Det forfattar Ida Fjeldbraaten har laga er ein rå illustrasjon av reality-TV si skuggeside, skriv meldar Heidi Berakvam om den nye romanen De andres liv.

Heidi Berakvam
Publisert

Er du ein av dei som slit med å riva seg vekk frå TV-en? Som ikkje legg merke til at ein ny episode allereie er i gong og som kan bla gjennom reels og eller TikTok-videoar i det uendelege. Det er eg. Og dette var boka eg trengde.

Nei, det er ikkje snakk om ei sjølvhjelpsbok som skal gjera deg til ein ny og betre versjon av deg sjølv.

Det forfattar Ida Fjeldbraaten har laga er ein rå illustrasjon av reality-TV si skuggeside.

De andres liv

Forfattar: Ida Fjeldbraaten

Målform: Bokmål

Sjanger: Roman

Forlag: Cappelen Damm

Utgjeve: Mai 2024

Sidetal: 160

 

Eit innblikk bak kulissene og framfor skjermen. Om det menneskelege og om korleis det kan gå altfor langt.

Det opnar med at eg-et har fått seg ein jobb i ein realityproduksjon som skal vera eit «grensesprengande» prosjekt, ulikt noko anna. Fem deltakarar med diverse psykiske lidingar skal bu på eit nedlagt sanatorium på Vestlandet (og me ser vel alle føre oss Lyster Sanatorium?).

Ei lukka avdeling har blitt gjort klar slik at deltakarane har det dei treng den neste månaden, men utanom det står dei fritt til å gjera kva dei vil. Målet er å jobba saman for å bli betre, men kva metodar dei ønskjer å bruka står dei fritt til å velja sjølv. Programmet får namnet Asylet.

Den «lovlause» reality-serien

Og no ringer vel varselbjøllene hjå dei aller fleste. Det verkar for sprøtt. Men for dei som fekk vera vitne til reality-TV sin spede barndom er det nok ikkje så sprøtt, tatt i betraktning?

Det var den ville vesten med program som Bridalplasty (der unge damer kunne konkurrera om å vinna plastisk kirurgi før bryllaupet), My Strange Addiction og Jerry Springer.

Og det er i same «lovlause» tidsalder Asylet blir laga.

Tonen i dette «spektakulært psykologiske eksperimentet» som skal bli TV-program drar lesaren inn med ein gong. Målet er å ta vare på deltakarane, men det er berre kamuflasje, det dei fortel seg sjølv.

Det eigentlege målet er å laga god TV.

Det kan jo umogleg gå godt, men kor dårleg kan det gå? Undervegs hoppar me litt frå dette reality-prosjektet til ei notid.

Usosiale konsekvensar

Eg-et er deprimert, går på NAV, unngår NAV og fortaper seg i TV-skjermen. Ho har begynt å sjå tilbake på tida si då ho arbeidde med Asylet.

Ho skulle føra logg og markera raudt det som var av interesse. På fylla med broren får dei den geniale ideen om å skriva ei bok om kva som skjer bak kulissene og det er desse noteringane me får lesa.

Eg-et har i lang tid stengt seg inne i leilegheita. Medan ho fortaper seg i all underhaldning ho har tilgjengeleg, neglisjerer ho leilegheita, familierelasjonen og seg sjølv. «Internett er uendelig, det er fråtseri, tidsfordriv og et sted å hvile.»

Ho gjer djupdykk inn i sære hjørne av internett, der det ligg innhald ingen andre har sett eller høyrt på, det ho kallar det usosiale nettet.

Ho gløymer alt som heiter handling og forsvinn inn i eit einsleg glanegilde utan like.

Treffer kjernen av menneske

Samspelet med desse to handlingstrådane fungerer godt. Medan eg-et lev livet inni det sette og det usette gjer ho seg humoristiske og varme observasjonar som verkeleg treffer inn i kjernen av mennesket.

Samstundes får me sjå korleis ho har hamna her.

For det er hendingane på Asylet som pregar ho. Og det vil prega lesaren medan trykket stadig aukar.

Fjeldbraaten set ord på menneske og vårt forhold til overvaking i alle former.

Å lesa denne boka var som terapi for oss internettavhengige. Eg får lyst å kasta mobilen på sjøen og ta meg ein lang dusj.