Forfattaren las Astrid Lindgren sjølv frå ho var seks år og bloggar om alle bøkene ho les.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg las Forbrytelse og straff i tenåra, og hugsar at eg vart overraska over kor enkelt og samtidig givande det var å komma seg gjennom ho. Ein høyrer jo ofte at det liksom skal vera så vanskeleg å lesa dei tunge klassikarane, men så er det jo ofte ikkje det i det heile.

Det skriv Kathleen Rani Hagen, som er aktuell med sin andre roman De jordbundne.

Namn: Kathleen Rani Hagen

Alder: 35

Frå: Kristiansand

Utdanning: Bachelor i litteraturvitskap (UiB) og bachelor i biologi (NMBU).

Yrke: Forfattar

 

35-åringen frå Kristiansand er svært litteraturinteressert og har ein blogg der ho mellom anna deler kva bøker ho les. Me har teke ein kikk i bokhylla hennar.

Les i bilen, saknar toget

I oppveksten var det far til Kathleen Rani Hagen som pleidde å lesa for ho.

– Eg hugsar godt at me las Dinotopia, Asterix og Bamse Bjørn-teiknseriane. Det var så morosamt med Pelle Pelikan som hadde alt mogleg nede i nebbet sitt. Etter at eg vart seks år las eg stort sett sjølv, så det var aldri nokon som las Astrid Lindgren for meg. Det gjorde eg på eiga hand, forklarar Hagen.

Astrid Lindgren. Foto: Dagbladet/Norsk Folkemuseum CC BY-NC-ND

No les ho helst romanar, memoarar og essays i senga, i sofaen, i stolen framfor peisen, i graset, på stranda, på verandaen, på hytta eller på ferja frå Nesodden inn til Oslo.

– Det hender eg blir sitjande i bilen og lesa viss min yngste son har sovna i baksetet. Eg pleidde å lesa mykje på toget tidlegare i livet, men det har vorte få togreiser i seinare år. Det saknar eg litt, å reisa åleine med toget.

Bokklubben

– Eg les ein stad mellom 80 -120 bøker i året – nokre gongar meir, veldig sjeldan færre, anslår Kathleen Rani Hagen.

Forfattaren meiner ei god bok gjev ho kjensla av at det ho les set ord på noko ho allereie visste (eller ante konturane av), men aldri har sett skildra før, som er noko anna enn berre det å kjenna att noko.

– Det er på ein måte som om det eg har lese er heilt nytt, men samtidig eldgammalt – på éin gong. Når boka blir lenge i meg og eg stadig tenkjer på ho, årevis seinare? Samtidig hender det jo at eg tenkjer på noko frå ei ikkje spesielt god bok, lenge etter at eg har lese ho, sånn er det å ha godt minne. Det er eit vanskeleg spørsmål fordi det som er bra ved éi bok, kan vera heilt fråverande i ei anna god bok.

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Eg les ikkje fysiske bøker i senga for tida, sidan eg søv saman med små barn og ikkje kan ha leselampa på. Derimot les eg bøker på skjerm når eg skal leggja meg (og det er stort sett berre då eg les bøker på skjerm), og den som dukkar opp først når eg opnar appen er Jean Rhys God morgon, midnatt, som eg skal melda for eit tidsskrift. Eg les også Nina Lykkes Vi er ikke her for å ha det morsomt på skjerm, den skal me snakka om på neste møte i bokklubben.

Fantastiske Barbara Comyns

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Barbara Comyns! Fleire av bøkene hennar er vrine å få tak i, det er ikkje noko ein berre kan kjøpa i ein kva som helst nettbokhandel. Eg har lese alle bøkene hennar, bortsett frå Out of the Red, Into the Blue, som eg ikkje klarer å få tak i. Nokre av bøkene hennar har vorte trykte på nytt, heldigvis, som til dømes The Veit’s Daughter og A Touch of Mistletoe, men den vedunderlege rare The Skin Chairs, som rett og slett handlar om ein gjeng barn som bur i eit stort herskapshus der det er seks stolar trekt med menneskehud, og som er Helene Oyeyemis favoritt blant Comyns bøker, har ikkje vorte trykt sidan 1986, trur eg.

– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Både Lucy og The Autobiography of My Mother av Jamaica Kincaid.

 

Supre Sigrid

– Om du berre skulle lesa bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Eg såg at ein annan forfattar i denne spalta svarte Sigrid Undset på det spørsmålet for ikkje så lenge sidan, og då tenkte eg først at eg måtte seia ein annan, men søren og, eg må også svara Sigrid Undset. Eg elskar Undset, og har til og med kalla opp eit av barna mine etter ein av romanfigurane hennar. Hjå henne finst alt som skjer i menneskelivet.

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Ikkje ein spesiell karakter, men eg kjenner meg ofte igjen i mor-dotter-relasjonane til Vigdis Hjorth.

Den kvinnelege botanikkprofessoren

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Camilla Grudova. Så kunne me ha prata om Barbara Comyns, hehe. Men då måtte eg først ha fått lese dei nye bøkene hennar. Eg har nemleg berre lese The Doll’s Alphabet. Det er ei herleg, sprø samling noveller i sjangeren gotisk realisme, viss det i det heile teke er ei greie. Eg trur ikkje det, men det er den beste skildringa.

– Kva av bøkene dine vil du sjå filmatisert – og kven speler hovudrolla?

– Tenk å sjå Grunnleggende plantediversitet filmatisert, fylt av plantar, mykorrhiza og mikroskopisk liv som han er. Eg skulle gjerne likt å ha med Jessica Chastain. Ho er nok litt for gamal til å spela hovudrolla, men ho kan ta rolla som botanikkprofessoren (i romanen er botanikkprofessoren ein mann, men kva er poenget med filmatiseringar av bøker viss dei ikkje tilfører noko nytt).