Sidan 1. januar har han jobba på Stortinget. Framover skal han vere rådgivar for nestleiarane i Høgre.

Kristin Molvær
Publisert

– Eg har trivest veldig godt så langt, så eg var veldig glad for å få lov til å fortsette her inn mot valet neste år. Det er ei stor moglegheit, som det er veldig spennande at ein får bryne seg på. Så er eg jo veldig motivert til å gjere ein jobb for at vi skal vinne valet til neste år.

Framtida.no møter ein blid Nicolai Østeby i døra på Løvebakken, og han har god grunn til å smile.

Frå 15. mai til 1. oktober skal han fungere som rådgivar og pressekontakt for Høgres nestleiarar, Henrik Asheim og Tina Bru.

Han syner oss rundt i nokon av dei mest kjende romma på Stortinget før vi slår oss ned ved stortingsrestauranten.

Dressen er allereie på, for Østeby skal på statsrådsmiddag med Tonje Brenna (Ap) og heile arbeids- og sosialkomitéen i kveld.

– Så får eg jo vere med på mange hyggelege ting innimellom, seier kommunikasjonsrådgivaren.

Tidleg engasjert

Sørlendingen har alltid vore interessert i korleis samfunnet blir styrt, og korleis ein kan vere med å påverke og bestemme.

På eitt tidspunkt tenkte han: «Kvifor ikkje berre teste å engasjere meg?»

Så han melde seg inn i Kristiansand Unge Høgre på 15-årsdagen, for å gi det ein sjanse. Han fann fort ut at det var ein plass han treivst.

– Der har eg fått brukt engasjementet mitt, men det er også der eg har fått nokon av mine beste venner og veldig mange moglegheiter gjennom ungdomstida, og no jobbmoglegheiter.

I dag er Østeby sentralstyremedlem i Unge Høgre og sit i bystyret i Kristiansand kommune, i tillegg til jobben på Stortinget.

– Korleis er det å kombinere denne jobben med verva dine?

– Det er mykje jobb, men eg høyrde ein gong nokon seie at ein blir ikkje utbrent av å gjere ting ein brenn for.

Nicolai Østeby, her i kjend politikarstil i vandrehallen på Stortinget. | Foto: Kristin Molvær

At valet fall på Høgre handla mest om det større biletet og ideologi.

– Eg er veldig opptatt av at enkeltmenneske skal ha moglegheit til å bestemme mest mogleg over seg sjølv og kunne leve frie liv. At samfunnet blir bygd nedanfrå og opp, og ikkje motsett.

Ungt talent

Østeby rakk berre så vidt å starte på «statsministerskulen», ei bachelorgrad i filosofi, politikk og økonomi på Blindern, før han vart henta av Høgres stortingsgruppe. Han set stor pris på at partiet satsar på unge talent.

– Eg har inga kommunikasjonsfagleg utdanning på nokon måte, men eg har gjennom mange år i Unge Høgre jobba mykje med kommunikasjonsarbeid. Det er jo også ein fordel for partiet å ha folk som kjenner partiet, organisasjonen og politikken godt.

På spørsmål om kva han føler gjer han kvalifisert til jobben, svarer han audmjukt:

– Ein føler seg jo veldig underkvalifisert når ein byrjar her, men eg trur dei fleste føler litt på ei ærefrykt av å komme inn i ein jobb som dette, på ein stad ein har enorm respekt for.

På den vesle omvisninga var vi innom ulike rom i tredje etasje, her frå Eidsvollsgalleriet med portrett av fleire av eidsvollsmennene. | Foto: Kristin Molvær

Men er det ikkje nokon som reagerer på at han er så ung?

– Eg har utelukkande fått positive reaksjonar på det. Då eg vart tilsett her første gong som praktikant var eg 19, så det kan godt hende nokon heva augebryna litt.

Østeby er klar på kva han sjølv meiner.

– Er du god nok, er du gamal nok. Så lenge eg klarer å gjere denne jobben på ein god måte, så tenker eg at det skal gå fint.

Nestleiar i Høgre, Henrik Asheim, er glad for å ha Østeby med på laget.

– Eg er veldig glad for å ha Nicolai på plass som rådgivar! Han er utruleg kunnskapsrik, grundig og tenker nytt i mange saker, noko som også utfordrar oss som jobbar med han.

Og han er heller ikkje bekymra for den unge alderen, tvert i mot.

– Nicolai er også beviset på at alder berre er eit tal. Han er veldig pliktoppfyllande og har allereie rokke å få mykje erfaring frå politikken. Men hans unge alder gir han ein styrke i å forstå korleis det er å vere ung i Noreg i dag, og det er nyttig for ein 40-åring som meg sjølv.

Erna er stjerna

Noko av det mest spennande Østeby har fått vore med på i jobben som kommunikasjonsrådgivar er ulike reiser med Høgre-leiar Erna Solberg, mellom anna til Vestfold og Østfold.

Det er også ein ting som kanskje skil seg litt ekstra ut med å vere på tur med den tidlegare statsministeren.

– Det som er spesielt kjekt med å reise med Erna, er at ho har ein vanvitig kjendisfaktor.

– Vi var innom eit kjøpesenter, der folk berre strøymde til, både unge og gamle. Så det er veldig gøy, ein må jo organisere selfiekø og heile pakka.

Turane gir han og dei andre også eit betre perspektiv, meiner han.

– Ein får mykje energi og innspel av å vere ute og møte folk. Det som er litt farleg med å jobbe i bobla på Stortinget, er jo at ein risikerer å henge seg opp i ting som kanskje ikkje er så viktige for folk der ute.

Erna Solberg og Nicolai Østeby på tur, her frå ein tur til Stavanger under fadderveka på UiS. | Foto: Privat

På tvers av parti

Østeby er ikkje åleine om å bli henta frå ungdomspolitikken til jobb på Stortinget, og kan gjerne ete lunsj med kjenningar frå andre parti.

– Sjølv om det kan gå ei kule varmt nokon gonger, så er vi stort sett gode venner. Vi har respekt og forståing for at vi er ueinige i ting, og prøver å ha gode debattar.

Han meiner det er viktig at unge er på Stortinget.

– Vi er gode arbeidstakarar, og bidrar med eit viktig perspektiv.

Han tek litt pause.

– For å seie det slik, det er ikkje nødvendigvis det at du har to bachelorar og ein mastergrad som gjer at ein kvalifiserer seg for ein jobb her. Det kan like gjerne vere eit brennande engasjement for saker, og erfaring frå politikken. Det er ingen fasit for kva ein god arbeidstakar på Stortinget er.

Han meiner dei treng ein god miks, og i deira kommunikasjonsavdeling er det både unge og eldre, med og utan born.

– Det er miksen av folk som gjer at vi får gode diskusjonar og ulike perspektiv. Mi rolle handlar jo om å nå folk, så då treng ein jo også unge for å vite meir om korleis ein når den målgruppa.