Sam (22) er Storbritannias nye «Baby of the House»

Sam Carling (22) har nett blitt den yngste parlamentarikaren i Storbritannia. Han har sagt til BBC at han eigentleg ikkje vil ha merksemd kring alderen sin, men det bryr ikkje Framtida seg om.

Magnus Rotevatn
Publisert

Det britiske valet i byrjinga av juli blei historisk: For fyrste gong har personar fødde i dette årtusenet blitt valde inn i parlamentet.

Tre Labour-politikarar blir no dei fyrste fødde etter år 2000 som skal sitja på benkane i Palace of Westminster. Dei tre unge valvinnarane er Sam Carling (22), Josh Dean (24) og Euan Stainbank (24).

Sam Carling kan no smykka seg med tittelen «Baby of the House» – som er det uhøgtidelege kallenamnet på den yngste parlamentsmedlemmen. Han fortel sjølv at han ynskjer å starta jobben utan å få mykje merksemd for alderen sin.

– Eg ynskjer at me kvittar oss med denne merkelege tilnærminga til alderen til dei som er yngre, så vidt eg veit er me akkurat som alle andre, seier Carling til BBC.

Høgtideleg opning av parlamentet

Det nye parlamentet blei høgtideleg opna med trontale 17. juli.

Talen blei lesen av Kong Charles som fortalde kva den nye Labour-regjeringa planlegg å gjera det komande året.

Trontalen inneheldt 40 lovforslag. Mellom anna ynskjer den britiske regjeringa å avprivatisera jernbanen og overføra meir makt til lokale styresmakter.

Kong Charles og Dronning Camilla sit på kvar si trone

Kong Charles les opp trontala.

Fleire kvinner enn nokon gong

Årets val førte også til kvinne-rekord i parlamentet. Aldri før har kvinner utgjort ein så stor del av dei folkevalde i parlamentet.

40 % av dei som no skal laga lover i Storbritannia er kvinner. Den førre rekorden, frå 2019, var på 34 %.

Talet på parlamentsmedlemmar med etnisk minoritetsbakgrunn er også rekordstort. 14 % av dei folkevalde har no ein «ikkje-kvit» bakgrunn, i heile den britiske befolkninga er talet 18 %.

Sjølv om det britiske parlamentet blir meir og meir representativt når det gjeld alder, kjønn og etnisitet, så er det framleis enn langt unna å vera representativt når det gjeld politisk ståstad.

Storbritannia sitt valsystem fører nemleg til ei svært skeiv fordeling av seta i parlamentet. Til dømes fekk Labour berre 34 % av røystene, men enda opp med heile 63 % av seta.

Labour har eigentleg vedteke at dei ynskjer eit nytt valsystem, men det er venta at dei ikkje kjem til å innføra det.

Vil leggja ned Overhuset

Det britiske parlamentet består av to kammer: Underhuset (House of Commons) og Overhuset (House of Lords).

Dei viktigaste avgjerslene blir teke i Underhuset. Politikarane der er demokratisk valde.

Dei som sit i Overhuset er ikkje valde representantar, men sit der fordi dei er biskopar eller har ein adelstittel.

Medlemmane i Overhuset har ein mykje høgrare snittalder enn dei i Underhuset. Den gjennomsnittlege Overhus-medlemmen er 71 år gamal, i Underhuset er dei i snitt 20 år yngre.

Baronesse Carmen Smith i formelle klede

Baronesse Carmen Smith i Overhuset. Foto: Skjermdump frå parliamentlive.tv

Carmen Smith (28), baronesse av Llanfaes, er den yngste som sit i Overhuset. Ho er med i det walisiske partiet Plaid Cymru og leiar deira arbeid med å avskaffa Overhuset.

– Eg har ikkje tru på Overhuset. Det er ikkje eit demokratisk vald kammer og det er ikkje ein mangfaldig stad, har Smith sagt i eit intervju med The Guardian.

Baronessa er ein uvanleg parlamentsmedlem på fleire måtar. Ho ynskjer walisisk sjølvstende og ynskjer å gå med Dr. Martens-sko – sjølv om det bryt med kleskoden.