Førdefjord-saka blir send til Efta-domstolen

Naturvernorganisasjonane tapte i januar søksmålet mot staten om gruvedrift med sjødeponi i Førdefjorden. No skal saka sendast til Efta-domstolen.

NPK-NTB
Publisert

– Vi veldig glade for at lagmannsretten vil gi saka ei skikkeleg behandling gjennom Efta-domstolen. Det gir håp om at vi skal kunne hindre gruvedumping og forureining av norske fjordar, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet i ei pressemelding.

10. januar vart det klart at Naturvernforbundet og Natur og Ungdom ikkje fekk medhald i at løyvet til gruvedrift med sjødeponi i Førdefjorden er ugyldig. Naturvernorganisasjonane vart i Oslo tingrett dømde til å betale sakskostnader til både Klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet, til saman litt over 1,4 millionar kroner.

I februar bestemde naturvernarane å anke dommen med ei oppmoding om at den skulle bli lagt fram for Efta-domstolen.

Ei Efta-behandling er venta i haust.

Efta-domstolen er ein overnasjonal domstol oppretta at dei Efta-statane som i 1994 vart ein del av EUs indre marknad gjennom EØS-avtalen. Ettersom Noreg ikkje er EU-medlem, vil domstolen ikkje komme med ein dom, men gi ein rådgivande uttale om korleis regelen skal forståast.

Når saka deretter kjem til behandling i lagmannsretten, vil denne uttalen måtte bli tillagd stor vekt, skriv Naturvernforbundet.

Sidan 2008 har miljørørsla kjempa for å hindre at selskapet Nordic Mining skal kunne deponere gruveavfall frå verksemda si i Førdefjorden. Totalt er det snakk om 170 millionar tonn. Førdefjorden er ein nasjonal laksefjord, og Havforskingsinstituttet har tidlegare frårådd prosjektet.