Haaland og Ødegaard nominerte til gjæv pris for andre året på rad

Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard er også i år blant dei seks utvalde som kan vinne spelarforeininga PFAs gjævaste utmerking.

NPK-NTB
Publisert

Nominasjonane til prisen for årets spelar i engelsk fotball vart kunngjorde tysdag. Kåringa skjer i Manchester 20. august.

Ved sida av Haaland og Ødegaard kan prisen også gå til Phil Foden, Cole Palmer, Rodri og Ollie Watkins.

Chelsea-stjerna Palmer er også nominert til prisen som årets unge spelar.

I fjor fekk Haaland PFA-tittelen som første skandinav etter ein strålande debutsesong for Manchester City. Ødegaard var også då ein av dei nominerte.

Begge var igjen tonegivande i 2023/24-sesongen. Haaland hadde ein skadeperiode, men vart likevel toppskårar i Premier League (27 mål på 31 kampar).

Ødegaard var endå ein gong sentral som Arsenals kaptein. London-klubben enda berre to poeng bak seriemeister City.

PFA-prisane heng særleg høgt fordi vinnarane blir stemde fram av sine eigne.

På kvinnesida er det i år ingen norske nominerte.

Spelarforeininga Professional Footballers’ Association (PFA) har delt ut prisar i engelsk fotball sidan 1973/74-sesongen.