Tysk sensasjonslag slo 59 år gamal rekord

Leverkusen sikra ei historisk bragd i overtidsdrama i Europaligaen.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Bayer Leverkusen er kanskje ikkje det første laget du assosierer med europeisk toppfotball. No er likevel det tyske laget på alles lepper, etter at dei har hatt ein formidabel sesong.

Ikkje berre har dei allereie vunne Bundesligaen, no har dei òg slått ein 59 år gamal rekord, og det var dramatikk heilt til siste slutt. 

Sjølvmål og overtidsdrama

Leverkusen møtte torsdag 9. mai AS Roma i semifinalen i Europaligaen.

Laget hadde då vore uovervunne heile sesongen, og låg an til å bli tidenes første europeiske lag med 49 kampar på rad utan tap. 

Det var likevel berre så vidt det heldt. Leverkusen låg under med to mål mot Roma, men henta seg inn att på sensasjonelt vis.

Først tok dei innpå då Roma scora eit merkeleg sjølvmål. Laget hadde allereie sikra finaleplassen i Europaligaen etter dette målet, men heldt fram presset. Det heile vart avgjort seks minutt på overtid, då Leverkusen-spelar Josip Stanisic sette 2-2-målet.

Då rekorden vart sikra var det veldige jubelscener. 

– Vi ville ikkje senke tempoet i kampen. Vi ville bli verande uovervunne, sa stjernespelar Granit Xhaka etter kampen, ifølgje NRK.

Snuoperasjon

For to år sidan tok Xabi Alonso over som trenar for laget frå Leverkusen. Alonso var sjølv ein stor spelar for det spanske landslaget, Real Sociedad, Liverpool, Real Madrid og Bayern München.

Då Alonso tok over Leverkusen i 2022, låg dei på nedrykksplass. Det er ein kontrast til denne sesongen, der dei kan vinne alle turneringane dei er med i, både Bundesliga, Europaligaen og den tyske cupen. Frå før av har dei berre to trofé til saman, skriv NRK.

Mange har hylla det tyske lagets prestasjon. Mellom anna har tidlegare fotballspelar Robbie Savage kalla det ein av dei mest utrulege sesongane i fotballhistoria.

Denne sesongen har så langt gitt 40 sigrar og ni uavgjorde kampar, og den tyske ligatriumfen er allereie sikra. I finalen i Europaligaen ventar italienske Atalanta 22. mai.