei ute frå OL.

IOC har åtvara mot Russlands rivaliserande opplegg og bedt om at sport ikkje må bil politisert. Uansett kva Nord-Korea vel å gjere vil det sannsynlegvis skap problem, anten med Russland, eller IOC.

Internasjonale forhold vart òg påverka av Nord-Korea sitt val om å delta i vinter-OL i Pyeongchang i Sør-Korea i 2018. Då var det store diplomatiske spenningar mellom dei to landa, som formelt framleis er i krig med kvarandre, men deltakinga førte også til historiske samtalar mellom dei to landa, og nokre diplomatiske steg i positiv retning.Korleis vert utøvarane behandla når dei kjem heim?

Det er ikkje berre dei internasjonale relasjonane som er interessante. Utøvarane sjølv har eit enormt press på skuldrene sine. Nord-Korea sine idrettsutøvarar opplever streng overvaking og kontroll, både under utanlandsreiser og når dei returnerer heim.

Det har vore snakk om at underskot på gode resultat vert ofte møtt med harde straffer, som å verte sendt til konsentrasjonsleirar, vert audmjuka og fysisk straffa.

Ekspertar meiner likevel vi må ta desse rykta med ein viss skepsis. Dei får hard kritikk, ja, men myndigheitene innser jo sjølv at viss dei sender alle utøvarane sine til konsentrasjonsleirar, så har dei til slutt ingen utøvarar igjen. Og det vil dei jo ikkje.

På den andre sida vert dei som presterer godt, ofte hylla som heltar og nytta til å forsterke regimepropagandaen.

Nordkoreanarane drog heim frå årets Paris-OL med seks medaljar i bagasjen, to sølv og fire bronse. Det er om lag så mange dei kan forvente å få. Medaljevinnarane kan forvente skikkeleg løn for arbeidet sitt. Det vert heldt paradar for dei når dei kjem heim igjen, og dei kan få bilar eller leilegheiter.

Omdømme blant eiga befolkning er, som sagt, utruleg viktig for Nord-Korea, og det er viktig for myndigheitene at befolkninga trur at Nord-Korea er best i alt. Derfor viser dei alltid sportshendingar med forseinking, så dei kan stoppe sendinga viss det ikkje endar godt for dei nordkoreanske utøvarane, viss dei viser konkurransen i det heile. Då kan dei anten aldri snakke om det dårlege resultatet nokosinne, eller ljuge og seie at dei vann.

Kvifor rømmer ikkje dei nordkoreanske utøvarane?

Myndigheitene verkar å ha kontroll på utøvarane sine, for det har i alle høve aldri skjedd.

Som med alle andre som forsøker å rømme frå Nord-Korea er det ikkje berre fare for å bli tatt for rømlingen sjølv, familien vert også ramma. Denne frykta, i tillegg til djup indoktrinering om at Nord-Korea er verdas beste land, gjer at det ikkje ser ut til å vere eit problem.