Forfattaren av boka Politiske skandaler: Sex, korrupsjon og maktkamp meiner Sindre Finnes si daytrading og dei fabrikkerte trugslane mot Tor Mikkel Wara er utrulege.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det er viktig å hugsa på at skandalane er store livskriser for dei som står oppi dei, så det å gje merkelappar som «favoritt» kan bli litt smaklaust, meiner Kim Arne Hammerstad.

I 2018 leverte statsvitaren frå Bergen masteroppgåva si om politiske skandalar. Denne var utgangspunktet for Politiske Skandaler: Sex, korrupsjon og maktkamp på forlaget Res Publica. Boka kom først ut i 2020 men har no blitt utvida med fleire nye politiske skandalar, som Solberg-saka.

Me har teke ein kikk i bokhylla til den politisk interesserte forfattaren.

 

Kim Arne Hammerstad

Alder: 32
Frå: Bergen
Utdanning: Mastergrad i samanliknande politikk, UiB
Yrke: Kommunikasjonsansvarleg
Kor mykje les du: Mellom 20 og 30 i året. Skulle gjerne vore 20–30 fleire bøker i året, men eg klarar ikkje å finne meir tid i løpet av veka utan at det går utover basale behov som søvn og matinntak.

Trekkjer fram Sylvi

Sjølv om han ikkje kan løfta fram ein favoritt, trekkjer Hammerstad fram ein skandale frå 2018 då Sylvi Listhaug skreiv på Facebook at «Arbeiderpartiet er meir opptatt av å beskytte terrorister enn rikets sikkerhet» same dag som Erik Poppe hadde premiere på filmen sin om Utøya.

– Det utløyste ei heilt ellevill veke i norsk politikk, som kulminerte med at Listhaug gjekk av berre timar før Solberg-regjeringa var tenkt å gå av. Det var reine spenningsromanen å gå gjennom denne skandalen om igjen i haust då eg gjorde research til boka mi som er ute no.

– Kva er din politiske draumeskandale, om du skulle kokt i hop ein sjølv?

– Eg er ikkje kreativ nok til å kome opp med ein skandale som overgår dei skandalane vi har hatt i norsk politikk dei siste fem–seks åra, meiner Hammerstad, og utdjupar:

– At ektemannen til statsministeren gjennom åtte år dreiv hemmeleg daytrading, og attpåtil vedda mot norsk økonomi under landets verste krise i fredstid, medan han hadde heimekontor inne i statsministerbustaden– det hadde jo garantert blitt refusert av forlaget om ein skulle kome opp med noko slikt i eit manus.

Hammerstad trur forlaget rett og slett hadde syntest det var for utruleg.

Han trur det same er tilfelle med fabrikkeringa av trugslane mot dåverande justisminister Tor Mikkel Wara i 2019.

– At alt skulle visa seg å vera iscenesett av hans eigen sambuar er rett og slett ikkje til å tru at har skjedd i norsk politikk.

Kaffi og sakprosa

Hammerstad les mellom 20 og 30 bøker i året, og skulle gjerne lese meir om han fann tid til det.

– Som sakprosaforfattar og langt over snittet samfunnsinteressert type blir det naturlegvis mykje sakprosa – deriblant ein del (politikar)biografiar, essaysamlingar og dokumentarar. Men eg les til ei kvar tid ein roman, og då går det i mykje av det som er i vinden av, helst norsk, samtidslitteratur. Eg er ikkje meir kreativ enn at eg stort sett les det som får gode bokmeldingar eller som eg synest høyrest bra eller gøy ut. I tillegg har eg nokre favorittforfattarar som eg ukritisk les alt av, uavhengig av bokmeldingar: Agnes Ravatn, Erlend Loe, Linn Strømsborg, Karl Ove Knausgård og Haruki Murakami.

– Kor les du?

– I sofaen heime og på kafé (då helst med handbrygga, bekmørk kaffi og ein blodfersk kanelbolle attåt – då kosar eg meg).

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Eg er ein sånn som aldri les på senga, men på stovebordet ligg akkurat no «Selveiersanger», romandebuten til tidlegare Ap-stortingsrepresentant Marianne Marthinsen, og dessutan «Øyeblikkets Triumf» av Henrik Thune, som eg les som research til et komande prosjekt. I tillegg ligg dei siste papirutgåvene av Filter Nyheter og Morgenbladet også der, så eg klarar å fylle kveldane, for å seia det sånn.

«Peak millennial»-ynske

– Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive?

– Dette er jo ein «peak millennial» ting å seia, men eg kjem ikkje unna å seia noko anna enn Harry Potter. Ikkje fordi det hadde vore kult å vera milliardær (men det hadde jo det), men det å skapa eit univers og ei så god historie som det J.K. Rowling har gjort med dei sju bøkene er berre heilt ufatteleg imponerande. Medan andre bøker som ein les om igjen som vaksen ofte står fram noko skuffande, held Harry Potter-bøkene framleis eit skyhøgt nivå. Det er det berre å ta av seg hatten for. Dessutan er det bidraget J.K. Rowling har gitt barn og unge til å oppleva leselyst og få store litteraturopplevingar tidleg i livet, heilt ufatteleg viktig. For min eigen del er nok Rowling ein viktig bidragsytar til at eg er så glad i litteratur som eg er i dag.

– Kva bøker vart lesne til deg som liten?

– Eg er utruleg heldig som hadde foreldre som var opptekne av å lese for meg då eg var liten – både mor og far. Som mange andre barn fødd tidleg på nittitalet gjekk det mykje i Anne-Cath. Vestly og Astrid Lindgren – der favorittane så vidt eg hugsar var «Mormor og de åtte ungene» og «Ole Aleksander Filibom-bom-bom». Då eg vart eldre og lærte å lesa var det å avslutta dagen med å lesa bok ein så naturleg del av kveldsritualet at eg heldt fram med å lesa bøker på eiga hand, noko som eg har halde fram med heilt fram til i dag, som ein tilårskommen mann godt ut i trettiåra.

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Lemony Snickets bokserie i tretten delar, «Den onde greven», var ein stor favoritt i tenåra. Eg trur at den slentrande og tidvis svært maleriske og metafortunge stilen til forfattar Daniel Handler (som skjuler seg bak pseudonymet) har påverka veldig mykje av den stilen eg har som forfattar i dag – på godt og vondt. Det er ikkje alltid at denne stilen er hundre prosent kompatibel med å behandla tidvis seriøst stoff i sakprosasjangeren, men eg har blitt flinkare til å gjera stilmessige kompromiss i takt med at eg har blitt eldre.

Strømsborg-universet

– Kva meiner du gjer ei bok god?

– Det kan vera så mykje forskjellig! Men for at ei bok skal vera verkeleg god, må det vera ein god kombinasjon av ein prosa som driv deg gjennom sidene heilt silkemjukt, i tillegg til at boka må fortelja noko som forfattaren klarer å «selje» til lesaren som anten spanande, interessant, skummelt, morosamt eller alt på same gong – kort fortalt ei forteljarglede som skin gjennom.

– Dette gjeld for både sakprosa og skjønnlitteratur. For sistnemnde sjanger er det også viktig at eg «trur» på karakterane – at dei ikkje er for karikerte og evnar å vise anten utvikling (til det betre eller verre) eller fleire sider av seg gjennom romanen. Romanar er lange, så bruk plassen til noko nyttig – når eg les skjønnlitterære bøker heilt utan noko karakterutvikling blir eg berre sur og legg ut ei grinete bokmelding på Goodreads i etterkant.

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Eg veit eigentleg ikkje om ho er så undervurdert, for dei aller fleste i min omgangskrets har eit forhold til ho, men eg veit ikkje kor stor ho er utanfor mi eiga boble. Eg tenker naturlegvis på Linn Strømsborg. Ho har ei evne til å fange og sette ord på mange av dei ulike fasettane av det å vera nyutdanna, ung vaksen med eit snev av kvartlivskrise gåande på ein måte som eg trur veldig mange kan kjenna seg igjen i. Eg har sett pris på alle bøkene hennar, og for nye lesarar er den nyaste utgivinga, «Faen, Faen, Faen», ein god inngang til Strømsborg-universet.

Erlend Loe + Agnes Ravatn = god «ranting»

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Her må eg seia som Arbeidarpartiet – er det ikkje vanlege folks tur? Eg likar å lesa om karakterar i same livssituasjon som meg og som balar med dei same tinga i livet. Karakterar som gjer og seier dei tinga eg ikkje får meg til å gjera og seia, då er det gøy å sjå kor forfattaren vel å ta karakterane etter å ha gjort desse tinga. Superheltar og supermenneske – ja, flinke folk generelt, er kjedelege – det er nok derfor eg aldri les krim. Eg vil mykje heller lesa om ein etterforskar som sender feil gjerningsperson i fengsel og som ti–femten år seinare skjønar at hen er skuldig i justismord enn om ein etterforskar som alltid endar med å fakka mordaren på nest siste side i boka.

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Eg er så freidig at eg inviterer to – Erlend Loe og Agnes Ravatn. Eg trur det kunne blitt ein hyggeleg kveld med samtalar om alt frå prokrastinering (og korleis unngå det) til psykologisering av Erlend Loes bruk av einhjulssykkel i bybiletet i hovudstaden. Med to vestlendingar og ein trønder rundt bordet trur eg det hadde blitt mykje god «ranting», og det må alle middagsselskap ha.

– Om du berre skulle lesa bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Her er det viktig å velja seg ein forfattar med omfattande katalog med bøker som er såpass lange og detaljrike at ein er forsynt ei stund og framleis kan lesa nokre bøker i året utan å koma gjennom bunken på veldig kort tid. Då blir det ein av mine absolutte favorittforfattarar, japanske Huraki Murakami. No som Jon Fosse har fått Nobels litteraturpris er det Murakami eg heiar på at skal få den neste gong. Det hadde vore så fortent. Eg kunne fint levd med å rotera meg gjennom forfattarskapen hans nokre gongar før eg hamnar i plankepysjen sjølv.

«Hva med studiene, Kjerkol?»

– Boka di vert ein dokumentarfilm/serie – kven har forteljarstemma?

– Eg ser føre meg eit kostymedrama i form av ein samproduksjon mellom austtyske og tsjekkoslovakiske allmennkringkastarar som portretterer skandalane i norsk politikk. Knut Risan skal naturlegvis dubba alle rollene. Ei scene under valkampen i 2021 seier vel seg sjølv: «Hva med studiene, Kjerkol? Studiene!»