Biletesak

Sjå bileta frå verdas flottaste karnevalfeiringar

Slik blir tida før faste feira rundt om i verda.

Åshild Slåen
Publisert

Neste veke er det 40 dagar til påske, ei tid mange rundt om i verda markerer ved å faste. Men før ein går inn i fastetida, er det også tradisjon for ei skikkeleg feiring – karneval.

Fjør og dans

Kan nokon slå brasilianske Rio de Janeiro i paradar – og bruk av fjør? Tvilsamt.

Her viser ein sambaskule seg fram i gatene med både dans og kostyme.

Alle kan delta i dei store gatefeiringane i Brasil.

Masker og mystikk

Venezia i Italia kan briljere med masker. Karnevalfeiringa deira har eit historisk sus over seg, spesielt i år, sidan dei markerer at det er 700 år sidan ein av deira mest kjente innbyggjarar, Marco Polo, døydde.

Byen har ikkje like mange gater som Rio, men kan ta feiringa ut i kanalane!

Fakkeltog i Middelhavet

Fasta, og tida før, er også viktig i den ortodokse kyrkja. Det skjer litt seinare enn i den katolske kyrkja, sidan den ortodokse kyrkja også feirar påska 5. mai i år. Her frå ein fakkelparade i høve karneval på den greske øya Naxos 25. februar i fjor.

Mardi Gras

I meir fransktalande delar av verda er det feitetysdag, eller Mardi Gras, som er den største festdagen. I New Orleans veit dei å feire med jazz, paradar og perler.

Kano og karneval

I Quebec i Canada er det ikkje kostyma som pregar karnevalet, men ein kanokonkurranse. Tradisjonen tru kjem det deltakarar frå heile regionen som vil kome seg over det iskalde vatnet.

Kritikk og karikaturar

I Mainz i Tyskland har dei ein annan tradisjon, og feirar karneval heilt frå november til oskeonsdag. Paradar med satiriske karikaturar er ein kjent del av feiringa. I år kan ein sjå fleire politikarar og verdsleiarar gjennom gatene.

Så kva gjer vi i Norden? Dei færraste fastar før påske, men ordet heng sjølvsagt att i fastelavn, når vi skal ete noko av det beste og feitaste som finst. I både Sverige og Noreg kosar vi oss med semlor, eller fastelavnsbollar!