Det blir ein litt overdramatisk konklusjon når verdene til Maja og Ilias møtast, men det er likevel ei lettlest bok det er lett å lika.

Heidi Berakvam
Publisert

Leser søker bok sitt prosjekt er at alle skal ha tilgang til gode leseopplevingar og bidrar derfor til at bøker tilpassa ulike lesarar blir laga.

Soldagen har korte kapittel, mykje dialog, illustrasjonar og luft mellom linjene. Boka er lett tilgjengeleg, men er likevel innom kompleks tematikk.

Rømmer heimanfrå

Soldagen

Forfattar: Sunniva Relling Berg
Illustrasjonar: Bjørn Rune Lie
Målform: Nynorsk
Alder: 12–16 år
Sjanger: Spenning
Forlag: Samlaget
Sidetal: 107

15 år gamle Maja har fått nok av kranglinga med mora. I sinne smell ho med døra, blokkerer nummeret til mora og tar nattbussen nordover, til tanta. Det kjennest som at tante Bodil er den einaste som forstår ho, og faktisk «orkar henne». Maja hamner ofte i trøbbel, men hjå tanta kan ho vera til hjelp.

På få ord får Sunniva Relling Berg fram tumultane i Maja. Me får ikkje vita mykje om kvifor Maja gjekk ut dørene kvelden før, med det at mora ikkje alltid «orkar henne» målar med ein gong bilde av korleis livet kan vera heime.

Det er kaldt å gå langs vegen. Sola kjem til å visa seg for første gong på lenge, seinare same dag. Men nå er det mørkt og kaldt. Nils kjem køyrande langs strekninga og gir ho skyss til tanta. På vegen finn dei ut at dei har noko til felles, nemleg å hamna i trøbbel.

Oppfølgjarroman

Viss du har lese Sunniva Relling Berg si bok Polarnatt frå 2019 ringer det kanskje ei bjølle når du høyrer namna Nils og Bodil, som bur ved foten av fjellet. «Soldagen» er nemleg ein oppfølgjar frå denne romanen, og fortset handlinga morgonen etter «Polarnatt». Som oppfølgjaren er denne boka òg gitt ut med støtte frå Leser søker bok.

Etter kvart kryssast vegane til Maja og Ilias, guten me følgde i førre bok.

Tema som kriminalitet og tilhøyrsle, følgjer òg vidare i denne romanen.

Me vekslar mellom perspektiva deira, og reaksjonane som kjem då pengeskrinet til dei hyggelege naboane forsvinn.

Pengeskrinet

Me får innblikk i desse to ungdommane som kjenner på mange av dei same kjenslene, sjølv om det er på ulike måtar.

Maja kjenner seg udugeleg og prøver å imponera feil folk, medan Ilias med ei feiltaking har kome på kant med kriminelle.

Begge går gjennom sterke indre kjensler når pengeskrinet forsvinn. Det blir ikkje peika direkte på Ilias, men han kjenner seg mistenkeleggjort. Dette kjem til uttrykk på sanselege vis: «Stemmene til Gerda og Jens har skifta farge».

Skildringar som dette gir skikkeleg fart på handlinga. Ikkje berre hastar det å få tilbake pengeskrinet, men det byggjer seg òg opp eit vell av kjensler hjå hovudpersonane.

For Maja er det særleg vanskeleg når ho igjen kjenner seg oversett: «Ingen kan sjå at ho held på å bli riven i to».

Overdramatisk

Det blir ein dramatisk konklusjon når verdene til Maja og Ilias møtast. Litt overdramatisk, vel å merka. Sjølv om det byggjar seg opp til ein spanande vending, kjennest det for ofseleg og karikert til å vera heilt i tråd med resten av forteljinga. Men det er likevel ei bok det er lett å sluka, lett å lika og egnar seg godt for all slags tenåringar.