Robot Dreams – ein ekte familiefilm

Dialog og vanskelege filosofiske spørsmål vik unna for å gi plass til dei store følelsane. Eg likar songen September ti gongar betre etter å ha sett denne filmen, skriv meldar Ola Birgitsønn Vik.

Ola Birgitsønn Vik
Publisert

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Robot Dreams er ein unik film i det moderne animasjonslandskapet. For det første er det ein ekte familiefilm, ein film som alle kan ha glede av, og for det andre er han animert i klassisk 2d-stil.

Den Oscar-nominerte filmen viser kva animasjonsmediet er godt for, og fortel ein historie som rørte meg djupt, utan å ytra eit einaste ord.

Robot Dreams

Regissør: Pablo Berger

Sjanger: Animasjon, Drama

Land: Spania

Noregspremiere: 12. juli 2024

Speletid: 1 time og 42 minutt

Hunden Dog

Hunden Dog bur i New York på 80-talet. Han får tida til å gå ved å spela «Pong» med seg sjølv og eta mikromat framfor TV-en.

Under kanalsurfinga fangar noko merksemda til hunden, ein reklame for ein robotvenn! Dog ringjer nummeret på skjermen, og dagen etter kjem det ein pakke på døra.

Etter litt skruing og triksing, møtes dei som snart skal bli bestevenner for fyrste gong.

Hunden og roboten finn tonen fort, og er utruleg søte ilag.

Alt i verda er nytt for roboten, så me får vera med på reisa der den finn gleda i musikk, rulleskøyter og det å ha nokon å spele «Pong» med.

Lykka er uheldigvis ikkje evigvarande, tilhøva skil dei to ferske venane. Eg trur det er best å vita så lite som mogleg før ein ser filmen, så eg skal ikkje seie meir enn at han er full av overraskingar, og har eit bittersøtt klimaks som gjer meg frysningar berre av å tenkje på det.

Nostalgisk ullteppe

Robot Dreams skil seg frå andre animasjonsfilmar ved at den ikkje har noko dialog. Alt blir fortalt gjennom handlingane, tidvise grynt, og utruleg bra musikk.

Mykje av jobben blir gjort av dei fantastiske karakterdesigna. Alle i filmen er dyr som oppfører seg som menneske, pingvinar som bowlar, blekksprutar som speler trommer og liknande. Filmen gjer ein god jobb med å balansera kor dyreaktige karakterane er; det er aldri distraherande, og er ein snarveg for å få fram personlegdomane deira.

Heile estetikken i filmen er som å bli rulla inn i eit herleg, nostalgisk ullteppe, med varme fargar og trygge omgivnadar. Byen verkar handgripeleg, mykje på grunn av alle dei unike og fargerike innbyggjarane. Eg skulle gjerne ønskje eg var ein hund i New York på 80-talet med ein heilt eigen robotvenn.

Store følelsar

Filmen skil seg frå andre historier om kunstig intelligens, ved at den ikkje er spesielt filosofisk.

Det er ikkje nokre spørsmål om kor «ekte» roboten sine følelsar er, om han kan kjenna kjærleik eller ikkje, eller konsekvensen av å kunna få ein venn levert på døra. Roboten er ein person på lik linje med alle andre, og sånn er det.

Denne uproblematiske, nesten barnlege, fantasiutgåva av vår eiga verd gjer at det er lett å bli rive med. Det blir ei herleg, lettbeint filmoppleving, der dialog og vanskelege filosofiske spørsmål vik unna for å gi plass til dei store følelsane.

Filmen handlar i hovudsak om sakn og einsemd, men eg sitt igjen med ei utruleg varm og håpefull kjensle, så det er det eg har lyst til å framheva.

Eg er så heldig at eg har fått sett filmen to gongar allereie, og eg gler meg veldig til tredje og fjerde gong.

Musikalsk oppleving

Sidan det ikkje er noko dialog, har musikken ein stor rolle.

Komponist Alfonso de la Vilallonga fangar verkeleg stemninga perfekt med sine pianobaserte, Ghibli-inspirerte songar.

Musikken er også inkorporert i byen, det er alltid ein gatemusikant rundt hjørnet, og roboten får vist masse personlegdom gjennom plystringa si.

Det å høyra på musikk med dei du er glad i er eit gjennomgåande tema, og er ein stor grunn til at slutten rørte meg så mykje som han gjorde. Ein skulle ikkje tru at det var mogleg, men eg likar songen September ti gongar betre etter å ha sett denne filmen.