Filmmelding: Dream Scenario – velspelt og morosamt draumedrama

Filmmeldar Jenny Lund meiner Nicolas Cage gjer ei strålande rolle i norske Kristoffer Borgli sin nye spelefilm.

Jenny Lund
Publisert

Dream Scenario har vore på radaren min ganske lenge no. Ein produksjon av det anerkjente studioet A24, regissert av mannen bak dei kritikarroste DRIB og Syk Pike, og med Nicolas Cage i hovudrolla? Det kunne ikkje bli anna enn spanande, tenkte eg.

Det blei det utvilsamt, men eg var ikkje forberedt på kor høg underhaldningsverdi det var snakk om.

 

Dream Scenario

Nasjonalitet/språk: USA, engelsk

Regi: Kristoffer Borgli

Noregspremiere: 02.02.2024

Aldersgrense: 12 år

Sjanger: Drama, komedie, sort komedie

Speletid: 1 time og 42 minutt

Draumemannen

Paul Matthews (Nicolas Cage) lever eit ganske alminneleg, om ikkje heilt tilfredsstillande, liv som universitetsprofessor og familiefar. Det tek brått slutt når stadig fleire kjem til han for å fortelje om den same vittigheita: At dei har drøymt om han.

Det viser seg at dette ikkje berre gjeld folk han kjenner, men også ukjente frå fjern og nær. Møtt med denne uventa kjendisstatusen forsøkjer Paul febrilsk å bruke det til sin fordel, men korleis kan han gjere det utan kontroll over draumane?

Eg kan ikkje lyge: Eg er ein massiv Nicolas Cage-fan. Eg vil 100 prosent ta sjansen på å forklare kvifor Vampire’s Kiss er eit misforstått meisterverk om eg får moglegheita. Face/Off er i min topp tre av filmar nokosinne, og skodespelet han leverer der er ein stor del av det. Rolla han spela i Raising Arizona er grunnen til at eg prøvde å klippe kinnskjegg på meg sjølv.

Eg håpar derfor at du likevel kan tru meg når eg seier at sjølv om eg ikkje var storfan, ville eg vore like entusiastisk over skodespelet her.

Som Paul Matthews er Nicolas Cage på det perfekte punktet der han både er så patetisk at ein synest synd på han, samtidig som ein tenkjer at problema han har eigentleg er litt sjølvfortente. Julianne Nicholson komplementerer dette strålande som kona Janet, stadig skiftande mellom noko kjærleg og passiv-aggressiv. Dei mange birollene gjer også ein skikkeleg god jobb, og sjølv dei av dei som i det store biletet er nær ubetydelege vert gjort minneverdige ved hjelp av eit sterkt manus og distinkte skodespelarprestasjonar.

Kjekt, men kynisk

Til liks med Borgli sin førre spelefilm, Syk pike, om ei merksamsjuk ung kvinne som påfører seg sjølv ein hudsjukdom for å få sympati, strøymer ein konstant kynisme gjennom Dream Scenario. Å forvente at noko som helst vil gå som planlagt, lærar ein fort å unngå.

Det er aldri eit tidspunkt der karakterar berre snakkar saman som vaksne folk og innrømmer at dei har teke feil, og ingen samtaler utan at eit par tær vert tråkka på.

Denne kynismen er eit toegga sverd.

På den eine sida er det nettopp her filmen hentar den svarte humoren sin frå, og det skapar ein gjeng minneverdige karakterar. Samtidig førte det til at eg, midt i filmen, fekk for meg at ja, det er slik det kjem til å fortsette.

Utan overraskingar blei filmen noko sløvare. Også for satiren er dette uheldig, då poenga ikkje held same vekt i eit univers som er styrt av ein generell motvilje mot alt og alle.

Når Dream Scenario når sin elles så fine slutt, sit eg igjen med ønsket om at det kunne vore enda litt ømmare, om berre Borgli hadde gitt slipp på kynismen eit augeblikk.

 

Latter i elendet

At eg trass i dette gir Dream Scenario eit såpass fint terningkast, seier noko om kor bra alt det andre er.

Det er ikkje ein film som tek seg tid til å forklare nøyaktig kva som skjer, og det er nok for det beste. Kjernen er ikkje fenomenet i seg sjølv, men korleis dei ulike karakterane handterer si nye verkelegheit, og kva følgjer som kjem med dette. Nokon gonger vert det vondt å sjå på, men sjølv då eg følte at filmen var for kynisk, slutta det aldri å vere morosamt.

Dei gongene satiren treff skikkeleg, er det passe fantastisk. Eit personleg høgdepunkt er planane eit startup-firma har om å gjere Matthews til ein slags merkevare. Dette forsøket, og vegen det endar opp med å ta, resulterer i nokon av dei filmscenane eg har skratta høgast av på ei god stund.

Også når ein ser bort frå manus og skodespel, er det mykje å setje pris på reint produksjonsmessig. Borgli sin faste fotograf Benjamin Loeb er tilbake, denne gongen med nydeleg 16mm-film. Det gir eit herleg korna bilete som verkeleg får fargane til å kome fram, sjølv i scener som ikkje er så fargerike.

Eg er ganske sikker, allereie no, på at dette er ein av dei beste komediane me kjem til å sjå i 2024. Om ein kan tolerere ein god del kynisme og kleinheit, er det vel verdt å ta sjansen.

Kanskje du til og med vil ha ein spennande draum etterpå?

Terningkast: 5


Meldarsatsinga vår er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.