Pettersen vil at alle skal ha moglegheit til å studere i utlandet.

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 09.08.2024 11:08

– Eit år som medlem i Ansas hovudstyre har vore utruleg engasjerande, og eg er stolt og imponert over det vi får til for studentar i utlandet. No vil eg halde fram det arbeidet i ny rolle som president for organisasjonen.

Det skriv Øyvind Bryhn Pettersen på e-post til Framtida. Han vart nyleg valt inn som ny leiar i Ansa (Association of Norwegian Students Abroad). Dei er ein partipolitisk uavhengig organisasjon som arbeider for norske utanlandsstudentar.

Pettersen fortel at dei no fokuserer på at studiestøtta skal aukast til fattigdomsgrensa i EU, utan meir lån. Dei vil òg redusere kor mykje gjeld utanlandsstudentar må ta på seg, og jobbe for at ein kan arbeide ved sidan av studiet i utlandet utan å miste plassen i folketrygda.

Øyvind Bryhn Pettersen

Alder: 25

Personleg pronomen: Han

Frå: Øyer

Yrke/utdanning og utanlandsstudium: Romfartsteknikk frå TU Delft i Nederland

Favorittfag på skulen: Matematikk

Ulike verv: Økonomiansvarleg i Ansa Sør-Holland og styremedlem i Ansa hovudstyre

Medlem i: Ansa og Tekna

 

Han har engasjert seg i organisasjonen ei stund, og vart med før han byrja å studere romfartsteknikk i Nederland.

– Det gode medlemstilbodet, og tilbod om skreddarsydd forsikring var nok den største motivasjonen den gongen. Men, det tok ikkje lang tid før eg også vart engasjert i det sosiale miljøet og etter kvart sjølv vart tillitsvald i Sør-Holland.

– Kva er den største sigeren på årets landsmøte?

– I tillegg til det politiske programmet gler eg meg til å jobbe med den nye handlingsplanen, der generalforsamlinga ber om ein heilskapleg gjennomgang av organisasjonsstrukturen vår. Vi har hatt same struktur sidan Ansa vart stifta i 1956. Eg gler meg til å utforske korleis vi kan optimalisere organisasjonen vår.

Førebilete

Pettersen håpar å vere ein leiar som kan sjå både dei store og små tinga.

– Min eigen pappa er idretts- og arrangementsleiar, og eit førebilete for meg. Han er ein sindig og glup leiar, som tek ansvar og skaper gode lag. Tydeleg og alvorleg når han må, med latter som sit laust. Måten han ser det store biletet og jobbar for mål større enn han sjølv er noko eg tek med meg som studentleiar.

Hjartesaka hans er kor mange studentar som må ha høg gjeld for å kunne studere det dei vil.

– Dette gjer at ikkje alle har ei reell moglegheit til utdanning i utlandet, og det må vi gjere noko med.

Pettersen meiner det er den neste kampen for Ansa.

– Det viktigaste tiltaket her er å auke stipendandelen av skulepengestøtta, så alle som vil, har ei reell moglegheit til å studere i utlandet.

Springing og vinmeldingar

Mesteparten av tida til Pettersen går med til organisasjonen.

– Når eg ikkje jobbar med Ansa, tenkjer på Ansa, eller heng med mine gode Ansa-venar, så likar eg å bruke tid på springing i marka, eller ei god bok.

Den største tidstjuven for Pettersen er aviser, som han har funne ut at han les litt for mykje av.

– Herregud, eg las jo vinmeldingar her om dagen. Då måtte eg stoppe meg sjølv.

Det er der han held seg oppdatert.

– Dei store nyheitene får eg fast frå NRK og Aftenposten, men eg vil også slå eit slag for nyheitsbrev – slik greier eg framleis å følgje med på kva som skjer i romfartsverda.

Tacokveld og utdanning til alle

– Du vaknar opp i morgon til din draumenyheit: Kva er overskrifta?

– Endeleg løyst: No kan alle studentar jobbe ved sida av studium i utlandet!

– Kva er idealsamfunnet og korleis skal vi nå det?

– Vi veit kor uttrykkeleg positivt utdanning er for heile verda. Eit idealsamfunn har utdanning tilgjengeleg for alle!

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Tacokveld med Neil Armstrong, utan tvil. For å høyre alle historiene om korleis dei stabla saman eit romprogram, før ein eigentleg visste noko som helst om rommet. Eg hadde ein professor som alltid fortalde «dei hadde ingen bøker.» Inspirerande for ein ingeniør!

Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lese? Kvifor?

Alkymisten av Paulo Coelho er ei utruleg velskriven bok om den veldig menneskelege opplevinga å jage draumar. Søt, kort og kan fort gi deg eit nytt perspektiv på kva i holaste det er du driv med her i verda.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Eg er ingen stor serietittar. Vart omsider ferdig med One Day, så den?

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

Holding Out for a Hero av Bonnie Tyler. Så mykje energi, så utruleg corny, det er heilt umogleg ikkje å smile.