Militærhunden Apolo fekk medalje

Han og fem hundekollegaer fekk heider og ære for arbeidet sitt.

Synne Ulltang
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hos Framtida Junior.

På måndag fekk hundane Dayco, Amanda, Apolo, Zeus og Maly medaljar under ein seremoni i Ecuador.

Hundane er av typen belgisk fårehund. Dei arbeider for den militære etterretningstenesta i landet. Det er mykje kriminalitet på grunn av narkotika i Ecuador.

Ein av hundane hadde funne narkotika på ein person. Ein annan hund hadde funne sprengstoff gøymt under eit bildekk.

Hundane har spelt ei viktig rolle for offentleg sikkerheit og i kampen mot organisert kriminalitet, sa oberst Santiago Salazar, ifølge The Independent.