Kollektivet-skaparen er ein altetande lesar. Framtida har saumfare bokhylla hans.
– Eg er i utgangspunktet motstandar av å filmatisera teikneseriar, fordi det øydelegg illusjonen og universet. Gode teikneseriar skal skapa bilete i hovudet ditt, og dei skal du skapa sjølv basert på det visuelle som allereie er der. I så måte er eg vel på bylgjelengde med Alan Moore.
Det skriv Torbjørn Lien i ein e-post til Framtida.no. Han er teikneserieskapar og har i snart 25 år laga serien Kollektivet.
Torbjørn Lien
Alder: Blir 56 no i august
Frå: Mosjøen, no busett på Dønna
Yrke: Teikneserieskapar
Alan Moore, dersom du lurer på det, lagar også teikneseriar og er ikkje spesielt nøgd med filmane basert på verka hans – til dømes Watchmen og V for Vendetta.
Men du kan eigentleg berre gløyma Moore, for no er det Lien og bokhylla hans som står i fokus!
– Akkurat no har eg byrja på Ringenes Herre igjen, etter å ha innsett at eg ikkje har lese ho på over 30 år, og har gløymd mykje av strukturen i handlinga. Filmane har eg sett fleire gongar, og det overraska meg faktisk litt å ha gløymd kor stor skilnad det faktisk er på boka og filmane.
På nattbordet til Lien ligg også Grave Peril av Jim Butcher, og Bullshit Jobs av David Graeber. I tillegg er han klar til å ta fatt på Sølvstrupen, den siste boka til fantasy-dronning Siri Pettersen.
– Eg les altfor lite, men har skjerpa meg dei siste åra. I yngre år slukte eg lett ei eller to bøker i veka. No blir det vel meir ei, kanskje to i månaden. Då snakkar me romanar og saklitteratur, då. Teikneseriebøker er litt meir sporadisk, faktisk. Eg har hundrevis av teikneseriebøker og album i hylla, og drar fram både klassikarar og nye ting når eg får lyst eller treng inspirasjon.
– Kor les du?
– Sofaen eller i senga. Eg må ha det roleg og stille rundt meg. Det er særs sjeldan eg les teikneseriar på papir på senga. Som regel er det ymse teiknseriar på mobilen eg les då.
Altetande lesar
– Eg likar ganske mykje forskjellig, trur eg. Både spenning, kanskje ikkje så mykje krim, men science fiction, fantasy, og også ei og anna såkalla seriøs bok. Også dokumentarar og biografiar. Eg er veldig glad i Antony Beevor sine krigsbøker, men sleit litt med å koma meg igjennom boka om Ardennes. Tilrår bøkene om Stalingrad og Berlin. Særs skakande og veldig interessant. Av teikneseriar er eg òg ganske altetande, med ein forkjærleik for meir episke franske seriar frå 70-åra og oppover.
– Av ein eller anna grunn har eg liksom aldri klart å falla for japansk manga, og har dimed heller ikkje peiling. Med eg blei tilrådd No Longer Human av Junji Ito. Boka står klar i hylla, så eg reknar med at eg gyv laus på ho når haustmørket set inn.
Bjørneboe gjorde inntrykk
– På ungdomsskulen oppdaga eg for alvor franske science fiction-teikneseriar, spesielt verka til Mœbius, og ikkje minst serien Linda og Valentin av Christin og Mézières.
Lien las også nokre bøker utan bilete i løpet av tenåra, mellom anna Foundation-bøkene av Isaac Asimow og Bestialitetens historie av Jens Bjørneboe.
– På slutten av vidaregåande gjorde den amerikanske teikneserien Wathcmen eit mektig inntrykk på meg, og eg lærte mykje om forteljarteknikk i teikneseriar.
Laupte rundt med kappe
– Kva vart lese til deg som liten?
– Donald og klassiske folkeeventyr. Det var vel ofte min far som las. Eg knekte elles lesekoden ganske tidleg, så eg las mest for meg sjølv. Og den barneboka som definitivt gjorde mest inntrykk på meg som barn var Trollkrittet av Zinken Hopp. Eg las den tallause gongar, og kvar gong fekk den fantasien min til å gå bananas.
– Kva karakter frå den fiktive verda kjenner du deg mest igjen i?
– Eh … anar ikkje! Som barn ville eg vera Fantonald. Eg forsøkte å laga hemmelege basar og spennande utstyr nett som han og laupte rundt i byggefeltet over der me budde på seine haustkveldar med kappe og greier. Jaja …
– Om du berre skulle lese ein teikneserieskapar eller forfattar heile livet ditt – kven?
– Vanskeleg spørsmål. Men eg trur eg kanskje vil seia Carl Barks. Seriane hans er så grunnleggjande solide at eg trur eg kunne klart meg med berre dei, ja.