22 år gamle Anastasia Tykha blei igjen i Ukraina då krigen starta. Ho har redda over 30 hundar frå krigen i heimbyen Irpin nær hovudstaden og er portrettert på ei bustadblokk i Kyiv. | Foto: AP Photo/Efrem Lukatsky
Laurdag 24. februar er det to år sidan Russland gjekk til åtak på Ukraina. Krigen har resultert i både utbomba bygningar og veggmåleri som løftar kampanda.
Andrea Rygg Nøttveit
Publisert Oppdatert 27.02.2024 10:02
Russland sin invasjon av Ukraina har prega nyheitsbiletet og verdspolitikken dei siste to åra.
I Ukraina har krigen sett sitt preg på gatebiletet, både i form av skadar og kunst.
Oleksiy Movchan og tre medsoldatar skal ha redda elleve sivile og ein katt etter eit rakettåtak i Donetsk-regionen, før han sjølv vart drepen. Måleriet er til ære for heltane frå Ukraina. | Foto: AP Photo/Efrem Lukatsky
Krigen har gitt Ukraina nye folkeheltar, nokre meir segnomspunne enn andre.
Måleriet framstiller piloten som vert omtala som spøkelset frå Kyiv, som skal ha skote ned seks russiske pilotar under dei første 30 timane av invasjonen. | Foto: AP Photo/Efrem Lukatsky
Òg våpenstøtta som Ukraina er avhengig av, har skapt nye figurar.
Biletet framstiller Sankt Javelin, eit internett-menme og fiktiv helgen med det amerikanske pansermissilet FGM-148 Javelin, som ukrainske styrkar har brukt i kampane mot Russland. | Foto: AP Photo/Efrem Lukatsky
Dødstala i Ukraina er usikre på begge sider. Det er mistanke om at Russland underrapporterer tala og Ukraina går heller ikkje ut med sine, men i august estimerte New York Times at 70 000 var drepne på ukrainsk side.
Måleriet framstiller Maksym Yalovtsov (32), ein rugbyspelar og wrestling-coach som verva seg og vart drepen i 2022. | Foto: AP Photo/Efrem Lukatsky
Dei falne er både sivile, frivillige og soldatar.
Soldaten Andriy Ogorodnik (23) vart drepen i april 2022 medan han forsvarte jern- og stålverket Azovstal i Mariupol. | Foto: AP Photo/Efrem Lukatsky
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.