I det lukkelegaste landet i Asia er ikkje lov å tygge tyggis. Er demokrati det einaste som funkar?

Edvard Storm Simonsen
Publisert
Oppdatert 18.05.2024 10:05

På denne tida av året høyrer vi gjerne folk seie i 17. mai-talar at dei er glade for at vi bor i et demokrati. Ingenting kan måle seg med demokrati, seier vi. Singapore er mykje mindre fritt enn Noreg. Likevel ser det ut til å gå ganske bra der. Kanskje ikkje demokrati er så viktig likevel?

Demokratiet Noreg

Singapore

  • Hovudstad: Singapore
  • Styreform: Republikk
  • President: Tharman Shanmugaratnam
  • Offisielle språk: Kinesisk, malayisk, tamil, engelsk
  • Religion: Buddhisme, kristendom, taoisme, islam, konfutsianisme
  • Areal: 718 km²
  • Innbyggjarar: 5,9 millionar (2023)
  • Oppretta: 1965

Kjelde: SNL

I Norge vert regjeringa forma basert på utfallet av frie og rettferdige val. Det er ein open politisk prosess der partia må vinne tilliten til veljarane for å få makta.

Vi har mange parti på Stortinget som sikrar at forskjellige syn vert representerte og debatterte. Ytringsfridom og pressefridom er sterkt verna i Norge, noko som legg til rette for kritisk debatt og overvaking av myndigheitene. På Freedom House si vurdering av kor demokratisk Noreg er får vi 98 av 100 poeng. Det er ikkje dårleg.

Les fleire spanande saker om ulike styresett verda rundt her!

Lukkelege Singapore

I Singapore gjer dei ting på ei litt anna måte. Det er eit lite land i størrelse, men dei har omtrent like mange innbyggjarar som Noreg. Men i motsetning til Noreg har dei berre eit parti, People’s Action Party, som har styrt nesten heile tida sidan Singapore blei sjølvstendige i 1965. Opposisjon har liten moglegheit til å komme til makta.

På same skalaen som Noreg fekk 98 av 100 demokrati-poeng får Singapore 48 av 100.

Likevel har Singapore fått til mykje bra med økonomien og skapt ein fin stad å leve. Folk i Singapore har ein høg levestandard, god offentleg infrastruktur, og dei lever trygt og i eit rent miljø.

Super Tree Grove består av 18 kunstige tre på over 50 meter som er ein turistattraksjon i Singapore. | Foto: Coleen Rivas/Unsplash.com

Faktisk vart dei rangert som det lukkelegaste landet i Asia i 2024.

Singapore viser at ei meir autokratisk styringsform, altså det motsette av demokratisk, kan levere resultat når det kjem til effektivitet og vekst, og også lykke.

Så om det går så bra i Singapore, kvifor kan ikkje autokrati vere eit like godt alternativ som demokrati? Er det mogleg at vi kunne hatt dei same resultata eller endå betre i Noreg dersom vi hadde adoptert enkelte av Singapore sine praksisar?

Bot-byen

Sjølv om dei som bur der seier at dei har det fint, er det som sagt langt ifrå like fritt som i Noreg. Regjeringa i Singapore har meir kontroll, og det er ikkje like greitt å få sagt akkurat det ein vil eller kritisere dei som styrer. Det er også fleire aspekt ved styringa som gjer at det kanskje ikkje er like attraktivt å bu der likevel. Dette kjem eg tilbake til.

Singapore er kjend for å være rein, trygg og godt organisert by. Den er faktisk kjend for å vere ein av dei tryggaste byene, med minst kriminalitet, i verda.

Foto: Steve Bennett/Wikimedia Commons CC BY 3.0

Men for å oppnå dette, har landet innført mange strenge reglar.

Singapore blir nokre gongar kalla «The Fine City» eller «bot-byen» på norsk, sidan det er så mange ting ein kan få bot for å gjere. Til dømes kan ein få bot for å kaste søppel på gata, gå over vegen på raudt lys eller å mate duer.

Tyggegummi er forbode i heile Singapore. Det er også ulovleg å røyke nesten overalt, i tillegg til å synge songar med bannord i seg i offentlegheita.

Nokre av desse tinga er også ulovleg i mange andre land, men det som er spesielt med Singapore er at dei i stor grad faktisk slår ned på desse lovbrota.

Desse strenge reglane er der for å halde sosial orden og god åtferd blant innbyggjarane og dei besøkande. Singapore si tilnærming til lov og orden spring ut frå ideen om at struktur og disiplin er nøkkelen til å oppretthalde harmoni og stabilitet i samfunnet.

Det er eit avvegingsspørsmål mellom personleg fridom og å bevare ro og orden, og i Singapore har dei heilt klart valt det siste.

President Tharman Shanmugaratnam frå People’s Action Party (PAP) vart i 2023 valt for ein seksårsperiode, men opposisjonen i landet har trange kår. Foto: Mohd Fyrol Anwar Aziz Marican, Lim Sin Thai – Ministry of Communications and Information (MCI)/Wikimedia Commons

Homofili, ytringsfridom og rus

Sjølv om Singapore er kjent for å vere rein og ryddig, og økonomien er blant dei sterkaste i verda, er ikkje alt like positivt.

Regimet i Singapore har fått kritikk for å ikkje respektere nokre av dei personlege fridomane som mange ser på som viktige i eit samfunn. Eit døme på dette er lovene mot homofili, som gjer at homofile kan risikere straff for å leve ut si seksuelle orientering.

Ytringsfridomen er heller ikkje noko å skryte av. Leiarane likar ikkje kritikk. Det ser dårleg ut å fengsle sine politiske motstandarar, så Singapore har ein annan strategi. Dei er kjende for å saksøke kritikarar til dei går konkurs.

Medan vi snakkar om hjelp og ikkje straff til rusmisbrukarar her i Noreg, køyrer Singapore ein annan taktikk: dødsstraff.

Mellom mars 2022 og juli 2023 avretta dei 15 personar, ifølge Amnesty International.

Viss det er prisen å betale for at ein ikkje får tyggegummi under skoa, er det kanskje ikkje heilt verd det.

Demokrati er best

Medan vi nærmar oss 17. mai, blir vi minte på kor heldige vi er som lever i eit land der demokratiet står sterkt. På denne dagen feirar vi ikkje berre vår uavhengigheit, men òg dei demokratiske verdiane som har forma samfunnet vårt, som me ofte tar for gitt.

Sjølv om Singapore viser at også land som ikkje er demokrati kan ha velfungerande samfunn, er det unntaket som bekreftar regelen.

Eit samfunn kan fungere nokolunde greitt utan demokrati, problemet er at folket ikkje har moglegheit til å bytte ut kven som styrer viss dei er misnøgde. Viss leiarane i landet plutseleg vert heilt galne kan ikkje folket bytte dei ut.

Eg trur vi skal fortsette å satse på demokrati, eg.