Rekordmange har fått studentbustad – over 15 000 framleis i kø

Til saman 15 675 studentar står i bustadkø før studiestart. Det er 218 færre enn i fjor. Samtidig har rekordmange fått leige studentbustad.

NPK-NTB-Eline Lurud Dahl
Publisert

Men det er håp for dei vel 15 000 bustadsøkjarane. Dei siste åra har køen i byrjinga av august vorte redusert med to tredelar innan utgangen av månaden.

Frå 1. mai til 1. august har 17 389 studentar fått studentbustad. Det er ni fleire enn rekorden frå i fjor. Tala kjem fram i ei nasjonal innhenting av køtal og talet på tildelte studentbustader i regi av Samskipnadsrådet.

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) seier til NTB at han er glad for å sjå at tala er noko betre enn i fjor, men at han samtidig ser at behovet for bustader er stort. Derfor meiner han det er det avgjerande å få opp byggjeaktiviteten.

– Det har vore ei utfordring å få nok byggjeklare søknader, og fleire samskipnader har dei siste åra ikkje klart å byggje dei bustadene dei har fått pengar til. Derfor har vi auka kostnadsramma, noko som gjer det mogleg å søkje om meir tilskot. Dette har hatt god effekt. No har vi rekordhøg aktivitet i bygginga av studentbustader, med over 3400 hybeleiningar under bygging.

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) meiner den auka kostnadsramma har hatt god effekt på studentbustadbygginga. | Foto: Paul S. Amundsen / NTB / NPK

Oslo har flest i kø

Oslo er ikkje uventa byen med flest studentar i bustadkø.

Innanfor Studentsamskipnaden SiO, som også omfattar Lillestrøm, er det 3953 studentar som har fått tildelt studentbustad sidan 1. mai, men heile 6860 personar står på venteliste.

Studentsamskipnaden på Vestlandet har den nest lengste køen. Her står 3407 studentar i kø, medan 3200 studentar har fått tildelt bustad. Det store fleirtalet er studentar i Bergen, men samskipnaden omfattar også Førde, Haugesund, Sogndal og Stord.

Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim har eit noko annleis bustadsystem enn andre samskipnader. Dei opererer ikkje med venteliste, men har oppgitt kor mange studentar som står på ei såkalla interessentliste. Det er 2763 studentar som står på denne lista, medan 1955 studentar har fått tildelt bustad.

Så mange studentar står i kø:

15 675 studentar står framleis i kø. Oversikta viser talet på studentar på venteliste per 1. august. (Talet på studentar som har fått tildelt studentbustad mellom 1. mai og 1. august i parentes.)

  • Studentsamskipnaden SiO (Oslo og Lillestrøm): 6860 (3953)
  • Studentsamskipnaden på Vestlandet (Vestland fylke): 3407 (3200)
  • Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim (opererer ikkje med venteliste, men interessentliste): 1955 (2763)
  • Noregs arktiske studentsamskipnad: 804 (1330)
  • Studentsamskipnaden i Agder: 654 (732)
  • Studentsamskipnaden i Stavanger: 600 (549)
  • Studentsamskipnaden i Ås: 584 (818)
  • Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg (Vestfold, Telemark og Buskerud): 383 (1095)
  • Studentsamskipnaden i Innlandet: 145 (963)
  • Studentsamskipnaden i Molde: 139 (242)
  • Nord studentsamskipnad: 135 (651)
  • Studentsamskipnaden i Indre Finnmark: 9 (26)
  • Studentsamskipnaden i Volda: 0 (250)
  • Studentsamskipnaden i Østfold: 0 (817)

– Politikarane må ta meir ansvar

Leiar Kaja Ingdal Hovdenak i Norsk studentorganisasjon er ikkje overraska over at køane er så lange som dei er og viser til «spinnville» leigeprisar på den private marknaden og akutt bustadmangel i dei store byane.

– Det er eit samfunnsansvar å byggje fleire studentbustader, ikkje berre for at fleire studentar skal få tak over hovudet, men også fordi det truleg vil ha ein nedkjølande effekt på den private leigemarknaden. Politikarane må ta ein større del av ansvaret, både lokalt og nasjonalt, seier ho til NTB.

Kaja Hovdenak er leiar i Norsk studentorganisasjon. | Foto: NSO

Bustadmangelen har gjort at studentsamskipnadene har måtta ty til ulike løysingar, som mellombelse innlosjering i form av sovesal eller lokale avtalar med kommunar og hotell.

– Behovet for at sovesalar blir oppretta viser kor sårt vi treng fleire studentbustader. At det i det heile er nødvendig, er eit resultat av at det over fleire år er tilført for få studentbustader, seier Hovdenak.