Sjå bilda frå konkurransen «Verdas styggaste hund»
Pekingesaren Wild Thang er verdas styggaste hund.

Denne saka vart fyrst publisert av systeravisa vår, Framtida Junior
Fredag førre veke blei konkurransen «World Ugliest Dog Award», eller «Verdas styggaste hund» arrangert i California, skriv The Guardian.
Åtte hundar konkurrerte om å vinne tittelen.
Dei fleste av deltakarane var adopterte laushundar.
Vinnaren blei pekingesaren med namnet Wild Thang. Wild Thang, og eigaren hans, får ein pengepremie. I tillegg får dei komme på eit tv-program.
Konkurransen har blitt arrangert i nesten 50 år. Målet er ikkje å gjere narr av hundane, men å få fleire til å adoptere hundar som treng ein ny heim.