Sjølv om enkelte vart dømde for lovbrot mot menneskeslekta, er ingen dømd for folkemord mot dei nesten 2 millionar khmerane i Kambodsja. Den snevre definisjonen av folkemord dekte berre drapa på muslimar og vietnamesarar.

Edvard Storm Simonsen
Publisert

I desse dagar jobbar Den internasjonale domstolen med å avgjere om Israel er skuldig i folkemord på den palestinske befolkninga.

I Kambodsja vart 600 000 menneske avretta på fire år, i tillegg til at over éin million døydde av svolt og sjukdom på grunn av regimet i perioden 1975–1979. Til og med då sleit domstolane med å dømme dei skuldige for folkemord. Korleis kunne det ha seg? Lat oss ta ein nærare titt på den mørke historia til Kambodsja.

Kambodsja

Grunnlagd: 9. november 1953

Hovudstad: Phnom Penh

Innbyggjarar: 16,9 millionar

Styreform: Konstisjonelt monarki

Religion: Buddhisme

Språk: Khmer

Grensar til: Thailand, Laos og Vietnam

Kjelde: SNL

 

Angkor Wat og stordomstida

Vi må starte med byrjinga. Frå 800-talet var Kambodsja sentrum for det mektige Angkorriket, som var eit av det viktigaste i Søraust-Asia. Ein trur at byen Angkor var verdas største sivilisasjon på 1100-talet, med over éin million innbyggjarar. Til samanlikning budde det sannsynlegvis ikkje meir enn 15 000 i London på same tid.

Sentrum for dette riket var tempelkomplekset Angkor Wat. Yttermuren er over éin kilometer lang og det budde om lag 80 000 menneske der, før det vart forlate i 1432. I dag står Angkor Wat på UNESCO si verdsarvliste og er ifølgje Guinness World Records verdas største religiøse monument.

Raude Khmer kjem til makta

Paradoksalt nok vart det denne stordomstida som var inspirasjonen som sette i gang det som skulle bli den verste epoken i Kambodsja si historie.

Etter å ha vore under thailandsk, vietnamesisk, fransk, japansk og så igjen fransk styre, vart Kambodsja ein sjølvstendig stat i 1953. Deretter følgde borgarkrig og innblanding i Vietnamkrigen, som mellom anna innebar at landet vart teppebomba av USA og Sør-Vietnam. Fleire hundre tusen kambodsjanarar døde og det vart grobotn for ein leiar som kunne komme inn og rydde opp, og redde dei frå lidingane dei hadde opplevd.

Lite visste dei, at lidingane berre så vidt hadde starta.

Landskapet i Kambodsja ber preg etter USA si bombing på 70-talet. Dette biletet er teke i 2014. Foto: Kimlong Meng/Wikimedia Commons

Folkemordet

Pol Pot sitt eigentlege namn er Saloth Sar (1925-1998). Foto: Ukjend

Mannen som tok over makta i 1975 kalla seg Pol Pot og var leiar av det kommunistiske partiet Raude Khmer.

Partiet sitt mål var å reinske Kambodsja for alt framand og starte igjen frå «år null».

Dei skulle byggje opp ein kommunistisk jordbruksstat der folk budde i store jordbrukskollektiv. Her vart familiar splitta opp og kollektivet var det einaste viktige.

Denne staten var berre for ei befolkningsgruppe, nemleg khmerar. Alle andre måtte verte reinska unna.

Men det var ikkje berre andre folkegrupper som vart drepne. Alle som hadde utdanning og vart sett på som intellektuelle var det ikkje bruk for i dette samfunnet, og burde drepast. Også legar, advokatar, journalistar, artistar og studentar vart mål for styresmaktene.

Pol Pot hadde sjølv utdanning frå Frankrike, men meinte tydelegvis at det same ikkje gjaldt for han.

1 av 4 døydde

Elles meinte dei at byfolk var late, umoralske og skitne og hadde ikkje nokon plass i denne bondeutopien.

Raude Khmer var ikkje spesielt nøye med kven dei valde å avrette. Det kunne vere nok om du hadde mjuke hender, hadde bleik hud eller brukte briller.

Alt som kunne minne om intellektualisme måtte vekk. Bøker vart også i stor grad øydelagde. Det var ikkje bruk for dei i dette jordbrukssamfunnet dei ønskte seg.

Vestleg medisin var også ulovleg, som gjorde at mange sjuke som enkelt kunne vore redda døydde fordi dei vart nekta å bruke medisin.

Anslaga varierer, men ein reknar med at mellom 1,7 og 2 millionar menneske døydde av avrettingar, svolt og sjukdom som følgje av Raude Khmer sitt styre frå 1975 til 1979. Éin fjerdedel av befolkninga på 8 millionar vart altså utsletta på under fire år.

Bilete frå Killing fields, som no er eit besøkssenter der ein lærer om grusomheitene som fann stad der. Foto: Wikimedia Commons

Rettsoppgjeret etterpå

Det var vanskeleg å stille Pol Pot og dei andre leiarane i Raude Khmer til ansvar for kva dei hadde gjort av fleire grunnar.

For det første var det fysisk vanskeleg å få tak i dei fordi dei hadde rømt til jungelen i Kambodsja og dreiv geriljakrig mot vietnamesarane som hadde teke over makta i hovudstaden Phnom Phen.

Offisielt sett var det framleis Raude Khmer som var leiarane av Kambodsja, og til dømes Noreg og USA såg på Raude Khmer som dei offisielle styresmaktene. Det var ikkje fordi dei støtta Pol Pot, men fordi dei ikkje kunne støtte den vietnamesiske invasjonen som braut med folkeretten.

For det andre var det vanskeleg å få einigheit i FN om å etablere ein internasjonal domstol.

Kina var ein av Raude Khmer sine største støttespelarar og brukte vetoretten sin i Tryggingsrådet for å hindre etableringa av ein internasjonal domstol. I motsetnad til sakene frå Rwanda og Jugoslavia då ingen stoppa FN.

Folkemordkonvensjonen

For det tredje var det utfordringar med å få nokon dømd for folkemord, fordi definisjonen av folkemord er så snever.

Folkemordkonvensjonen seier at offer for folkemord må høyre til ei rasemessig, etnisk, nasjonal eller religiøs gruppe. Men folkemordet i Kambodsja var i stor grad retta mot politiske og sosiale grupper.

Så sjølv om enkelte vart dømde for lovbrot mot menneskeslekta, er ingen dømde for folkemord mot dei nesten 2 millionar khmerane som døydde under Raude Khmer sitt styre. Rett nok er nokon dømd for folkemord mot muslimane i Kambodsja og dei etniske vietnamesarane som budde der og vart avretta av Raude Khmer.

Omgrepet «autogenocide» vart danna for å beskrive hendingane i Kambodsja. Det tyder at både dei som gjennomfører folkemordet og dei som er offer består av folk frå den same folkegruppa.

Arr frå fortida

I dag lever om lag 16 millionar menneske i Kambodsja, men Raude Khmer sitt regime har sett djupe spor.

Landminer er framleis eit stort problem i Kambodsja. Sidan 1979 har over 20 000 menneske vorte drepne av landminer eller anna gammal ammunisjon. 40 000 har mista lemer etter landmine-ulykker og Kambodsja er eit av landa i verda der størst del av befolkninga har amputerte lemer.

Analfabetisme er òg eit problem kambodsjanarane har slite med etter at så stor del av den utdanna befolkninga vart drepen og bøker vert øydelagt.

Eit skilt som åtvarar om landminer i Kambodsja. Foto: WT-en Jpatokal på English Wikivoyage

Demokrati i dag?

Landet har heller ikkje heilt klart å få i stand eit velfungerande demokrati etter Raude Khmer vart styrta av Vietnam 7. januar 1979. Vietnamesarane fekk god hjelp av avhopparar frå Raude Khmer og fleire av dei fekk viktige politiske posisjonar i den nye regjeringa.

Tidlegare statsminister i Kambodsja, Hun Sen, fotografert i 2016 i samband med eit møte med Russland. Foto: Kremlin.ru/Wikimedia Commons

Fleire av dei leiande politikarane i dag har bakgrunn frå Raude Khmer.

Ein av desse er Hun Sen, som vart utanriksminister i det nye regimet og seinare statsminister. Det vervet hadde han frå 1985 til 2023. Og kven tok over då han gjekk av i fjor? Sonen hans. Det skrik ikkje akkurat demokrati. Kambodsja slit også med mykje korrupsjon.

Å vere leiar i 38 år vart tydelegvis ikkje nok.

For berre for eit par veker sidan vart Hun Sen valt til president for senatet i Kambodsja, så han har framleis ein finger med i politikken.

Djupe sår

Raude Khmer og Pol Pot dreiv eit brutalt regime som leidde til at fleire millionar menneske døydde. Sjølv om dei berre hadde makta i fire år rakk dei å lage djupe sår som framleis ikkje er heila.