Forfattaren og illustratøren ser opp til Sigrid Undset og kjenner seg kanskje aller mest igjen i karakteren Ida Elisabeth.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg les mykje! Men eg er glad i tjukke bøker, så eg føler ikkje at antalet representerer lesegleda. Eg les kvar dag!

Illustratør og forfattar Anja Dahle Øverbye (42) har hausta mange lovord for dei grafiske barne- og ungdomsromanane sine. Sist ut er Tarjei 13 år, som er nominert til Kritikarprisen.

Me har teke ein kikk i bokhylla for å få innsikt i kva bøker som forma forfattaren.

Anja Dahle Øverbye

Alder: 42

Frå: Åfarnes i Rauma kommune. Bur i Oslo.

Utdanning: Bachelor i visuell kommunikasjon

Yrke: Teikneserieteiknar, forfattar og illustratør. 

Luksus på morgonkvisten

– Kor les du?

– I senga, i sofaen, ved matbordet og på kafé. Men aller helst i senga med kaffi på morgonen. Det er ein skikkeleg luksuriøs start på dagen.

– Kva bøker les du helst? 

– Romanar! Helst tjukke bøker der ein får gå i djupna på karakterane. Store epos er min favoritt, gjerne der ein følger karakteren gjennom eit heilt liv. Elles likar eg å lese teikneseriar, men les veldig lite av det i forhold til at eg faktisk lagar teikneseriar. Eg blir mest inspirert til å lage teikneseriar av å sjå på film. Eg elskar alt av god historieforteljing! Eg prøver òg å lese variert, så ikkje alle historiene sausar seg saman for meg. Ein god miks mellom samtidslitteratur og gamle klassikarar. Eg hadde ein periode der eg las ein del forfattarar frå Nigeria, t.d. Chinua Achebe. Han har skrive ein fantastisk trilogi som byrjar med boka Things fall apart. Tilrådast!

– Kva bok ligg på nattbordet ditt? 

Krig og fred av Tolstoj. Eg har hatt store bunkar med biblioteksbøker liggande, men no er alt levert sidan Krig og fred tek nokre månader.

Tatt av bøkene

– Kva bøker vart lesne til deg som liten?

– Eg var medlem i Bokklubbens barn, så me las det som kom der kvar månad. I tillegg besøkte me biblioteket og bokbussen ofte, og foreldra mine las høgt for meg kvar kveld heilt til eg vart tenåring. Sonen min er 12 år, men eg les for han kvar kveld framleis. Det er ein utruleg fin tradisjon, og ein får ei felles oppleving ein kan snakke om. No kan eg og sonen min snakke mykje om både handling og spørsmål som dukkar opp i litteraturen. Nett no les me Narnia-bøkene.

Tatt av vinden vart skrive av Margaret Mitchell i 1936. Filmatiseringa frå 1939 med Clark Gable i rolla som Rhett Butler og Vivien Leigh som Scarlett O’Hara har òg sett varige spor etter seg. Foto: Wikimedia Commons

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Eg las Tatt av vinden då eg var 13 år, og det var ei utruleg sterk leseoppleving. Å få komme inn i eit så stort og komplekst univers var ei fantastisk oppleving. Det var mi første ordentlege vaksenbok, og etter det såg eg meg ikkje attende. Eg hugsar eg låg i senga kvar kveld og las og las. Så kjøpte eg filmen på VHS, og såg den tallause gonger. Ein dag skal eg lese den på nytt, men er nesten redd for å øydelegge den magiske kjensla eg hugsar frå då eg las den for snart 30 (!) år sidan.

Landskap på Færøyane

– Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive? 

Make me a Woman av Vanessa Davis. Ei fantastisk teikneseriedagbok!

– Kven er din favorittillustratør?

– Mange! Men barnebøkene til Emma Adbåge er heilt fantastisk fine. Både historiene og teikningane!

– Kva likar du aller best å teikne?

– Hus og landskap! Eg var to veker på Færøyane for å teikne i fjor, og det var så utruleg mykje fantastisk å teikne! Då levde eg mitt beste liv. Teiknar eg hus og landskap slappar eg skikkeleg av og kjem inn ein god flow med ein gong.

– Kva meiner du gjer ei bok god? 

– Gode detaljar! Både i handling og språk. Eit språk som leiker seg med ord, og ei handling som blir levande gjennom detaljane. Ein karakter som rommar alle kjensler er så mykje meir levande enn ein karakter som berre har dei kjenslene hen «treng» for historia. Ein meister på dette er Hamsun, som skildrar så godt korleis nokon dummar seg ut og blir flau. Eller Tolstoj som beskriv korleis nokon får latterkrampe ved eit dødsleie, og ho det gjeld må gøyme seg bak ei søyle og le i eit lommetørkle. Slike detaljar er noko me alle kan kjenne oss att i, og som nok har vore med på å gjere desse bøkene tidlause.

Sigrid Undset fotografert i 1928, året ho fekk Nobelprisen i litteratur. Foto: Alvilde Torp/Wikimedia Commons

Sigrid Undset livet ut

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Rart svar, då veldig mange veit at dette er ei fantastisk bok! Men svaret mitt er faktisk Kristin Lavransdatter av Sigrid Undset. Mange blei tvinga til å lese Kransen på vidaregåande, og har kanskje sett filmatiseringa. Filmatiseringa får ein til å tru at historia sluttar lykkeleg med at Kristin og Erlend får kvarandre, og filmen kan nok og opplevast som veldig langdryg. Dette har fått mange til å avskrive denne komplekse boka. Det at Kristin og Erlend får kvarandre er jo berre starten på ei forrykande historie mellom dei to, som kjem fram i Husfrue og Korset. Ei sterk historie om eit heilt liv, som er så mykje meir enn berre Kransen. Eg har lese boka tre gonger, og kvar gong kjem det noko nytt eg kan relatere meg til, etter kvart som eg blir eldre.

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Oi! Vanskeleg å svare på, men kanskje Ida Elisabeth frå boka med same tittel av Sigrid Undset. Eg har ikkje tenkt over det før, men det er sikkert ein grunn til at eg les den boka opp att og opp att.

– Kva forfattar/illustratør – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Sigrid Undset! Ein utruleg dedikert forfattar, som gjekk inn for det ho bestemte seg for. Om det så var bokskriving eller hage.

– Om du berre skulle lese bøker frå éin forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Sigrid Undset igjen! Her er det så mykje å ta av! Fleire av bøkene hennar kjem eg tilbake til når eg treng å lese noko eg veit er bra, og som berre er kos.

Tarjei på teater

– Kva av bøkene dine ville du helst sett filmatisert? Og kven speler hovudrolla?

– Veit du, eg seier heller teater. Eg trur Tarjei, 13 år hadde eigna seg veldig godt for teaterscena. Boka er for aldersgruppa 9–12 år, og eg skulle veldig gjerne sett meir teater for den målgruppa. Eg og sonen min gjekk mykje på Trikkestallen då han var liten, men no er det ikkje mykje på teater for hans aldersgruppe. Eg trur òg den boka kunne blitt ei utruleg fin oppsetting, med dei ulike scenene. Trehytta og feiringa av Halloween, blant anna. Kven som skulle spele er vanskeleg å seie, men eg hadde elska å sjå den på Det Norske Teatret. Å få den på nynorsk hadde vore gull. No drøymer eg, men det er lov!