«Ibelin» – At denne dokumentaren finst, er eit aldri så lite mirakel

Jenny Lund
Publisert

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Det er nok mange som hugsar då NRK i 2019 publiserte den første artikkelen om Mats Steen (1989-2014), den unge gameren som døydde berre 25 år gamal etter eit liv med Duchennes muskeldystrofi.

No, fem år seinare, kjem kinodokumentaren om han.

Ibelin

  • Noregspremiere: 8. mars 2024
  • Sjanger: Dokumentarfilm
  • Regi: Benjamin Ree
  • Speletid: 1 time og 44 minutt
  • Aldersgrense: 9 år

 

 

Ibelin startar som forteljinga om Mats og det korte, einsame livet som alltid var foreldra sin store sorg.

Så skjer det: Kondolansane rullar inn, og familien vert gjort klar over det store nettverket han var ein del av. No kjem forteljinga om Lord Ibelin Redmoore, avataren som Mats spelte i det nettbaserte fleirspelarspelet World of Worldcraft (WoW).

 

Gjennomført formidling

Med Ibelin har regissør Benjamin Ree oppnådd nøyaktig det han ville: Lage ein film som er lett tilgjengeleg, båe for dei som er godt integrert i den digitale verda, og dei som aldri har sett ein fot inn i han.

Filmen har ei flott oppbygging, og lar den dystraste delen vere overstått ganske tidleg. Trist vert det igjen, ja, men då meir bittersøtt enn direkte vemodig. Den store gleda i Ibelin er nemleg måten ein gradvis forstår kor mykje større verda til Mads var, enn det ein først venta seg.

At denne dokumentaren i det heile tatt finst, er eit aldri så lite mirakel. Det er ei gjenskaping av eit liv som dei færraste, og ingen av dei nærmaste til Mats, heilt forstod.

Dei digitale moglegheitene

Noko av det ein legg merke til, er kor mykje av Ibelin som er animert. Klassiske videointervju med venar og familie har også sin plass, men mykje av tida får den digitale verda ta spotlighten.

Store delar av handlinga er gjenskapt med dei faktiske 3D-modellane til Mats og venene sine avatarar, og utspelar seg i Azeroth, verda der World of Warcraft finn stad. Desse animerte scenane gjer det mykje enklare å leve seg inn den menneskelege dimensjonen av spelet, enn viss dei hadde brukt enkle opptak frå det. Spelarar lever seg lett inn i spel, men berre om dei sjølv har kontrollen – utan den er ikkje skjermen så spennande. Chatting gjennom tekst er heller ikkje så engasjerande å sjå på film. For å få desse scenane med i filmen, vart det enklare å be om tilgiving enn tillating, og Ibelin vart først vist til eigarselskapet Blizzard etter at han vert ferdig.

Heldigvis gjekk det bra, og Ibelin-teamet kunne sleppe dokumentaren utan problem.

Sanka ros og prisar

At filmskaparane hadde tilgang til alle handlingane og samtalane som han føretok seg i Azeroth, er eit resultat av eit arkiv som rommar alt det dei i guilden Starlight, det digitale fellesskapet han var med i, sa og gjorde. Stemmeskodespelarar har så spelt inn fleire av desse samtalane.

I tillegg er det scenar som er 2D-animerte, brukt til å fortelje om minner eller hendingar som ikkje fann stad i spelverda, men som ikkje har noko medførande arkivmateriale. Dei ulike animerte sekvensane bidrar til estetisk variasjon, og lagar ein fin kontrast mellom livet i spelet og utanfor.

Det er ikkje alt som er heilt perfekt. Nokon stader kunne det visuelle kunne ha vore litt meir interessant, og at dei ulike handlingstrådane kunne vert knyta i litt sprekare mønster. Men dette er småplukk: Ibelin er på alle måtar ein gjennomført, vakker dokumentar som er vel verd å få med seg. At han har sanka ros og prisar frå Tromsø til Utah, overraskar meg ikkje i det heile tatt.

Unik, men universell

Ibelin er utan tvil ein djupt personleg film, som tek utgangspunkt i eit liv og korleis det påverka andre.

Mats «Ibelin» er der sjølv, spesielt i form av dei ofte ganske humoristiske blogginnlegga han skreiv, som vert lest opp på fleire stadar i filmen.

Her er det mykje som sjåarar kan, og bør, ta med vidare. Dokumentaren utforskar grensene mellom det virtuelle og verkelegheita, og om dei i det heile er viktige. Er ein kjærastar etter ein rollespeldate? Er det liva me, utan kontroll, finn oss i som skal definere oss, eller dei me sjølv skapar?

Og så er det dei heilt konkrete spørsmåla, om speling, helse og velvære. Frykta for å leve eit liv som ikkje set spor. Om å skape gode løysningar saman med dei som treng tilrettelegging, ikkje for dei.

Er det nokon som kan vere nøgde, er det gamerane. Dei har nettopp fått tidenes forsvar for hobbyen sin.