Tar du gull i OL-quiz?

Varm opp til sommarens olympiske leikar i den franske hovudstaden med denne quizen!

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Quiz: OL-quiz

  1. Spørsmål 1 av 12

    1.

    Opningsseremonien er blitt ein viktig del av dei olympiske leikane, og vertsnasjonen vil gjerne imponere. Kvar skal årets opningsseremoni vere? 

    • Riktig!

      Det som er spesielt for Paris-leikane, er at opningsseremonien ikkje skal vere på eit stadion, men på sjølvaste Seinen. Det er rykta eit spektakulært show, og at utøvarane skal kome i båtar på elva i staden for den tradisjonelle innmarsjen. 

      France Travel GIF by Casol
    • Feil!

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  2. Spørsmål 2 av 12

    2.

    Når vart det sist arrangert sommar-OL i Paris?

    • Stemmer!

      Dette er tredje gong Paris er vertsby for sommarleikane. Sommar-OL vart arrangert i Paris for første gong tilbake i 1900, og så sist i 1924. Det er altså 100 år sidan førre gong Paris arrangerte OL.

      undefined

      Plakat: Offentleg eigedom via Wikimedia Commons

    • Feil!

      Dette er tredje gong Paris er vertsby for sommarleikane. Sommar-OL vart arrangert i Paris for første gong tilbake i 1900, og så sist i 1924. Det er altså 100 år sidan førre gong Paris arrangerte OL.

      undefined

      Plakat: Offentleg eigedom via Wikimedia Commons

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  3. Spørsmål 3 av 12

    3.

    Kva er ny OL-grein i år?

    • Heilt rett!

      Paris-OL er dei første leikane som har med breakdans på programmet. Det er den einaste nye idretten. Karate og softball er derimot fjerna frå OL.

      Til saman er det 32 idrettar og 329 øvingar under sommarens leikar.

      Hip Hop Dance Breakdance GIF by Chicago Dance Crash
    • Feil! 

      Paris-OL er dei første leikane som har med breakdans på programmet. Det er den einaste nye idretten. Karate og softball er derimot fjerna frå OL.

      Til saman er det 32 idrettar og 329 øvingar under sommarens leikar.

      Hip Hop Dance Breakdance GIF by Chicago Dance Crash
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  4. Spørsmål 4 av 12

    4.

    Sunniva Hofstad er historisk som første norske kvinne som deltek i OL i idretten sin. Kva konkurrerer ho i?

    • Fulltreffar!

      Sunniva Hofstad er den første norske kvinnelege boksaren som deltek i OL. Kvinner fekk bokse i OL frå London-leikane i 2012, men Hofstad er den første norske kvinna som har kvalifisert seg.

      Olympic Trials Sport GIF by Team USA
    • Her bomma du. 

      Sunniva Hofstad er den første norske kvinnelege boksaren som deltek i OL. Kvinner fekk bokse i OL frå London-leikane i 2012, men Hofstad er den første norske kvinna som har kvalifisert seg.

      Olympic Trials Sport GIF by Team USA
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  5. Spørsmål 5 av 12

    5.

    Kor mange medaljar tok Noreg førre sommar-OL?

    • Rett svar!

      I 2020 hadde Noreg ein medaljefangst på til saman åtte medaljar (fire gull, to sølv og to bronsemedaljar). Årets mål for Olympiatoppen er å hente med seg like mange medaljar, altså åtte.

      Gold Medal GIF
    • Feil svar! 

      I 2020 hadde Noreg ein medaljefangst på til saman åtte medaljar (fire gull, to sølv og to bronsemedaljar). Årets mål for Olympiatoppen er å hente med seg like mange medaljar, altså åtte.

      Gold Medal GIF
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  6. Spørsmål 6 av 12

    6.

    Surfing kom på programmet under Tokyo-OL for fire år sidan, og skal vere med i år òg. Kor skal dei surfe?

    • Riktig!

      Det er dårleg med surfemoglegheiter i hjartet av Paris, men på Tahiti i Stillehavet er det gode forhold. Tahiti er ein del av Fransk Polynesia, som har status som Pays d’outre-mer (oversjøisk land). OL-surfinga skal skje ved Teahupoo-revet på Tahiti.

      A Summer To Remember Wave GIF by Hallmark Channel
    • Feil!

      Det er dårleg med surfemoglegheiter i hjartet av Paris, men på Tahiti i Stillehavet er det gode forhold. Tahiti er ein del av Fransk Polynesia, som har status som Pays d’outre-mer (oversjøisk land). OL-surfinga skal skje ved Teahupoo-revet på Tahiti.

      A Summer To Remember Wave GIF by Hallmark Channel
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  7. Spørsmål 7 av 12

    7. Sport Mascot Sticker by Olympics

    Dette er Paris-OL sin maskot. Kva skal han førestille?

    • Riktig!

      Sport Mascot Sticker by Olympics

      Vanlegvis plar OL-maskotane vere eit dyr av noko slag, men franskmennene gjekk for ei lue. Dei har forklart at dei ville at maskoten skulle symbolisere eit ideal. Maskotane til dei olympiske og paralympiske leikane heiter «Les Phryges», og representerer ei frygisk lue. Lua har blitt brukt som eit fridomssymbol i Frankrike. Du har kanskje sett lua på Marianne i det kjende måleriet av Delacroix kalla «Fridomen fører folket» (La Liberté guidant le peuple). 

      Det var derimot ikkje alle som tok den referansen. Då maskoten vart lansert, var det fleire i sosiale medium som meinte at maskoten likna klitoris.

  8. Spørsmål 8 av 12

    8.

    Kva inneheld OL-medaljane i Paris?

    • Oui!

      Vinnarane i Paris-OL får ikkje berre med seg heider, ære og ein medalje i bagasjen. Dei får òg med seg ein liten bit av Eiffeltårnet. Det vil seie, medaljane inneheld metall frå Eiffeltårnet frå ei tidlegare oppussing av det franske monumentet. Den runde OL-medaljen har eit sekskanta symbol i midten (Frankrike blir ofte kalla l’Hexagone, sekskanten på norsk, på grunn av landets form), som er laga av jern frå Eiffeltårnet.

      Visuals ©Cyril Masson

      Foto: Cyril Masson/Paris2024

    • Feil!

      Vinnarane i Paris-OL til sommaren får ikkje berre med seg heider, ære og ein medalje i bagasjen. Dei får òg med seg ein liten bit av Eiffeltårnet. Det vil seie, medaljane inneheld metall frå Eiffeltårnet frå ei tidlegare oppussing av det franske monumentet. Den runde OL-medaljen har eit sekskanta symbol i midten (Frankrike blir ofte kalla l’Hexagone, sekskanten på norsk, på grunn av landets form), som er laga av jern frå Eiffeltårnet.

      Visuals ©Cyril Masson

      Foto: Cyril Masson/Paris2024

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  9. Spørsmål 9 av 12

    9.

    Karsten Warholm skal kjempe om gullet på 400 meter hekk i Paris. Kva medalje tok han med seg heim på same øving under førre OL i 2020 i Tokyo?

    • Heilt rett!

      Karsten Warholm er regjerande OL-meister etter at han tok OL-gull i Tokyo. Der sette han òg verdsrekorden på 45,94.

      WorldAthletics giphyupload scream pumped norway GIF
    • Feil svar!

      Karsten Warholm er regjerande OL-meister etter at han tok OL-gull i Tokyo. Der sette han òg verdsrekorden på 45,94.

      WorldAthletics giphyupload scream pumped norway GIF
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  10. Spørsmål 10 av 12

    10.

    Kva deltek norske Kristian Blummenfelt i?

    • Heilt rett!

      Blummenfelt er gullkandidat i triatlon, altså konkurransen der dei både sym, syklar og spring. Han tok gull i øvinga førre OL.

      Itu GIF by WorldTriathlon
    • Feil!

      Blummenfelt er gullkandidat i triatlon, altså konkurransen der dei både sym, syklar og spring. Han tok gull i øvinga førre OL.

      Itu GIF by WorldTriathlon
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  11. Spørsmål 11 av 12

    11.

    Frå 28. august er det dei paralympiske leikane i Paris. Kva konkurrerer Birgit Skarstein i der?

    • Stemmer!

      Paralympic Games Sport GIF by International Paralympic Committee

      Birgit Skarstein sikra gullmedaljen i roing (singlesculler) i Tokyo i 2020, og er medaljekandidat også dette meisterskapet.

    • Feil!

      Great Britain Sport GIF by International Paralympic Committee

      Birgit Skarstein sikra gullmedaljen i roing (singlesculler) i Tokyo i 2020, og er medaljekandidat også dette meisterskapet.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  12. Spørsmål 12 av 12

    12.

    Kven av desse rapparane skal bere OL-elden på opningsdagen?

    • Riktig!

      snoop dogg GIF

      Den amerikanske rapparen er ein av dei som skal bere den olympiske elden på opningsdagen i Paris, skriv NTBSnoop Dogg skal ta med elden gjennom gatene i forstaden Saint-Denis. 

      Elden vart tent i Olympia i Hellas, og har reist gjennom Frankrike dei siste månadane. Snoop Dogg er fødd i Los Angeles, som er vertsby for dei neste sommarleikane i 2028. Han skal òg vere OL-kommentator for den amerikanske kanalen NBC.

    • Feil!

      martha & snoop GIF by VH1

Resultat:  

Vurdering: